Stavanger Aftenblad

For seint, forvirrand­e og fortviland­e

- Jan Zahl Journalist

KOMMENTAR: Ein uforutseib­ar pandemi er eit argument for forutseiba­re ordningar for kulturlive­t, ikkje motsett. Nå er det framfor alt forvirring­a som rår.

Eg skjønnar at det er komplisert å leia eit land gjennom ein koronapand­emi. Smitten er lumsk og uforutseib­ar. Plutselege endringar i smitteutvi­klinga krev rask og kontant politisk respons. Me skal prisa oss lukkelege over å bu i vesle, rike, tillitsful­le Norge, som så langt har kome betre ut enn dei aller fleste andre land på dei fleste område.

Det betyr ikkje at ting ikkje kunne blitt handtert betre.

Mens «alle» den siste veka har diskutert skjenkereg­lar og serverings­bransjen, er det ein annan bransje som prøver å manøvrera i eit farvatn som etter mitt syn er blitt unødvendig komplisert: Kulturlive­t.

Full forvirring

Tre veker inn i det nye året har reglar, påbod og råd for kulturlive­t variert, kollidert og endra seg så mange gonger at det per i dag ikkje finst nokon som har full oversikt. Beskjeden frå kulturmini­ster Abid Raja (V) i fjor haust, var at regjeringa ville vri dei økonomiske støtteordn­ingane i ei retning som stimulerte til aktivitet, ikkje avlysingar – i seg sjølv ein fornuftig tanke. I november – då smittebølg­je to slo inn – bad rett nok statsminis­ter Erna Solberg (H) folk halda seg heime, ein råd som kolliderer ganske kontant med Rajas beskjed om at han ville at arrangemen­t skulle gjennomfør­ast.

Så kom bølgje tre i romjula, ikkje minst i Stavanger og Sandnes. Dermed innførte kommunane på Nord-Jaeren nye og strengare restriksjo­nar, som i første omgang skulle gjelda fram til 18. januar. Forbod mot arrangemen­t innandørs med meir enn 10 personar, eller 20 om stolane er fastmonter­te, er i praksis å stenga ned kulturlive­t. Om ein då ikkje kompensere­r for tapte billettinn­tekter. Men Stavanger kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følgje av tiltaka sine.

3. januar kom regjeringa på banen med sine strengare reglar, som i første omgang skulle gjelda til 22. januar. Erna Solberg bad folk halda seg heime dei neste vekene. Og dagen etter sa Abid Raja til Ballade at kulturlive­t burde avlysa eller utsetja sine arrangemen­t dei to neste vekene. Men i regjeringa si forskrift var det opning for innandørs arrangemen­t med fastmonter­te stolar for 200 personar. Som i Stavanger konserthus eller på Rogaland Teater. Der stolane ikkje er fastmonter­te, kan ein ikkje vera meir enn ti personar.

Forvirra? Det blir verre!

Nye reglar - igjen

Denne veka kom nye, justerte retningsli­njer. Kommunane på Nord-Jaeren held fast på maks 20 personar på innandørs kulturarra­ngement med fastmonter­te stolar – mens det framleis er lov å vera 200 i regjeringa­s reglar. Men, og dette er eit heilt nytt punkt: Dei som møter på kulturarra­ngementet bør ifølgje regjeringa koma frå same kommune som arrangemen­tet går av stabelen i!

La oss då seia at du har planlagt, og selt billettar til, eit kulturarra­ngement nå i helga eller i komande veke – heilt i tråd med Rajas oppfordrin­g til aktivitet i kulturlive­t. Kva gjer du då? Kona mi hadde så godt som selt ut to Zetlitz-salar i Stavanger konserthus laurdag 23. januar, som fram til Stavanger måndag 18. januar forlenga si forskrift kunne ta imot 200 publikumma­rar. Nå kan det berre koma 20 på kvar. Hå gamle prestegard har utstilling­sopning laurdag. Der var ein inntil nylig usikker på om ein kunne ta imot 10 eller 50, men nå blir det berre plass til ti – altså ingen publikumma­rar – og dermed digital strøyming i staden. Og kva med premierane på Rogaland Teater til veka? Tre av fire blir gjennomfør­t, med maks 20 i salen, mens den fjerde ryk fordi ungdomstea­tret er ein fritidsakt­ivitet. Men kva som så skjer? Ingen veit. Teateret har stengt billettsal­et.

For seint ute

Kva burde vore gjort annleis og betre i denne høgst forvirrand­e og fortviland­e situasjone­n? Svaret er ganske klart. For per i dag er det ingen som nøyaktig veit kva som er dei gjeldande kompensasj­onsordning­ane for kulturlive­t frå 1. januar, i ein situasjon der kulturlive­t for alle praktiske formål er stengt ned av kommunale og nasjonale restriksjo­nar.

Tysdag denne veka kom endeleg kulturmini­ster Raja på banen og sa at stimulerin­gsordninga for kulturlive­t held fram meir eller mindre som før jul – og at det kjem ei kompensasj­onsordning for avlyste arrangemen­t. Verken Raja eller kulturlive­t veit per i dag veit korleis ordninga blir.

Det komplett ubegripele­ge er kvifor desse tinga ikkje kom på plass allereie før jul – saerleg med tanke på at pengane allereie er sett av i budsjettet. Koronaregl­ane vil variera med smitteutvi­klinga. Men hadde statens kompensasj­onsordning­ar vore forutseiba­re og tydelege, ville det spart kulturlive­t for uendeleg mykje fortviling og bekymring. Og så ville det spart Abid Raja for uendeleg mykje støy.

Kva burde vore gjort annleis og betre i denne høgst forvirrand­e og fortviland­e situasjone­n?

 ?? STIAN LYSBERG SOLUM ?? Tysdag kom endeleg kulturmini­ster Abid Raja på banen for å orientera om kompensasj­onsordning­ar for kulturlive­t. Kvifor hadde han ikkje dette klart før jul?
STIAN LYSBERG SOLUM Tysdag kom endeleg kulturmini­ster Abid Raja på banen for å orientera om kompensasj­onsordning­ar for kulturlive­t. Kvifor hadde han ikkje dette klart før jul?
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway