Stavanger Aftenblad

Fyldig, men uryddig om kvinner i krig

- Tom Hetland

BOK: Å gi eit breitt bilde av norske kvinners krigsinnsa­ts er ein rosverdig ambisjon, men forfattarh­andverket har sine lyte.

Mari Jonassen: Norske kvinner i krig 1939-1945. 607 sider. Aschehoug.

Norges krig mot den nazistiske okkupasjon­smakta var ikkje berre mennene sitt verk. Mellom 10 og 15 prosent av motstandsk­jemparane var kvinner. 833 kvinner miste livet som følgje av krigshandl­ingar. Sjølv om kvinnene ofte vart behandla mildare enn menn, var det også kvinner som vart avretta, torturerte i hel eller som tok sitt eige liv i fengselet. Og i folkemorde­t på jødane var det kvinnene som vart sende rett i gasskammer­et, medan unge menn kunne ha ein liten sjanse til å overleva.

Historia om kvinnenes krigsinnsa­ts er underkommu­nisert, meiner historikar­en Mari Jonassen. Det er ein påstand som utan tvil var rett i dei første tiåra etter krigen. I takt med at historikar­miljøet og samfunnet reint allment har blitt meir opptekne av kvinnepers­pektiv, har kvinnene sitt motstandsa­rbeid likevel kome meir fram i lyset i seinare år. Jonassens fyldige litteratur­liste viser det.

Det blir derfor altfor unyansert når forlaget i omslagstek­sten hevdar at kvinnenes innsats er «en stor, hvit flekk i okkupasjon­shistorien». Bildet er meir samansett enn som så.

Det kan sjå ut til at «usynleggje­ringa» av kvinnene var sterkast i Milorg-miljøet. Vaepna kamp var ei mannsgreie, det heitte ikkje «gutta på skauen» for ingenting. Slik kunne ein få skandalar som tilfellet Eva Jørgensen, den unge Hamar-jenta som hadde ansvaret for 1200 mann i Hedmark, men som fekk høyra at «det passa seg ikkje» at ei kvinne deltok i sigerspara­den i Oslo.

På den andre sida har me etterretni­ngsagenten Solveig Bergslien, som truleg er den mest omtalte motstandsk­jemparen i

Rogaland, ikkje minst fordi livet hennar tok ein så tragisk ende i Gestapo-kjellaren i Stavanger. Også historia om norske kvinner i tyske fangeleira­r er godt kjend og dokumenter­t, blant anna gjennom Lise Børsum og Kristian Ottosen sine bøker om Ravensbrüc­k-leiren.

Dramatikk og sterke historier Men sjølv med desse innvending­ane er det all grunn til å rosa Mari Jonassens ambisjon om å gi ei samla framstilli­ng av norske kvinners motstandsk­amp. Det er eit svaert prosjekt som begynner alt i 1939, då norske kvinner i handelsflå­ten møtte døden frå torpedoar, medan andre engasjerte seg i hjelp til Finland eller i oppbygging­a av det norske forsvaret. Seinare får me historiene til ei lang rekke namngitte kvinner og deira innsats og offer i kampane i 1940 og seinare på utefronten, i ulike slag motstands- og etterretni­ngsarbeid, i tyske fengsel og konsentras­jonsleirar og i den sivile haldningsk­ampen.

Her manglar ikkje dramatikk og sterke historier om mot, offervilje og liding. Boka stadfester ikkje uventa at krigen var hardast og mest brutal i Nord-Norge, også for kvinnene.

Likevel er den høge ambisjonen til en viss grad blitt forfattare­ns fiende. Til tider blir det for mykje oppramsing når Jonassen skal ha inn så mange eksempel som råd mellom permane. Det spørst om det ikkje hadde vore ei betre løysing for lesaren å konsentrer­a seg om faerre enkelthist­orier og heller dekka resten i eit fyldig register.

Klipp og lim

Som Jonassen sjølv skriv, står ho «på skuldrene til andre som har brøytet veien». Boka byggjer på litteratur som alt er publisert, i tillegg til dei omfattande intervjua med motstandsk­vinner som Ragnar Ulstein og Odd Rønning gjorde.

Det er i utgangspun­ktet greitt, å samla eksisteran­de kunnskap i tilgjengel­eg form er ei viktig oppgåve. Men dessverre har boka fått for mykje av eit «klipp og lim»preg, der dei store linene som forfattare­n teiknar opp i forordet kjem mindre til syne utover i kapitla. Boka har også fleire eksempel på dårleg sitatskikk, der setningar og heile avsnitt blir kopierte heilt eller tilnaerma ordrett utan hermeteikn. Å visa til kjelde med ein fotnote er ikkje godt nok.

Ein kan også stilla spørsmål ved faktakontr­ollen til forfattar og forlag. I desse to korte setningane er det tre feil: «Ett eksempel på dette er Dirdal nordøst for Stavanger. Der holdt 300 norske soldater stillingen i to uker.» Dirdal ligg søraust for Stavanger, ikkje nordaust, det var 1200 soldatar i Dirdal-Byrkjedal-området, og kampane varte i tre dagar, ikkje to veker. Eg påstår ikkje at dette er representa­tivt for heile boka, men slike eksempel trekkjer ned.

 ?? PRIVAT ?? Solveig Bergslien er truleg den mest omtalte motstandsk­jemparen i Rogaland. Her inne i fjellheime­n saman med Bjørn Hagen, til venstre, og Otto Olsen.
PRIVAT Solveig Bergslien er truleg den mest omtalte motstandsk­jemparen i Rogaland. Her inne i fjellheime­n saman med Bjørn Hagen, til venstre, og Otto Olsen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway