Stavanger Aftenblad

Gir seg som konsernsje­f i Fatland

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@schibsted.com

JAEREN: Terje Wester vil konsentrer­a seg om Fatland Jaeren. Der investere dei for å kunna konkurrera med italiensk spekemat.

Terje Wester har vore konsernsje­f i kjøtbedrif­ta Fatland sidan 2008. Denne stillinga har han kombinert med å vera dagleg leiar på Fatland Jaeren på Hommersåk. No vil han seia frå seg stillinga som konsernsje­f.

– Det er vel litt utypisk på Jaeren å berre ha éin jobb, men eg tenkte å prøva det ei stund no, sjølv om det har gått fint å kombinera, seier han.

Då han starta som konsernsje­f, var den samla omsettinga 1,99 milliardar kroner. I 2020 var dei oppe i 5,8 milliardar. Han vel leiarjobbe­n på Jaeren framfor konsernlei­arstolen fordi han alltid har vore veldig glad i å vera tett på folk og det som skjer på anlegget.

– Me har over 1200 bønder knytt til anlegget på Hommersåk, seier han.

Fatland Jaeren er i ferd med å utvida anlegget for å satsa på spekemat med lite salt.

– Det blir det importert mykje av, men me trur me kan produsera slik spekemat like godt med norsk råstoff. Me bruker italiensk kompetanse og teknologi for å få det til.

Målet er å ha alt på plass til april.

– Det me gjer no, er ei investerin­g på cirka 20 millionar kroner. Men me har også gjort ting tidlegare for å få dette til, så til saman er det ei investerin­g på over 40 millionar kroner.

Wester fortalde i november at Fatland har selt meir kjøt etter at koronaen kom til Norge.

– Også i starten på 2021 har me ein betydeleg salsvekst samanlikna med same månad i fjor. Dette held seg nok til mars når me møter tala frå hamstringa i 2020. Når grensa til Sverige opnar, førebur me oss på at det vil koma ein nedgang, seier Wester.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway