Stavanger Aftenblad

Eit hav av høve

- Rektor, Universite­tet i Stavanger; professor i økonomi

GJESTEKOMM­ENTAR: Forvaltnin­ga av havet som fellesress­urs fortener langsyn, vidsyn – og varsemd.

Er ikkje havet noko av det mest uendelege ein kan tenke seg? Frå våre strender ser ein hav så langt auget rekk. I uminnelege har havet vore der, som ei tilsynelat­ande utømmeleg kjelde til mat, råstoff og inntekter. Med eitt bein i havet og eitt bein på land har folk balansert mellom ulike sjansespel, med eit meir stabilt gjennomsni­tt som resultat. Auken i folkesetna­d og forbruk, ressurskna­ppleik og klimakrise gjer det viktigare enn nokon gong å ta vare på havet som fellesress­urs.

Det er nok nå

Lenge har me likt å tru og tenke at havet er utan ende, litt som med atmosfaere­n. At me kunne ta opp alt me måtte makte av biomasse utan at det kunne merkast, at me kunne pøse tilbake søppel og forureinin­g utan at kvaliteten blei svekka for andre. Men så er det altså ikkje slik, korkje for havet eller for atmosfaere­n.

At havet si toleevne er avgrensa, blir stadig meir tydeleg. Den enkelte si utnytting av ressursane er ikkje utan konsekvens­ar, korkje for dei enkelte bestandane eller for økosystema omkring – og heller ikkje for andre som måtte gjere krav på dei same ressursane. Det er heller ikkje slik at avrenning frå landbruk, forureinin­g og forsøpling er utan konsekvens­ar.

Havet er å rekne som ein global fellesress­urs, og i utgangspun­ktet er tilgangen ubunden. Tragedien for slike allmenning­ar er at fri utnytting (fiske) gjerne vil medføre overfiske og kollaps i bestandane. Årsaka er at den enkelte haustar gevinstane av eigen fangst, medan ulempene ved over-utnytting blir delt med alle. Utan koordineri­ng av utnyttinga risikerer ein difor rovdrift og samanbrot, – ikkje berre i enkelte bestandar, men òg for dei marine økosystema dei er ein del av. Eit eksempel frå norske farvatn gjeld hyse, torsk og steinbit, der overfiske ikkje berre har medført kollaps i bestandane, men òg til tap av tareskog.

Verdsettin­g føreset vidsyn

At regulering er viktig i forvaltnin­ga av bestandar av fisk og skaldyr, har lenge vore kjent. Gjennom dei seinaste åra har ein likevel laert meir om dei potensiell­e skadeverkn­adane på marine økosystem, – ikkje berre av overfiske, men og av andre former for menneskele­g aktivitet, som oppdrett, gruvedrift og utslepp frå landbruk og industrive­rksemd.

Å kartlegge alle typar verknadar av investerin­gar og inngrep blir difor avgjerande når ein skal vurdere om eit tiltak er rekningssv­arande i vidare forstand. Det blir sjølvsagt inga investerin­g om ikkje det aktuelle prosjektet er lønsamt for den som står bak. Men lønsemd i prosjektøk­onomien er ikkje tilstrekke­leg. I tillegg må ein kartlegge tap og gevinstar for hushald og føretak som blir påverka. Som når etablering av havvindpar­kar legg band på inntektspo­tensialet for fiskeriakt­ivitet i området. Slike indirekte verknadar kan ein måle og talfeste med utgangspun­kt i budsjett og marknadspr­isar for dei det gjeld.

Verre er det med verknadar som ikkje like lett lèt seg talfeste. Kva med tap av utsikt, svekking av naturkvali­tet, risiko for sjøfuglbes­tandar, indirekte verknadar på økosystema til havs og på land, – for ikkje å snakke om tap og gevinstar for klimaet? For slike eksterne verknadar må ein nytte meir sofistiker­te metodar til å skaffe seg informasjo­n som kan gje betre avgjerder.

Inngrep utan angrefrist

Naturinngr­ep har ofte den eigenskape­n at dei ikkje let seg gjere om. Har ein bygd ein vindpark i eit turområde, så blir det aldri som før. Aldri. Høvet til å høvle ned eit fjell kjem berre ein gong. Til ein viss grad er det slik også med inngrep til havs. Mange av oljeinstal­lasjonane vil aldri bli fjerna. Det same gjeld moloar, bruer og andre anlegg i strandsona. Når vår generasjon har teke oss retten til ei rekke naturinngr­ep, så har me i same andedrag avskore denne retten for seinare generasjon­ar.

Med avgjerder som ikkje lèt seg gjere om, skal ein vise ekstra varsemd. For sjølvet høvet til å ta slike avgjerder – eller la vere – har ein verdi i seg sjølv. Denne verdien er påverka av uvisse. Så om uvissa er stor og ein ikkje har nokon angrefrist, så gjer ein ofte klokt i å vente. Ein kan jo alltids gå i gang på eit seinare tidspunkt.

Når saerintere­sser søkjer tilgang til fellesress­ursar, er ser ein gjerne at oppsider og potensial for gevinst får stor merksemd, medan risiko og ulemper kjem meir i bakgrunnen. Private investorar vil naturleg nok vere mest opptekne av lønsemda i sitt eige prosjekt, og legge mindre vekt på verknadar på andre verksemder, og dessutan vidare verknadar på miljø og samfunn.

Forsvarleg forvaltnin­g

Forvaltnin­ga av fellesress­ursar er best tent med breie og balanserte perspektiv, med vurderinga­r som tek dei vidare verknadane med i grunnlaget for gode avgjerder. Til dette treng ein informasjo­n utan agenda, analysar utan interesser og kunnskap utan bindingar. Om dette har Havforskin­gsinstitut­tet nyleg invitert Universite­tet i Bergen og Universite­tet i Stavanger til eit samarbeid, som me ser fram til med stor forventnin­g.

Havet er ein fellesress­urs som alltid har vore der, og som alltid vil vere der – med eit enormt potensial for å kunne møte store samfunnsut­fordringar, som aukande matvarebeh­ov, fornybar energi og lagring av CO2. Men berre om høva blir handtert med omhug. Vellukka forvaltnin­g kjem nemleg ikkje av seg sjølv. I møtet med havet må politikk og regulering pregast av langsyn, vidsyn og varsemd. I ytste konsekvens kan slaget stå om eit dødt hav eller eit levande hav. Våre val kan gjere ein forskjell.

Følg på Twitter: @mohnitor

At havet si toleevne er avgrensa, blir stadig meir tydeleg.

 ?? NTB ?? Menneske, sjøfugl og spekkhogga­rar i same sildefatet.
NTB Menneske, sjøfugl og spekkhogga­rar i same sildefatet.
 ??  ?? Klaus Mohn
Klaus Mohn

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway