Stavanger skal vere ein livssynsopen kommune
POLITIKK: Som politikarar er vi ombodsmenn for alle innbyggjarane i Stavanger. Det ansvaret må vege tungt når vi diskutere tilskotsordningar for barn og ungdommar i kommunen vår.
KrF vil at Stavanger skal vere ein livssynsopen kommune der det er naturleg å både snakke om og leve ut si tru og sitt livssyn. Her må både politikarar og innbyggarane ta sitt ansvar.
Aftenbladet har i den siste tida hatt ulike oppslag om kommunal støtte til kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. For oss i Stavanger KrF sin kommunestyregruppe føyer dette seg inn i ein trend vi har vore merksam på over tid: Ei mistenkeleggjering av det som skjer innanfor veggane på nokre av tilboda til barn- og unge som blir drevet av organisasjonar eller kyrkjer i vår kommune. Dette meine vi er svaert uheldig. Klart vi skal ha innsyn og oversikt på opplegg og planar, det er naturleg, men å mistenkeleggjera enkelte organisasjonar strir i mot vår forståing av tildelingsmidlane si målsetting. Politikarar skal styrke, ikkje styre det frivillige arbeidet.
Det er ei glede for oss at KrF i regjering bidrog til ei ny lov om trussamfunn som vart vedteke ved nyttår. Denne lova føreset ei openheit om indre forhold. Det er viktig for medlemmane, men også for legitimiteten til tilskotsordningane innan tru- og livssynsfeltet, og tilliten til at midlane blir brukt på ein god måte.
Halde oss for gode
I debatten om tildeling av midlar har vi oppfatta at enkelte har prøvd å setje trusfridom opp mot andre menneskerettar. KrF meine at vi som politikarar bør halde oss for gode til dette. Det skaper unødvendig avstand mellom storsamfunnet og religiøse organisasjonar og gjev eit inntrykk av at nokon si tru ikkje er velkomen hos oss. Vi treng gjensidig respekt.
Den internasjonale kristne Lausannerørsla slo fast at «vi må skjelne mellom det å kjempe for rettighetene til mennesker med en annen tro, og det å godta sannheten i det de tror på. Vi kan forsvare andres frihet til å tro og praktisere sin religion uten å akseptere deres religion som sann.»
Politikarar argumenterer mot å bruke skattebetalarane sine pengar på å støtte religiøst arbeid, men også dei religiøse betaler skatt. Skattebetalarane er like mangfaldig som kommunen er, og vi veit at mange gledeleg ville brukt skattepengane sine på nettopp slike tiltak for barn og unge. Som politikarar er vi ombodsmenn for alle innbyggjarane i Stavanger kommune. Det ansvaret må vege tungt når vi diskutere tilskotsordningar for barn og ungdommar i vår kommune.
Gjere tru meir synleg
Gjennom å anerkjenne disse organisasjonane, kan vi også påverke haldningar og gjere tru meir synleg i kvardagen. Det livssynsopne samfunnet utfordrar den beståande haldninga om at trua er ei privat sak eller ei meining.
Å snakke om tru i det offentlege rom kan for mange vere utfordrande. Ein kan oppleve at det er vanskeleg å starte ein samtale om tru og trua sin plass i våre liv. Kvar skal ein gå om ein har spørsmål om tru? Vi som trur, må dele ansvaret for dette. Kanskje er vi redde for å bli trakka på eller utrygge på å formidle trua på ein god måte.
To konfirmantar uttrykte nyleg at det var så spennande og kjekt med konfirmantundervisninga i kyrkja, fordi der kunne ein snakke om sider ved liv og tru som det ikkje var like lett å snakke om elles.
Få arenaer
Etter ein litt uhøgtidleg samtale over ei kopp kaffi med ein nabo, blei det naturleg å snakke med henne om tru. Ho konkluderte med at det var så få arenaer der det er naturleg å stille opne spørsmål, undre seg saman og snakke om tru. Ho skulle ønske at det var meir naturleg.
Korleis kan vi gjere desse samtalene meir tilgjengelege for oss alle? Både innbyggarane og politikarar har moglegheit og ansvar til å gjere Stavanger til ei livssynsopen kommune.