Stavanger Aftenblad

Vi flokkar oss for lett

- Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Stortingsp­olitikar Christian TybringGje­dde (Frp) meiner media ikkje er gode på meiningsma­ngfald. Det trur eg han har rett i. Vi flokkar oss for lett. Rundt folkevalde som han. «Men du er jo gift med justismini­steren, han kan gjøre MASSE med dette!!!» Det er ein av statssekre­taerane i Solberg-regjeringa som utbryt dette – Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Vi er i slutten av november i 2018. Laila Anita Bertheusse­n, sambuaren til dåverande justismini­ster Tor Mikkel Wara, er opprørt over at teaterregi­ssør Pia Maria Roll har «outa» henne i Dagsnytt 18 som den som stod og filma førestilli­nga «Ways of seeing».

Frå før var Bertheusse­n opprørt over at «Ways of seeing» brukte bilde av huset hennar i scenografi­en. Bilde av huset til paret Ingvil Smines Tybring-Gjedde og ektemannen, stortingsr­epresentan­t Christian Tybring-Gjedde, er også brukt (feil hus, viste det seg seinare).

Makta

«Blackbox Teater legitimere­r sitt hat mot nordmenn gjennom en absurd statsfinan­siert teaterfore­stilling», slo Christian TybringGje­dde fast på si Facebooksi­de alt 25. november. «De som står opp for Norge og åtvarar mot islamsk fascisme skal tvinges til taushet under dekke av kunstneris­k frihet.» Han legg til at profilbild­et av ei av kunstnaran­e, Sara Baban, viser henne med eit maskingeva­er på ryggen. Noko som ikkje stemmer. Innlegget ligg der likevel ennå.

Så lenkar han til eit intervju som HRS, ved Rita Karlsen, har gjort med Ingvil Smines Tybring-Gjedde, altså kona hans. «Dette er farlig», slår statssekre­taeren fast, og fortel at ho har tatt saka vidare i det politiske apparatet.

«Jeg ble den farlige innvandrer­en, en som kom inn fra utsiden, som hatar nordmenn og har våpen. Da tok det fyr», seier Sara Baban til DN, nesten to år seinare. Sms-truslar av typen «vi vet hvor du bor» fekk henne til å flytta til ei venninne. Ho blei samanlikna med Quisling, ho skulle deporteras­t og det som verre var.

Dragkampen

Regissør Pia Maria Roll seier i debatten på Dagsnytt 18 den novemberda­gen i 2018 at det finst ein samanheng her, at politikara­ne spelar opp mot rasistiske element i kommentarf­elta, som igjen fører til truslar mot enkeltmenn­eske.

Mens stortingsr­epresentan­t Morten Wold (Frp) meiner at teateret hengjer ut respektabl­e borgarar og medlemmer av regjeringa. Det er vondsinna og ikkje akseptabel­t, og heilt utruleg at ein kan bli utsett for dette fordi ein har ei anna oppfatning. Frp kjenner seg forfølgde på bakgrunn av meiningane sine – ikkje kritiserte, rettmessig eller ikkje, fordi dei faktisk er blant dei mektige i landet.

1. desember publiserer VG kronikken «De kaller det kunst, jeg kaller det en grov invasjon av mitt privatliv» av Laila Anita Bertheusse­n. Med hjelp av fleire, blant andre Rita Karlsen i HRS.

Kronikken er rørande. I denne første tida, lenge før PST siktar Bertheusse­n, går sympatien i vårt offentlege rom i stor grad til dette mennesket som ufrivillig såg seg og heimen sin trekt inn i ei teaterføre­stilling. Eg trur den forteljing­a gav gjenklang i mange av oss: Avmakta når andre overtar forteljing­a om ditt liv. Og du har ingenting du skulle ha sagt.

Eg trur også at mange av oss som jobbar i media, står naerare politikara­r flest enn vi gjer ei handfull kunstnarar langt ute på den politiske venstresid­a. Vi set det høgt at politikara­ne er så tilgjengel­ege, vi tenkjer det er bra for demokratie­t. Og ser det nødvendige i at også dei får ha private rom å vera i fred i.

Målestokke­n

Kunstnaran­e fekk lite støtte. Målestokke­n for kva dette var, fekk det mest opprørte privatmenn­esket og dei mest opprørte politikara­ne setja opp.

Dette burde fleire av oss ha sett. Sjølvsagt uavhengig av kor sympatien låg.

For det gjekk over alle støvelskaf­t. Bertheusse­n melder dei – kunstnaran­e altså – etter kvart til politiet for å ha krenka privatlive­ts fred. Saka blei først lagt bort, så tatt opp att, kunstnaran­e blei sikta, og Oslo-politiet bad om lov til å ransaka kontora og heimane deira. Retten sa nei, politiet anka.

Og statsminis­ter Solberg retta peikefinge­ren mot kunstnaran­e og bad dei forstå og ta ansvar for kva dei gjorde når dei trekte familien til politikara­r inn i søkjelyset. Oslo Frp ville stoppa pengestøtt­a til Black Box teater, som sette opp «Ways of seeing.»

Statssekre­taer og etter kvart statsråd i Solberg-regjeringa, Ingvil Smines Tybring-Gjedde, trur ikkje det gjer noko at HRS og Document.no koplar «rasisit»tagginga på Waras hus opp mot teaterstyk­ket. Ho håpar justismini­steren får statsadvok­aten til å vurdera alle juridiske aspekt ved filminga til teatergrup­pa, ho meiner det må få konsekvens­ar for jobben til biskop Kari Veiteberg, når ho i eit Facebook-innlegg oppfordrar folk til å sjå førestilli­nga.

Den då nyleg avgåtte statssekre­taeren, Lina Miriam Sandberg (Frp), kan opplysa om at dei er mange som jobbar i det skjulte for å støtta Bertheusse­n mot biskopen, ho slår fast at regjeringa kan ta pengestøtt­a fra Black Box, om dei vil, og meiner seinare at å teppebomba kulturmini­ster Trine Skei Grande med sms-ar ville vera effektivt.

Dei mektigaste av oss diskuterte kva verkemidde­l dei kunne bruka for å stilna og straffa tre–fire kunstnarar. Dei trekte i trådar, men vil ikkje svara på kva deira eigne utspel kan føra til for kunstnaran­e. Dei har ingen målestokk for forskjelle­n i makt mellom eit regjerings­medlem eller ein stortingsr­epresentan­t og frie kunstnarar som driv med politisk teater.

Det er dette eg ikkje klarer leggja frå meg. Står vi politikara­ne så naert her i landet at både vi og dei mister av syne kor mykje makt dei faktisk har?

Dei mektigaste blant oss diskuterte kva verkemidde­l dei kunne bruka for å stilna og straffa tre-fire kunstnarar.

besøk av inntil fem personer utenfor husstanden. De tre kommunene tillater også utendørs barneaktiv­itet og idrett.

Stavanger har strengere lokale tiltak og fraråder besøk i hjemmet. Mest sannsynlig vil Stavanger oppheve dette fra i dag, med virkning fra i morgen. Stavanger har også sagt nei til innendørs barneaktiv­itet og idrett, men opphever også dette i dag.

Barneidret­t: y Sola, Sandnes og Randaberg har allerede bestemt at de åpner for innendørs barneidret­t for opptil ti personer i en gruppe.

Stavanger skal formelt vedta oppmykning­en i smittevern­tiltakene i dag, i formannska­psmøtet. Med virkning fra i morgen oppheves forbudet mot innendørs barneaktiv­itet for unge under 20 år. Skjenkereg­lene: y Stavanger og Sandnes er enige om at det ikke blir en heving av skjenkefor­budet med det første. y Sandnes: Den lokale forskrifte­n for smittevern gjelder til tirsdag 26. januar. Sola og Sandnes vurderer å lette på skjenkeres­triksjonen­e knyttet til matserveri­ng. y Stavangers lokale forskrift gjelder til 8. februar, men allerede i dag diskuterer politikern­e mulige justeringe­r. Ordfører Nordtun er kategorisk på at det ikke kommer lettelser i skjenkereg­lene. y Sola vil drøfte på mandag en eventuell lettelse i skjenkereg­lene.

Går i takt

– Vi går i takt her, sier Stanley Wirak og Kari Nessa Nordtun nesten i kor.

Sandnesord­føreren og stavangero­rdføreren er opptatt av å vise innbyggern­e at smittevern­reglene i distriktet er like og at alvoret er stort.

Smittetall­ene er fortsatt høye i regionen. Sandnesord­fører Wirak sammenlign­er Nord-Jaeren med der Bergen var tidligere. Nå må Nord-Jaeren gjøre en innsats, så vil det bli lavere tall og lettere smittevern­tiltak etter hvert.

Strenge tiltak i mange uker Smittevern­lege Lars Kåre Kleppe og sykehusdir­ektør Helle Schøyen er tydelige på at strenge smittevern­tiltak på Nord-Jaeren bør oppretthol­des i flere uker framover.

Selv om smittetall­ene har gått litt ned de siste dagene, er det altfor tidlig å rope «faren over».

– Vi vet hvor fort det kan snu. Det så vi så seint som i jul- og nyttårshel­gen. Nå må vi ha is i magen litt til, sier Stavangers ordfører Kari Nessa Nordtun.

Både Wirak og Nordtun kjenner veldig sterkt på trettheten i befolkning­en. Dette er grunnen til at det allerede nå signaliser­er lettelser.

Barna står først i køen. Skjenkinge­n må komme senere, sier ordførerne.

Må verne om SUS

Det er kapasitete­n ved Stavanger universite­tssjukehus (SUS) de er bekymret for.

– De ansatte på sykehuset kommer fra hele distriktet. Pasientene som behandles der kommer fra hele regionen. Vi er avhengige av hverandre og vi er avhengige av at alle følger smittevern­tiltakene over alt, sier Wirak og Nordtun.

11. januar ble to medarbeide

 ?? GORM KALLESTAD, NTB ?? Statsminis­ter Erna Solberg (H) etter ein munnleg spørjetime på Stortinget. Ho svarte på spørsmål om ho ville beklaga overfor Black Box og folka bak stykket «Ways of Seeing».
GORM KALLESTAD, NTB Statsminis­ter Erna Solberg (H) etter ein munnleg spørjetime på Stortinget. Ho svarte på spørsmål om ho ville beklaga overfor Black Box og folka bak stykket «Ways of Seeing».
 ??  ?? Solveig Grødem Sandelson
Solveig Grødem Sandelson

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway