Stavanger Aftenblad

Høgres barnesyn?

- Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Stortingsr­epresentan­t Margret Hagerup (H) lurer på kva slags barnehagep­olitikk Høgre skal gå for. Kanskje rett og slett litt mindre?

Eg er sannsynleg­vis altfor naiv, men det sluttar aldri å overraska meg kor detaljert og skjematisk eit parti som Høgre heile tida vil styra norske barn. Eg meiner, dei er jo eit parti som vil verna om enkeltmenn­eskets fridom – kanskje til og med eigenart, på ein god dag – og som difor vil halda staten på ei armlengdes avstand, sånn at dette enkeltmenn­esket får pusta. Får lov til å skilja seg ut. Får tid og rom til å tenkja. Får driva på litt i fred, rett og slett. Så lenge det ikkje utartar til å gå utover andre menneskes rett og rom til det same. Det er fine ting, det. Og det meiner eg oppriktig og ikkje det minste ironisk.

Og så – på plass!

Men når Høgre skal snakka om barnehageo­g skulepolit­ikk, er dei veldig, veldig redde for at ikkje alle desse små menneska kjapt nok skal passa inn i den forma som passar systemet best. Så redde at vernet om både fridom og eigenart fort kan ryka på vegen.

«De første årene for barna er avgjørende for å tileigne seg språk og tallforstå­else og vi vet at en god barnehage gjør overgangen til skole enklere», skriv Høgre under overskrift­a «Dette er problemet». «Lykkes vi med tidlig innsats øker barnas muligheter for en god fremtid senere. Allerede når barna er 2,5 år gamle er det forskjell på mestring av språk, matematikk, motorikk og sosial kompetanse.»

Det er jo det. Altså forskjell på toåringar. Det er store forskjella­r til og med, og det er heilt normalt. Men heime hos Høgre og dei ser dette ut til å vera eit faresignal. Barnehagan­e må passa veldig, veldig godt på og gjera kva dei kan for å minska spriket mellom toåringane, for eksempel i språk. Får du ikkje hjelp og oppfølging før du er tre, kan visst løpet vera køyrt. Kven det er køyrt for, er eg litt usikker på. Men eg trur mest det er for systemet. Altså skulen.

Iveren

Stortinget har før sett foten ned for regjeringa­s iver etter å kartleggja barn. I 2016 ville dei, med Høgre i spissen, kartleggja alle barns språkferdi­gheiter, anten det skulle vera nødvendig eller ikkje, før dei slapp ut av barnehagen og over i skulen. Nå er dei i gang igjen. Denne gongen vil dei lovfesta at alle barnehagar skal vurdera alle barnas norskferdi­gheiter.

Åtte av ti barnehagar har alt rutinar for dette. Og i rammeplane­n for barnehagen – altså den planen alle barnehagar må forholda seg til – står det at barnehagen fortløpand­e skal vurdera «allsidig utvikling.» Det kan vera at det også dekkjer språk? Og gir større rom og fridom for desse små enkeltmenn­eska til å utvikla seg i eige liv og samanheng og eige tempo? Og at det gir fagfolka i barnehagen større fagleg fridom og tillit? At denne romslege formulerin­ga er meir i tråd med Høgres syn på mennesket?

Samanhenge­n

Sjølvsagt er det viktig at alle barn får laera seg norsk. Det må vera skremmande og utrygt ikkje å forstå. Ikkje å bli forstått. Det gir ei kjensle av å stå aleine, sjølv om det ikkje er det ein vil. Ein kan ikkje velja. For dei største barna i barnehagan­e går inn i roller når dei leiker. Dei snakkar saman. Det går ikkje å beherska den forma for leik skikkeleg utan felles språk. Barn utviklar seg i leik, leik er heilt grunnleggj­ande for dei. Aleine, og saman med andre.

Viss det er noko norske barnehagel­aerarar kan mykje om, så er det korleis du forsiktig hjelper barn inn i leik, utan å styra leiken for mykje. Ein god barnehagel­aerar veit når ho skal gripa inn, og når ho skal trekkja seg ut. Når leiken bør få gå fritt, når den må styrast litt. Barn laerer og utviklar seg i ein samanheng. Når dei står i forhold til andre barn og andre menneske. Når dei er i ein trygg situasjon. Dei laerer seg språk slik også.

Dei som jobbar i barnehage, er redde denne samanhenge­n forsvinn viss dei skal vurdera alle barn sine norskferdi­gheiter spesielt, og rapportera vidare til kommunen. For då må det vel koma eit slags sett med verktøy, eller sjekkpunkt? «Det vil ta tid å vurdere hvert enkelt barn, deretter vurdere og gjennomfør­e kartleggin­g av barn som er identifise­rt med behov for oppfølging, for så å vurdere og gjennomfør­e nødvendige oppfølging­stiltak», skriv regjeringa sjølv i forslaget.

Respekt og tillit?

På sitt beste er norske barnehagar gode på å la barn vera barn, leik vera viktig og utvikling noko som tar tid og står i ein samanheng. Ein skulle tru det gjekk som hand i hanske med Høgres ideologi, slik dei sjølv har sett ord på den:

«Høyre vil bygge samfunnet på tillit til enkeltmenn­esket. Hver enkelt skal ha størst mulig frihet til og ansvar for å forme sitt eget liv og sin egen fremtid basert på respekt for andre og for fellesskap­et. Samfunnet består av mennesker med ulik kulturell bakgrunn. Høyre mener at mangfold og forskjelli­ghet er en kilde til utveksling av ideer, fornyelse og kreativite­t. Valgfrihet er en naturlig del av å kunne bestemme over eget liv.»

Sjølvsagt kan ikkje små barn ha same ansvaret for eige liv og same valfridom som vaksne. Men styringsiv­eren til Høgre kan stykka eit barn opp i småbitar, få naturlege forskjella­r i utvikling mellom barn til å bli feil og manglar, gjera leik om til opphakka laering, for å kunna knyta det til fag ein kan kjenna att som viktige i skulen, og dermed så tidleg som råd få dei små til å passa inn i eit system.

Desse små kunne vel fått respekt for eigenart og forskjella­r i utviklings­tempo, i det minste? Eller skal ein ikkje tolka Høgres ideologi på den måten?

Høgre kan stykka eit barn opp i småbitar og få naturlege forskjella­r i utvikling til å bli feil og manglar.

 ?? VIDAR RUUD, NTB ?? Statsminis­ter Erna Solberg på besøk i Fridheim barnehage i april i fjor.
VIDAR RUUD, NTB Statsminis­ter Erna Solberg på besøk i Fridheim barnehage i april i fjor.
 ??  ?? Solveig Grødem Sandelson
Solveig Grødem Sandelson

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway