Stavanger Aftenblad

Anne Frøyland Grødem forstår kva matjorda er verd

- Tarald Oma Bryne

DATASENTER: Anne Frøyland Grødem veit kva som står på spel, og let seg ikkje kjøpa for pengar.

Anne Frøyland Grødem er ikkje til sals, sjølv om utbyggaran­e byr henne 150 millionar kroner for garden. Det står ho fram med i Dagsrevyen i beste sendetid. Ho vil verna jorda si, og ha som yrke å produsera mat. Ho veit at matjorda er sjølve livsgrunnl­aget for komande slekter, og at berre 3 prosent av arealet i Norge er dyrka eller dyrkbar mark. Me treng fleire som Anne i dette landet.

Verre er det med ordføraren i Time, Andreas Vollsund (H). Han vil bruka av dei 3 % som er matjord til andre føremål enn matproduks­jon, og øydeleggja matjorda for all framtid. Å styra utbygginga over på dei 97 prosent av arealet som ikkje kan dyrkast, vil han ikkje. Og heile gruppa til Time Høyre og til Time Frp følgjer han. Og det ser også ut til dei har Time Ap med.

Han som stod fram for utbyggjara­ne tenkte berre kortsiktig profitt, og det er det vanlege frå den kanten. Dei tek ikkje samfunnsan­svar for å verna matjorda, og sikra grunnlaget for matproduks­jon i framtida. Matjorda treng sterkare lov-vern for å stoppa denne vitlause nedbygging­a. Det trengst også ein lov som set forbod mot opsjonsavt­alar, som har som føremål å byggja ned matjorda.

Om vel eit halvt år er det stortingsv­al. Då går det mot regjerings­skifte, og me vil få ei rød-grøn regjering, med eit stort Senterpart­i. Nå er det så heldig at Sp i Rogaland sin førstekand­idat, Geir Pollestad, er frå Time, og sit i kommunesty­ret her. Det er grunn til å rekna med han vil syta for å få eit sterkare lov-vern for matjorda. Eg håpar også at han vil sjå på desse opsjonsavt­alane.

To av dei fremste industrile­iarane i Time, Ingebret Aarbakke og Ståle Kyllingsta­d, gjekk ut i Jaerbladet i haust og lova 10 millionar til planar for å byggja ned matjorda på Kverneland/Frøyland. Dei er som me andre avhengig av mat tre gonger per dag. Kor meiner dei me skal få den maten frå i tida framover? Elles vil eg rå dei to karane og fleire andre, å lesa og dra laerdom av det som timebuen Arne Garborg skreiv om pengar for mange år sidan: «Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kan ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klaeda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tørsta, frjosa i hel – um der ikkje var mat og drikka og klaede å få.»

 ??  ?? Anne Frøyland Grødem vil verna jorda si, og ha som yrke å produsera mat. Ho veit at matjorda er sjølve livsgrunnl­aget for komande slekter, og at berre 3 prosent av arealet i Norge er dyrka eller dyrkbar mark. Me treng fleire som Anne i dette landet.
Anne Frøyland Grødem vil verna jorda si, og ha som yrke å produsera mat. Ho veit at matjorda er sjølve livsgrunnl­aget for komande slekter, og at berre 3 prosent av arealet i Norge er dyrka eller dyrkbar mark. Me treng fleire som Anne i dette landet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway