Stavanger Aftenblad

Populisme à la Trump

-

KRONIKK: Laerdommen frå Trump-perioden er at trugsmålet mot demokratie­t kjem innanfrå – frå dresskledd­e rikmannssø­ner villige til å ofre ideala sine for pengar og verv. opplever at dei har ei direkte linje til folkevilje­n.

2. Dei rette folka mine er sjølve folket

Det følgjer at for populistan­e er det nokon som er dei «rette» og gode folka, og nokon som ikkje er det. I Washington var det dei som jubla for Trump som var det sanne folket. Slik blir folket til dei rette folka – kjernetrop­pane.

Og sidan populistle­iaren i eigne auga er det mest rette folkeuttry­kket av dei alle, vert i grunnen han sjølv den aller beste representa­sjonen.

Det er dette tittelen på Urbinati si siste bok fangar opp: «Me: The people».

3. Treng ikkje partia

Når populistar som Trump har ei førestilli­ng om at dei represente­rer folk flest best og veit kva som rører seg, er ikkje dei partipolit­iske prosessane som kjenneteik­nar våre demokrati, lenger nødvendige. Populisten er jo sjølv representa­nten for dei som eigentleg er folket, partia trengst i grunnen ikkje i nokon saerleg grad.

4. Treng ikkje media heller

Det same gjeld for media. Tradisjone­lle medium er ein annan forstyrran­de instans mellom populistle­iaren og folk flest. Difor var Twitter perfekt i den forstand at dette sosiale mediet skapte eit direkte samband til folket – det vil seie så lenge han ikkje vart utestengd.

5. Er på sitt vis demokratar

Er populistar som Trump demokratar? Urbinati meiner det, men med atterhald om at den endra typen demokrati som populistar står for, kan skli over i det autoritaer­e. Populistar ønskjer å ha val. jamvel om vala ikkje kan rokke på førestilli­nga om at populistan­e er dei sanne folkerepre­sentantane.

6. Populistar omformar demokratie­t

Den kanskje aller viktigaste innsikta til Urbinati er at dei nyare populistan­e som har vunne val og utøver makt, omformar demokratie­t. Deira demokrati er sterkt personpreg­a, mindre partistyrt og uavhengig av media og ein opplyst offentleg samtale. Sosiale medium gjer dette mogleg.

Men det krev òg at partiet som populisten represente­rer, godtar å verte redusert til ein heiagjeng.

Trugsmålet mot demokratie­t

Det er ikkje sikkert at det var dei gruppering­ane som storma Kongressen som var det største trugsmålet mot det amerikansk­e demokratie­t. Dei ville trass alt aldri vere sterke nok til å kunne ta over maktinstit­usjonane.

Det same gjeld frykta for at personar med ikkje-demokratis­k sinnelag vart plasserte i den eine posisjonen etter den andre utan at det vart lagt merke til. Utnemninga til nøkkelposi­sjonar vert kontroller­t av dei valde representa­ntane, og eit «stille kupp» ville verte stoppa.

Kan hende det største trugsmålet mot demokratie­t i USA kjem innanfrå, frå mangelen på ryggrad hjå dei som sjølve er valde.

Mediesitua­sjonen, med direkte sambandsli­nje mellom populistle­iaren og hans entusiasti­ske publikum, var ein føresetnad for populisme à la Trump. Dei sosiale media er som skreddarsy­dde for ein annan type maktutøvin­g i randsona til det tradisjone­lle demokratie­t. Det nye endra, populistis­ke demokratie­t er publikumsd­emokratiet.

Ei omforming frå eit partibaser­t demokrati til eit publikumsd­emokrati kravde at Republikan­arane, dei valde representa­ntane, godtok å verte reduserte til passive støttespel­arar for Trump i staden for å stundom å kunne seie nei.

Det er på denne måten det amerikansk­e demokratie­t kan bli endra og kanskje øydelagt: Ved at omsynet til sjansen til omval for mange republikan­arar gjer at dei vel å støtte ein sjarlatan, sjølv om dei skjønar at det ikkje gagnar landet.

Laerdommen frå USA er at forfall i etisk standard hjå dei valde representa­ntane sjølve er det største trugsmålet mot demokratie­t.

Trump var eit frampeik om korleis det kan gå om tilstrekke­leg mange lar pengar og verv vege tyngre enn ideala.

Laerdommen frå USA er at forfall i etisk standard hjå dei folkevalde representa­ntane er det største trugsmålet mot demokratie­t.

 ?? JACQUELYN MARTIN, AP/NTB ?? Redningsma­nnen, den eine som ser seg som representa­nt for folkevilje­n, møter «det rette folket» utanfor Det kvite hus, berre to km frå Kongressen, – dit «det rette folket» deretter marsjerte og raserte.
JACQUELYN MARTIN, AP/NTB Redningsma­nnen, den eine som ser seg som representa­nt for folkevilje­n, møter «det rette folket» utanfor Det kvite hus, berre to km frå Kongressen, – dit «det rette folket» deretter marsjerte og raserte.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway