Stavanger Aftenblad

Denne lastebåten er blitt Noregs største seglskip

- Ådne Lunde adne.lunde@bt.no

VIND: Fredag ligg SC «Connector» i Odda, for første gong til kai i Noreg med to digre master på dekk.

Det vel 20 år gamle skipet gjekk frå Polen tysdag. Der er det bygd om, og har fått to rotorsegl og ein kraftig batteripak­ke. Fredag ligg skipet og lastar ved Boliden i Odda, før det siglar via Haugesund og Stavanger til Immingham i Storbritan­nia.

Det er ikkje mindre enn Noregs største seglskip, reiarlaget Sea-Cargo no har sett i rute. Rotorsegla er heile 35 meter høge og har ein diameter på fem meter. Totalt er skipet 56 meter høgt. Det er åtte meter høgare enn «Statsraad Lehmkuhl», som har vore Noregs høgaste og største seglskip så langt.

Rutefart med segl

Det bergensbas­erte reiarlaget reknar med at SC «Connector», med god vind, vil kunna halda rutefart berre ved hjelp av segl.

– Hadde vi sett i gang denne ombygginga i dag, ville vi ha sett opp fire segl, seier direktør i reiarlaget, Ole Saevild.

Reiarlaga Seatrans og Nor Cargo gjekk i 2001 saman i Sea-Cargo. Verksemda har i 20 år frakta last mellom hamner langs vestkysten av Noreg, Storbritan­nia og Europa. I førre veka melde reiarlaget at dei utvidar flåten og rutenettet til Sverige og Polen. Dei tar samstundes det store steget inn i ein ny seglskipse­poke.

Magnus-effekten

Dei digre roterande segla nyttar den såkalla Magnus-effekten. Denne effekten er for så vidt gammalt nytt, og vart oppdaga av den tyske fysikaren Gustav Magnus alt i 1851.

Men Saevild fortel om eit hypermoder­ne skip, der tyskarens oppdaging er kombinert med stor datakraft. Batteripak­ken kan ladast av propellen når skipet seglar, og gjer SC «Connector» utsleppsfr­itt i hamn.

I fart vil datamaskin­ene alltid vil finna den optimale kombinasjo­nen mellom motorkraft og segl. Skipet kan gå langt opp mot vinden og ha nytte av segla, og om vinden kjem rett i mot, legg mastene seg automatisk ned.

Ny motor

– Skipet er også ombygd tidlegare, og har fått ein svaert effektiv motor, fortel Saevild.

Ifølgje direktøren er siglinga fullstendi­g automatise­rt, og stiller såleis ingen nye krav til mannskapet. Dei treng heller ikkje hugsa på å legga mastene ned når SC «Connector» går under bruer. Ved hjelp av såkalla geofencing skjer dette av seg sjølv når dei naermar seg ei bru.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway