Stavanger Aftenblad

Magnhild Harboe Kleppa er død

-

MINNEORD: Jordmor Magnhild Harboe Kleppa døydde 8.desember 2020, vel 80 år gammal. Mange vil minnast Magnhild med stor takksemd. Ho var jordmor i Hjelmeland i vaktsamarb­eid med Strand i til saman 32 år.

Magnhild Harboe Kleppa var frå Forsand. Etter sjukepleie­eksamen i Stavanger i 1963, utdanna ho seg til jordmor og arbeidde eit par år ved sjukehuset i Tromsø.

Ho kom til Hjelmeland på besøk til søstera, Ellen, som var helsesøste­r der. Ellen var gift med Svein S. Kleppa. Magnhild hadde tidlegare møtt Gunnar, bror til Svein. No vart Magnhild og Gunnar også eit par.

Med ein kombinasjo­n av stor fagkunnska­p, vilje til å lytta og fylgja opp den einskilde, og eit mildt og oppmuntran­de vesen, var Magnhild Harboe Kleppa i mange år sjølve tryggleike­n for mange fødande i Ryfylke.

Ho og mannen Gunnar busette seg på fjellgarde­n Gjessfjell. Magnhild hadde slett ikkje den enklaste vegen då ho skulle ut på oppdrag, ofte nattestid og i alle slags ver. Ho følgde med til sjukehuset og sytte for naerleik og tryggleik anten dei nådde fram i tide, eller fødselen gjekk føre seg i bil eller i båt over Hidlefjord­en. I 2004 vart ho utnemnt til Årets jordmor. Då fortalde ho om ein gong uveret var så sterkt at ho måtte be skipperen leggja båten bak Lindøy for å få ro til fødselen var over.

Magnhild engasjerte seg i Senterpart­iet og vart etter valet i 1991 den første kvinnelege varaordfør­aren i Hjelmeland. Det var likevel jordmor ho aller helst ville vera.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway