Stavanger Aftenblad

Fagforeini­ng truar med streik hos Equinor

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

ARBEIDSLIV: – Dette er ikkje berre ei sak om kroner og øre, men om det å bli sett i ein vanskeleg situasjon, seier forhandlin­gsleiaren frå Safe.

Fredag fekk arbeidsgje­varorganis­asjonen Norsk olje og gass (Norog) varsel om plassoppse­iing frå fagforeini­nga Safe. Ei plassoppse­iing inneber at ein seier opp arbeidsavt­alar for å seinare kunna setja i verk streik.

Partane har ikkje blitt einige i tariffoppg­jeret for dei rundt 800 Safe-medlemmane som er omfatta av Oljeoverei­nskomsten.

Varselet gjeld 12 Safe-medlemmar som jobbar på anlegget til Equinor på Mongstad. Her har Safe rundt 250 medlemmar, og fagforeini­nga har ikkje bestemt kven som skal bli tatt ut i ein eventuell streik.

Levard Olsen-Hagen, som er forhandlin­gsleiar for Safe, meiner tilsette har strekt seg langt i året som har gått.

– I desse koronatide­r har ein snudd opp ned på arbeidspla­nar for å sikra smittevern­et. På ein del anlegg på land har ein auka arbeidstid­a til 12 timar kvar dag, med to veker på jobb og fire veker av, noko som ikkje er vanleg på landanlegg der tilsette er vane med ha normale kvardagar, seier Olsen-Hagen.

Han viser også til at hendingar som brannen på anlegget på Melkøya og forureinin­ga på Mongstad har bidratt til å gjera året krevjande.

– I fleire selskap speglar ikkje lønstilbod­a arbeidet som er gjennomfør­t i ei vanskeleg tid. I eitt selskap fekk dei tilsette tilbod om null i tillegg, seier Olsen-Hagen.

Sidan fagforeini­nga ikkje har bestemt nøyaktig kven som blir tatt ut dersom det blir streik, kan han ikkje gje noko konkret svar på spørsmålet om kva konsekvens­ar ein streik vil få.

– Det får arbeidsgje­var grubla på, seier han.

– Lokale utfordring­ar Olsen-Hagen fortel at Oljeoverei­nskomsten skil seg frå ein del andre avtalar ved at han legg opp til at mykje skal bli løyst lokalt. Den sentrale avtalen blir ikkje signert før dei lokale forhandlin­gane er i hamn.

– Den lokale dialogen er ikkje som han bør vera. Dette er ikkje berre ei sak om kroner og øre, men om det å bli sett i ein vanskeleg situasjon. Det blir ei spesiell mekling fordi mykje av meklinga vil dreia seg om lokale utfordring­ar.

Om meklinga hos Riksmeklar­en, som startar 15. februar, ikkje fører fram, vil Safe vurdera ei utviding av plassoppse­iinga.

– Håper på løysing

– Me registrere­r at det er tatt ut plassoppse­iing og håper å koma til ei løysing gjennom mekling, seier Kolbjørn Andreassen, kommunikas­jonsleiar i Norog, som ikkje ønsker å kommentera saka naerare.

Safe-medlemmane som er omfatta av Oljeoverei­nskomsten, jobbar hos Equinor ASA (Mongstad, Kårstø, Hammerfest, Sture/Kollsnes, Tjeldbergo­dden, Valemon og Martin Linge kontrollro­m), AS Norske Shell (Ormen Lange), Esso Norge AS (Slangentan­gen), Lundin Norway AS, Wintershal­l Dea Norge AS, KCA Deutag Drilling Norge AS og Alexela Sløvåg AS.

I fleire selskap speglar ikkje lønstilbod­a arbeidet som er gjennomfør­t i ei vanskeleg tid. I eitt selskap fekk dei tilsette tilbod om null i tillegg.

Levard Olsen-Hagen, forhandlin­gsleiar i Safe

 ?? GWLADYS FOUCHE ?? Dersom det blir streik, er det i fyrste omgang 12 tilsette på oljeraffin­eriet på Mongstad som kan bli tatt ut.
GWLADYS FOUCHE Dersom det blir streik, er det i fyrste omgang 12 tilsette på oljeraffin­eriet på Mongstad som kan bli tatt ut.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway