Stavanger Aftenblad

IVAR fekk 50 millionar kroner i støtte. Slit med å oppfylla krava

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@schibsted.com

HÅ: Biogassanl­egget skulle produsera 57 gigawattim­ar og bli drive med fornybar energi. Tre år etter opninga er IVAR langt unna måla.

I 2011 fekk IVAR IKS innvilga 50,8 millionar kroner i støtte av statlege Enova då dei skulle bygga biogassanl­egg på Grødaland i Hå.

Anlegget hadde offisiell opning i 2017 og produserer i dag biogass av matavfall og slam frå reinseanle­gg.

For at IVAR skulle få pengane, stilte Enova følgjande krav: y Anlegget skulle gje 57,8 gigawattim­ar med fornybar energi innan 2022. No ligg produksjon­en på 18–20 gigawattim­ar per år, og målet er vesentleg nedjustert. y Anlegget skulle bli drive med fornybar energi innan 2022. Ei løysing for dette er framleis ikkje valt.

For lite råstoff

Ingrid Nordbø, administre­rande direktør i IVAR, forklarer at mangel på råstoff er årsaka til at dei ligg så langt unna målet om 57,8 gigawattim­ar. I ein sluttrappo­rt frå 2018 sette dei seg eit revidert mål om å nå dette nivået innan 2035. Innan 2022 skulle dei då klara 36,7 gigawattim­ar, eit delmål dei ikkje ser ut til å nå.

– Me jobbar med det, og me er i ein konstrukti­v dialog med Enova, seier Nordbø.

Då anlegget blei bygd, var planen at det også skulle kunna ta imot husdyrgjød­sel. Dette er det foreløpig ikkje blitt noko av, men IVAR håper å kunna ta imot dei fyrste lassa i løpet av 2021.

IVAR trur at dei kan venta seg ein produksjon på 40–50 gigawattim­ar dersom dei begynner å ta imot husdyrgjød­sel og også får inn meir av andre råstoff.

Brennande flis på is

IVAR planla eit forbrennin­gsanlegg på to megawatt for å oppfylla kravet om å driva biogassanl­egget med fornybar energi.

Men planane la på seg. I sakspapira til eit styremøte i 2018 kan ein lesa at IVAR jobbar med eit forbrennin­gsanlegg på ti megawatt. Dette skulle kunna forsyna biogassanl­egget med damp og Kviamarka industriom­råde med fjernvarme. Råstoffet skulle vera returtrefl­is.

Skulle dei realisera dette, ville det bli behov for eit nytt bygg. I økonomipla­nen var det sett av 100 millionar kroner.

No fortel Nordbø at forbrennin­gsprosjekt­et på ti megawatt er lagt på is.

– Betalingsv­iljen for grøn energi i området er ikkje høg nok til at dette går opp.

I tillegg bidrog ein fallande pris for å ta imot rivingstre­virke og manglande støtte frå Enova til konklusjon­en. Nordbø fortel at meir trevirke no går til materialgj­envinning i staden for til brensel, ei utvikling som har gått fortare enn bransjen hadde venta.

– Dette utelukkar på ingen måte at me seinare kan ta opp igjen samarbeide­t med Lyse for å laga ein større energisent­ral. Situasjone­n kan endra seg om det for eksempel kjem ny energikrev­jande aktivitet til Grødaland eller Kviamarka.

Brukte 10 millionar kroner IVAR har brukt 10,5 millionar kroner på forbrennin­gsanlegget som det foreløpig ikkje blir noko av.

– Kvifor begynte de å jobba med eit større anlegg enn det som låg i planen?

– Store aktørar ønsker grøn energi. IVAR mottar rivingstre­virke som kunne ha blitt brukt i anlegget. Slik kunne me ha oppnådd ein sirkulaer prosess. Enova gav i ein tidleg fase positive signal til ei slik heilskaple­g løysing, seier Nordbø.

Ifølgje Nordbø er dei opphavlege planane om to megawatt framleis levande.

– Me undersøker fleire alternativ til fossilfri energi. Fristen var opphavleg i 2022, men då var føresetnad­en at biogassanl­egget skulle vera ferdig i 2014.

IVAR er i dialog med Enova om kva år den fornybare energikjel­da må vera på plass.

– Hadde det gått raskare om de hadde halde dykk til planen på to megawatt?

– Ja, generelt er det jo slik at om ein finn den beste løysinga med ein gong, går ting fortare. Men her såg ein ei moglegheit for at ein kan løysa fleire behov for miljøvenle­ge energi i området.

Enova: – Ingen kommentar

– Vil det få noko å seia for den utbetalte støtta dersom IVAR ikkje klarer å koma opp i 57 gigawattim­ar?

– Me kommentere­r ikkje eventuelle forhandlin­gar me er inne i, svarer Eiliv Flakne, kommunikas­jonssjef i Enova.

Han ønsker heller ikkje å svara på om det kjem til å få nokon konsekvens­ar dersom kravet om fornybar energi ikkje blir oppfylt innan fristen.

– Dei har jo bygd biogassanl­egget dei sa dei skulle, men er forseinka i å få opp anlegg som skal tilføra fornybar varme.

– Det er ei stund sidan 2011 då støtta blei innvilga. Er det vanleg at aktørar som får støtte av dykk, tar så lang tid på å oppfylla krava?

– På reint generelt grunnlag opplever me av og til at det tar lenger tid å oppfylla krav enn fyrst venta. I dette tilfellet har me kjennskap til at det har vore jobba med fleire løysingar, svarer Flakne.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? På Grødaland i Hå kommune er biogassanl­egget og reinseanle­gget til IVAR nabo med Norsk Protein.
PÅL CHRISTENSE­N På Grødaland i Hå kommune er biogassanl­egget og reinseanle­gget til IVAR nabo med Norsk Protein.
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Ingrid Nordbø overtok sjefsjobbe­n i IVAR IKS 1. juni 2020. Her er ho på biogassanl­egget på Grødaland.
PÅL CHRISTENSE­N Ingrid Nordbø overtok sjefsjobbe­n i IVAR IKS 1. juni 2020. Her er ho på biogassanl­egget på Grødaland.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway