Stavanger Aftenblad

Kalendergå­va

-

DRØSET: Den blanke kalenderen var som ei gåve. Ei kalendergå­ve for vaksne.

Tidleg januar var den aller finaste tida på året.

Kvart år fekk Direktøren for det heile ein tosidig kalender i papp. Kalenderen kom frå ei elektrikar­bedrift som ein gong hadde gjort noko arbeid for Direktøren heime. Som ein slags årleg takk for sist. Ei diskret påminning om at elektrikar­ane stod klare om det skulle leggjast opp fleire spottar eller om varmekabla­ne skulle ryka. Telefonnum­meret stod på kalenderen.

Det var ein gammaldags kalender. Det var i seg sjølv gammaldags med ein fysisk kalender, alt hadde jo blitt digitalt og handhalde nå, også organiseri­nga av året. Men mens folk laga forseggjor­de fotokalend­rar, var det absolutt ingenting fancy med denne. Kalenderen var laga i kjip papp. Bortsett frå den ufikse elektrikar­logoen, fanst ingen forsøk på design.

Her var berre rekker og kolonnar med felt i kvitt og svak grøn. Nettopp dette appellerte så sterkt til Direktøren: Kalenderen såg ut som eit rekneark. Som eit dokument i Excel.

Direktøren for det heile elska excel-dokument. Ingenting kunne ordna den komplekse og forvirrand­e verda som eit godt rekneark. Her kunne ei kvar problemsti­lling få plass i rekker og kolonnar. Her kunne ein alltid finna eit svar, ein sum, ein fasit. Rekneark romma ingen tvil, ingen gråsone eller «kanskje». Her var det orden.

Aldri var det så god orden som tidleg i januar. Årets excel-ark var tomme, blanke, klare for å bli fylde ut – akkurat som kalenderen frå elektrikar­en. Her fanst ingen avvik frå budsjett, berre fjorårets fasit og årets prognose. Her var ingen uventa merknader eller fotnotar, justeringa­r av prognosen. Frå Q1 til Q4 var berre eit stort, ope – men ordna – landskap. Og det var eit lyst landskap, fylt av optimisme, for inga bedrift planla å gå i minus. Sett frå januar ville dette bli eit godt år, eit år fullt av svarte tal.

31. desember på elektrikar­kalenderen lyste rett nok raudt i skjemaet. Direktøren for det heile prøvde også i år å overtyda seg sjølv om at det var fordi årets siste dag var ein festdag, ikkje fordi året gjekk i minus.

Direktøren for det heile elska exceldokum­ent.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway