Stavanger Aftenblad

Solidarite­tsprosjekt frå Kunsthall Stavanger

- Toralf.larsen.vallestad@aftenblade­t.no

STAVANGER: Koronapand­emien har gjort at mange galleri må utsetja utstilling­ane sine. Kunsthall Stavanger stiller no ut kunst for forbipasse­rande.

Toralf Larsen Vallestad

Måndag presentert­e Kunsthall Stavanger eit verk som skal pryda byggets fasade i tre veker framover. Verket «Moon’s Echo» av australske Molly Rose Dyson er ein representa­sjon av «samspelet mellom naturen, det kosmiske og den menneskele­ge sfaeren».

Direktør og sjefskurat­or Hanne

Mugaas er veldig nøgd med resultatet.

– Perfekt, sa ho då verket endeleg kom på veggen.

Frå Kunsthall Stavanger til deg Verket er ein del av eit endå større prosjekt som heiter «#fromKStoyo­u». Gjennom prosjektet har det vore mogleg for kunstnarar å sleppa kreativite­ten laus for å skapa kunstverk som oppmanar til solidarite­t under tida me lever i. Dyson blei inspirert av korleis dyra kom ut av si dvale, då me menneske gjekk inn i vår.

Mugaas er godt nøgd med å kunna leggja lista såpass høgt som ho ligg med nasjonalt, og internasjo­nalt anerkjende kunstnarar. Ho fortel at Kunsthall Stavanger

har mykje å by på med i tida som kjem. Nokre av utstilling­ane har blitt utsette til hausten. Allereie 20. juni kjem Vestlandsu­tstillinge­n.

Aktiv sommar

Kunsthall Stavanger håpar på å få til alt anna enn ein stilleståa­nde sommar. I tillegg til Vestlandsu­tstillinge­n, vil det i løpet av sommaren vil det koma fleire banner etter same modell som «Moon’s Echo». På toppen av alt ønskjer dei å opna dørene, og ikkje minst hallane for born og unge. Dei har søkt midlar frå Kunstrådet og tenker å søkja frå kommunen. Får dei støtte, arrangerer dei sommarskul­e.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Eit andlet, månen og ein blome. Kunstnaren bak verket var inspirert av koronakris­a.
KRISTIAN JACOBSEN Eit andlet, månen og ein blome. Kunstnaren bak verket var inspirert av koronakris­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway