Stavanger Aftenblad

Hva med en 3000-meter på skøyter i kveld?

-

Orda er frå statsminis­ter Jens Stoltenber­gs tale kvelden 22. juli 2011.

Terrorangr­epet var eit angrep på oss alle, det var eit angrep på demokratie­t. Statsminis­teren tok rolla han skulle og måtte – som statsmann. Frå Statsminis­terens kontor blei dette tonen i alle talane den første tida etterpå.

Men det var også eit politisk og ideologisk angrep retta mot Ap og AUF. 69 av partiets eigne, unge medlemmer var drepne, mange var skadde, hundrevis opplevde traumet som utspant seg.

Kor skulle ein ta det ideologisk­e oppgjeret? Kunne ein det, etter rosetoga, etter at Stoltenber­g samla landet?

I boka «Arbeiderpa­rtiet og 22. juli» går historikar Hallvard Notaker inn i den spenninga. Mellom partiet i Folkets Hus, og statsmakta i regjering. Ei spenning Ap var vant til å handtera. Byggja samhald og finna

skriv Notaker i ein kronikk i VG. Raymond Johansen, som då var partisekre­taer, begynte i forsiktige ordelag på eit slikt oppgjer utpå hausten. Det enda i skuldingar frå Per Sandberg i Frp om at Ap prøvde å slå politisk mynt på 22. juli, og gjorde seg til offer. Så køyrde oppgjeret seg fast i partipolit­ikk. Notaker skuldar ingen for det.

Sju år seinare var dåverande justismini­ster Sylvi Listhaug minutt frå å utløysa full regjerings­krise med facebookpo­sten «Ap mener terroriste­nes rettighete­r er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del». Påstanden var grov og uriktig, og sette Ap i same tospann med terrorista­r som Behring Breiviks forskrudde ideologi gjorde.

Det tok dagar før statsminis­ter Erna Solberg forstod kor djupt dette gjekk. Sjølv kalte Listhaug Stortinget ein barnehage, før ho gjekk av.

Krisa, sinnet og sjokket Listhaug-meldinga utløyste, gjorde det intenst tydeleg både kor sterkt traume vi sit igjen med etter 22. juli, og kor uvitande vi samtidig er om nettopp det.

Vi samla oss alle i rosetoga. Så kven skal vi retta oppgjeret mot?

Sjølv kalte Listhaug Stortinget ein barnehage, før ho gjekk av.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Sandnes kommune har stått på for å legge til rette for vinterakti­viteter. På Stokkaland­svatnet på Ganddal er det brøytet en 3000 meter lang skøytebane.
FREDRIK REFVEM Sandnes kommune har stått på for å legge til rette for vinterakti­viteter. På Stokkaland­svatnet på Ganddal er det brøytet en 3000 meter lang skøytebane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway