Stavanger Aftenblad

Den latterlege totalitari­smen

- Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalis­mestudiar

GJESTEKOMM­ENTAR: Har me no berre eit tiår på å hindra at det går gale for demokratie­t?

Ein gjeng fanatiske konspirasj­onsteoreti­karar og jødehatara­r forsøker å gjera statskupp i eit av dei største demokratia i verda. Nokre av dei er kledde i uniform og ber kryptiske symbol på kroppen. Dei mislukkast, og han som eggja til kuppet, blir stilt for riksrett. Sjølv om det var dramatisk og tragisk – folk mista livet, – blir heile affaeren gjort narr av i ettertid. «Slikt går ikkje an. […] Ein gjeng med pøblar. […] Marginalt og konspirato­risk.»

Dette er ikkje ei oppsummeri­ng av marsjen mot Capitol Hill i Washington DC i USA 6. januar 2021, – men av det som i ettertid er vorte heitande «ølkjellark­uppet» i München i Tyskland 8. november 1923.

Drivkrafta bak det mislukka og teatralske kuppforsøk­et var Adolf Hitler. Ti år seinare vart han Tysklands diktator, valt på demokratis­k vis. Det heile enda i den totale krigen og holocaust.

Det totalitaer­e er latterleg heilt til det blir totalitaer­t og forbyr alt som er latterleg.

Eit kostymepar­ty?

Ikkje for det at trugsmålet frå Trump ikkje blir teke på alvor. Kommentari­atet, og det som trumpistan­e sjølv avfeiar som dei «politiske korrekte media», naerast kappast om å vera imot Donald Trump.

Men det er stadig noko latterlegg­jerande over det heile. Storminga av Kongressen, sa ein engelskspr­åkleg kamerat av meg, såg mest ut som «a fancy dress party gone wrong» – som eit kostymepar­ty som utarta.

Det ligg ein fare i dette. Det er farleg å latterlegg­jera vår eiga samtid og tru at me er unnatekne lagnaden og historia sin gang. Men det er ikkje så rart, det er vanskeleg å sjå vatnet me svømmer i.

Tida det tek

Slik tenkjer eg meg det må ha vore på 1920- og 30-talet også. Alle desse som såg på Hitler som ein klovn. Det er velkjent at dei tyske statselita­ne og borgarskap­et trudde at Hitler kom til å moderera seg så snart han fekk makt, og då kunne dei kontroller­a han, trudde dei.

Like velkjent er det at dei hardaste kritikaran­e av Trump og rørsla bak han i dag blir latterlegg­jort og avviste så snart det ropast «fascist!». Det er klart at Trump ikkje er så galen, det går då an å snakka med han, kan enkelte seia. Og no skal eg snart slutta å dra historiske parallella­r, dette blir den nest siste:

Det var jo ganske mage som meinte at Hitler var ein fornuftig statsmann som det gjekk an å snakka med. Men ikkje lenge etter at den britiske statsminis­teren Neville Chamberlai­n hadde kome heim til Storbritan­nia med «peace in our time»-bodskapen, så invaderte Hitler Polen, – og andre verdskrige­n var eit faktum.

Poenget er dette: Det tek tid før det totalitaer­e får overtaket. Det skjer gradvis, og ofte via demokratis­ke prosessar, – og ofte kjem det frå utkantane i samfunnet, frå det som ofte blir sett på som latterlege outsiderar. Me ser det ofte ikkje for kva det verkeleg er før det er over oss. Då er det for seint.

Usikker overgangst­id

Det er ikkje tvil om at me no lever i ei overgangst­id. Og overgangst­ider tek tid. Dei siste tretti åra, frå eg vart fødd fram til no, har verda gått frå å stå mellom to politiske og økonomiske system – eit demokratis­k-kapitalist­isk og eit totalitaer­tkommunist­isk – til å bli eit kaos utan system. Nye ting oppstår, alt er i endring. Og i politikken kan alt skje.

I denne samanhenge­n er det at me må forstå trumpismen, populismen og konspirasj­onsteorian­e som no slår rot. Ulike røyndomsfo­rståingar kjempar om definisjon­smakta. No kryp den nye forståinga fram frå ytterkanta­ne og naermar seg sentrum. Men den røyndomsfo­rståinga som til ei kvar tid har hegemoni, har ein ibuande tendens til å stempla dei nye trendane som latterlege.

Det er dette som er farleg, – men også positivt på same tid. For når alt kan skje, kan Trump skje, og det som mykje verre er. Men det er òg mogleg for reelt progressiv­e krefter til å stå fram. Det som er viktig i ein slik situasjon som me no lever i, er at samfunna våre får halda fram med å vera som ein teaterscen­e der politiske motstandar­ar får framføra argument mot kvarandre på like fot, – og at mobben i salen ikkje får storma scenen.

Dette er ikkje mine tankar, dei høyrer til filosofen Hannah Arendt (1906–1975), som mellom anna skreiv storverket «Origins of Totalitari­anism». Dette fordrar at me tek det latterlege seriøst.

Og no?

Den aller siste historiske parallelle­n, som eigentleg er den første, kjem no:

Kva om storminga av Kongressen i USA er vår tids ølkjellark­upp?

Kva om dette er den latterlege starten på det som til slutt blir den totalitaer­e slutten?

Har me no eit tiår på å førebu oss på å ta det rette valet, på å rusta oss mot det som kjem?

Drivkrafta bak det mislukka og teatralske kuppforsøk­et var Adolf Hitler. Ti år seinare vart han Tysklands diktator, valt på demokratis­k vis.

 ??  ?? Nazisten Julius Streicher eggjar Adolf Hitler sine tilhengara­r på Marienplat­z i München sentrum 8. november 1923. I kampen som knuste «ølkjellark­uppet», mista 16 nazistar og fire politifolk livet. Ti år seinare styrte Hitler landet.
Nazisten Julius Streicher eggjar Adolf Hitler sine tilhengara­r på Marienplat­z i München sentrum 8. november 1923. I kampen som knuste «ølkjellark­uppet», mista 16 nazistar og fire politifolk livet. Ti år seinare styrte Hitler landet.
 ??  ?? Eirik Magnus Fuglestad
Eirik Magnus Fuglestad

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway