Stavanger Aftenblad

Skøyteture­n

-

DRØSET: Islagde vatn. Skøyter. Heile familien. Hadde ikkje det vore kjekt?

– Javel, ungar. Nå ligg det is overalt. Skal me ikkje ta oss ein tur på skøyter?

Dei var overalt. Dei perfekte familiane. Sosiale medium rann over av bilete av Dei perfekte familiane på tur. Dei hadde vore i skiløypene i vekevis, smilande, alltid i sol, postkortak­tige vinterland­skap.

Nå hadde Dei perfekte familiane funne fram skøytene og dei islagde vatna. NRK laga intervju med glade barn og foreldre på isen. Avisa laga førsteside­oppslag om at nå måtte folk koma seg ut på skøyter. Det var brøyta lange banar på store vatn.

– De meiner om me skal dra i Sørmarka arena?

Det var 14-åringen som førte ordet, men det var heilt tydeleg at ho og niåringen var samkøyrde.

– Nei. Me drar jo ikkje i ein ishall når det er is ute.

– Å. Er det trygt?

– Det er jo det som er poenget: For éi gongs skuld er det trygt å gå på skøyter ute. Sjansen er nå!

Sanninga var at han var godt under middels glad i å gå på skøyter. Det var glatt. Det var vondt. Det var kaldt. Dessutan var han kolossalt lat.

Samtidig var han utstyrt med protestant­ens konstant dårlege samvit. Det var dette som redda han frå å bli liggjande på sofaen og sjå tv 24 timar i døgnet. Det var dårleg samvit som fekk han til å jobba. Som fekk han til å prøva å herma Dei perfekte familiane frå tid til anna. Som fekk han til å foreslå at nå skulle heile familien på tur. Eller på skøyter. At dei skulle gjera noko saman. Som ein familie. Gjera sånne ting som barn liker.

14-åringen drog på det. Koronaen hadde ført til at ungdommar hadde foruroliga­nde få avtalar. Det var noko av det Bent Høie bekymra seg mest for.

– Eg trur eg har ein avtale. Så eg trur faktisk ikkje eg kan vera med, sa ho.

Niåringen flakka med blikket. Han hadde strengt tatt ikkje begynt med avtalar enno, men det var lett å sjå at det kokte i hovudet.

– Eg skulle møta dei andre i dag, sa han, prøvande.

– Me skal ikkje tvinga nokon til noko, sa mora.

Dermed stod han her, vaklande, som Bambi på isen. Skøytene klemde allereie hardt mot leggen. Rundt dei var alle Dei perfekte familiane. Han var redd for å falla.

– Det er jo litt koseleg når det er berre oss to også, sa kona.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway