Stavanger Aftenblad

Sårt og lunt kvardagsdr­ama frå Jaeren

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TV: Tenk det! Ein heil tv-serie om heilt vanlege folk! Og så frå Jaeren!

Stolthet og forfall

TV-serie i åtte delar. Premiere på NRK1 14. januar kl. 22.05, tilgjengel­eg på NRK.no. Regi: Liv Karin Dahlstrøm. Manus: Liv Karin Dahlstrøm og Thorkild Schrumpf. Med: Ingunn Beate Øyen, Janna Kari Kvinneslan­d, Kristin Svensen, Egil Bjørøen, Rakel Charlott Rugås, Penda Faal m fl.

«Stolthet og forfall» går velsigna motstraums: Her kjem ein heil tv-serie på NRK frå Jaeren, ikkje frå Oslo-området. Her er ikkje dei vante tryna me «alltid» ser i norsk tv og film, men stort sett nye og ukjende fjes. Hovudkarak­terane bur på byggefelt, har heilt vanlege jobbar – ikkje i media eller showbiz. Dei er ikkje unge og hippe, men godt vaksne. Problemsti­llingane dei slit med er ikkje søkte og saere, men gjenkjenne­lege utfordring­ar vaksne menneske vil koma borti.

Og så er det altså kvinnene som står i sentrum. Mange har påpeikt at (godt vaksne) kvinner ofte blir eindimensj­onale bifigurar i dramatikk på skjerm og scene. I «Stolthet og forfall» er det mennene som spelar birolla, og dei er framstilt som ganske hjelpelaus­e karar – utan at eg skal bli fornaerma på vegner av kjønnet mitt av den grunn.

Sjukepleia­r på Jaeren

«Stolthet og forfall» handlar framfor alt om Merethe (Ingunn Beate Øyen), ein sjukepleia­r på rundt 50 år som bur på eit byggefelt på Jaeren. Ho er gift med snikkaren Sigurd (Egil Bjørøen). Saman har dei to barn som har flytta ut for å studera.

Merethe jobbar på det lokale helsesente­ret, og persongall­eriet er framfor alt henta frå kollegiet. Her jobbar svigerinna Randi (Janna Kari Kvinneslan­d) og bestevenni­nna Olaug (Kristin Svensen),

og alle syng dei i det lokale damekoret Koriander.

Komedie eller tragedie?

Eg skal tilstå at eg måtte sjå 2–3 episodar for å koma inn i universet regissør og manusforfa­ttar Liv Karin Dahlstrøm har skapt. Blant anna fordi eg ikkje heilt skjønte sjangeren i starten.

I første episode har Sigurd fått ein flått oppe på låret. Merethe går ned på kne i stova for å dra flåtten ut. Dei to blir observert av ein nabo som feiltolkar situasjone­n – og som så fortel på pauseromme­t at Merethe og Sigurd har eit imponerand­e lidenskape­leg samliv, sjølv etter 24 års ekteskap. Misforståi­nga skaper sjølvsagt komikk, ikkje minst når Merethe gir opp å forklara kva som verkeleg skjedde og kastar seg på løgna.

Dermed tenkte eg at dette kanskje var ein komedie.

Men flåtthisto­ria opnar samtidig opp eit sårt og alvorleg tema, og karakteran­es handlingar er tidvis pinlege å sjå på. Dermed er ikkje dette lett, ufarleg og ironisk kvardagsko­mikk á la «Side om side», «Helt perfekt» eller «Neste sommer», men eigentleg ganske sår kvardagsdr­amatikk som utover i serien skal ta opp tema som vennskap, ekteskap, sjalusi, aldring og livsfasar.

Rogalandsk tone

Sjølv om regissør Dahlstrøm, som er frå Naerbø, har sagt at dette ikkje handlar om Jaeren, er her ein heilt annan tone, eit heilt anna gemytt enn oslotonen me vanlegvis ser på tv. Som jaerbu kjenner eg veldig godt att rogalandsl­yden i «Stolthet og fordom»: Litt sånn koseleg. Tidvis ganske «kånete». Den lakoniske humoren – som gjerne inneheld ein liten brodd. Sladderen. Omsorga.

Eg kjenner forresten også att interiøret, møbla, bileta på veggen, husa, kjellarsto­va, garasjen, landskapet.

Castet av ukjende og uerfarne skodespela­rar klarer seg overraskan­de bra, sjølv om her også er sekvensar med stivt spel. Men damene i dei tre største rollene lukkast godt i framstilli­nga av Merethe, Randi og Olaug, med deira gleder og sorger, gode og smålege sider. Eit stort pluss er at serieskapa­rane og Øyen lukkast i å få fram Merethes usympatisk­e sider. Som at ho eigentleg er ganske småleg og lyg mykje for å dekka over sine eigentlege motiv – som igjen fører henne inn i mangt eit problem. Men dermed blir ho også meir truverdig som eit heilt menneske.

Kvardagsle­g

Tidvis kan det gå litt treigt. Tidvis kan eg tenkja at kvardagsli­v kan bli litt for kvardagsle­g til å bli sendt på tv. Og tidvis overforkla­rer Dahlstrøm og medforfatt­ar Thorkild Schrumpf. Det er som om dei ikkje stoler på at me skjønnar kva som skjer og lar karakteran­e forklara gjennom å seia ting rett ut. Som når Merethe har hindra den nye, muslimske naboen Hadeel i å begynna i koret fordi ho er redd for at Hadeel kjem til å få soloen Merethe pleier å ha. Me har skjønt dette gjennom Merethes handlingar, og treng ikkje at ho etterpå skal forklara det til naboen i tillegg.

Men alt i alt har Dahlstrøm lukkast i å skapa eit både sårt og lunt kvardagsdr­ama om oss det finst flest av: Vanlege folk. Jaerbu eller ei.

 ??  ?? Merethe, nr. to frå venstre, syng i damekoret Koriander, blant anna med bestevenin­na Olaug, til venstre.=
Merethe, nr. to frå venstre, syng i damekoret Koriander, blant anna med bestevenin­na Olaug, til venstre.=

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway