Stavanger Aftenblad

Opna historisk rute i Viglesdale­n

- Tor Inge Jøssang tor.inge.jossang@aftenblade­t.no

HJELMELAND: Fylkesordf­ørar Marianne Chesak opna i går den aller første historiske vandreruta i Rogaland.

Chesak avduka i går eit informasjo­nsskilt på parkerings­plassen på Nes. Ruta går i Hjelmeland kommune, mellom Nes i Årdal og Nilsebu. Undervegs passerer ruta tre av Stavanger Turistfore­ning sine hytter: Viglesdale­n, Stakken og Nilsebu.

– Dette er ein flott tur gjennom noko av Ryfylke sitt aller flottaste fjellterre­ng. No får turen ein heilt ny dimensjon med ny og betre informasjo­n om alle dei interessan­te tinga ein ser på vegen, seier dagleg leiar Preben Falck i Stavanger Turistfore­ning. Vegen er del av eit nettverk av gamle ferdselsår­ene mellom Ryfylke og Setesdal. Dei første føtene som trakka opp stien for snart 9000 år sidan, tilhøyrde jegerar som jakta villrein.

Drama for Obstfelder

I 1899 omkom nesten diktaren Sigbjørn Obstfelder og kona Ingeborg i fjellet. På veg frå Setesdal til Ryfylke blei ekteparet overraska av eit uvêr dei ikkje var kledde for. I naerleiken av Nilsebu, blei ekteparet redda av nokre sauegjeter­e.

Nokre år etter bygde svenske rallarar veg frå Nes i Årdal til Viglesdale­n. Dei heldt på i åra 1907– 1912 for å gjere det lettare for lokale bønder å få husdyr til fjells. Heia blei brukt til sommarbeit­e for 11.000 sauer, 200 storfe og nokre hestar. På grunn av bratte fjell og farlege elvekryssi­ngar, var dette ikkje enkelt. Til dømes har sju personar, som ein veit om, drukna i Hiafossen. Då rallarane hadde halde på i nokre år, meinte styresmakt­ene at beitebruk lenger innover i heia hadde minka. Det blei derfor ikkje veg, bare enkel betring av stien vidare til Nilsebu.

Den gamle «motorvegen» Arkeologar har kartlagt fornminne langs ruta, og det er gjort interessan­te funn. Historia er gjort tilgjengel­eg for folk med informasjo­nsplakatar langs stien og på turisthytt­ene.

– I dag ligg Viglesdale­n som ein naturskjøn­n og avsides fjellidyll, men tidlegare har garden vore eit knutepunkt for handel og ferdsel over fjellet. I vikingtida og tidleg mellomalde­r produserte jernvinna i Setesdal store mengder jern som vart frakta langs handelsrut­ene over fjellet. Dette må ha gjort Viglesdale­n til ein rik og mektig gard. Spor etter fleire langhus og nausttufte­r vitnar om at folk har budd her i lang tid, seier arkeolog Jennica Svenson frå Rogaland fylkeskomm­une.

Etablering av vandreruta er eit samarbeid mellom Stavanger Turistfore­ning, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskomm­une og Riksantikv­aren, støtta av Miljødirek­toratet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway