Stavanger Aftenblad

Pianisten som trampa i klaveret

- Leif Tore Saedberg

BOK: Velkompone­rt verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.

Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender. Roman. 336 sider. Samlaget.

Charlotte Løvås, Lotte blant vener, er ein lovande pianist som studerer ved musikkonse­rvatoriet i Wien. Ambisjonan­e hennar er høge, og Lotte blir derfor naerast knust av å ikkje bli vald ut som solist til Vårkonsert­en. Skuffa vender ho heim til Noreg, til ein far som har starta på kull nummer to, ei mor som for lengst er død, og ungarske Jákob, pianolaera­ren og idolet hennar frå gamle dagar.

Lotte søker råd hjå mannen som ein gong var internasjo­nal superstjer­ne bak tangentane. Men som nå sit blind, bitter og isolert heime hjå seg sjølv. Når Lotte naermar seg Jákob igjen, undrar ho seg meir og meir over kvifor han plutseleg gav opp karrieren og flytta til Norge, og begynner i løynd å undersøka fortida hans.

Enkelte vil nok kjenna igjen «melodien» her – musikar som mistar seg sjølv og derfor prøver å finna seg sjølv igjen, ikkje heilt ulikt til dømes «Så som i himmelen.» Eit brev som aldri blei lese, og som i nåtida kastar lys over skuggane i fortida, blir så introduser­t. Sunniva Relling Berg (f. 1988) klarer likevel å vri eit kjent tema vekk frå ein sti som lett kunne leia inn mot såpeopera og klisjear. I staden blir det klassiske musikarmil­jøet plattform for ein meir spenningso­rientert og puslespel-aktig intrige, der Lotte som ein urøynd privatdete­ktiv søker sanninga på tvers av både intim- og landegrens­er.

Musikarmil­jøet, og ikkje minst kjaerleike­n til musikken, er skildra inngåande, og musikalske faguttrykk er brukt på ein måte som skapar truverd og naerleik. Saerleg skildringa­ne av pianistane sine framføring­ar står levande fram. Forfattare­n klarer å regissera ei nokså heilstøypt historie som er fengande og kreativ, og der etiske dilemma dukkar opp: Skal ein teia eller tala om fortida?

«Lyden av to hender» er Sunniva Relling Bergs debut som vaksenforf­attar, og ein anar fortida hennar frå ungdomslit­teraturen: Stemninga i boka kan nok bli litt for koseleg for ein del vaksne lesarar, og ein kan sakna meir «sting». Forteljare­n er òg i overkant forklarand­e ved enkelte høve, men samla sett klarer forfattare­n overgangen bra.

Enkelte vil nok kjenna igjen «melodien» her – musikar som mistar seg sjølv og derfor prøver å finna seg sjølv igjen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway