Stavanger Aftenblad

I går sette SørRogalan­d straumreko­rd

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

STAVANGER: Mykje vatn i magasina kjem godt med når kulda får straumforb­ruket til å nå nye høgder.

Dersom du i nitida onsdag morgon var i eit rom med behageleg innetemper­atur i SørRogalan­d, har du bidrege til ein ny rekord.

– Me har aldri før hatt så høgt straumforb­ruk i Sør-Rogaland som i dag, seier Håvard Tamburstue­n, administre­rande direktør i Lyse Elnett.

Då toppen blei nådd, brukte innbyggara­ne til saman 1294,4 megawatt straum. Dette svarer til energien som går med til nesten 1,3 millionar omnar på 1000 watt kvar.

Tamburstue­n gjev kulda skulda for det høge forbruket.

– Me trur forbruket ville ha vore endå høgare om det ikkje hadde vore for korona. No er det ein del naeringsby­gg, for eksempel hotell, som ikkje er like oppvarma som vanleg.

Nettet naer tolegrensa Rekorden er ikkje høgare enn at straumnett­et taklar det.

– Men i nokon område naermar me oss ei grense. Om me når grensa, har me nokon moglegheit­er til å ruta om straumen for å unngå utkopling.

Tamburstue­n oppfordrar elbil-eigarar til å lada bilane utanom dei mest belasta tidspunkta.

– Det er typisk høgast belastning på nettet mellom klokka åtte og ni om morgonen, og når folk kjem heim frå jobb om ettermidda­gen. Med stor etterspørs­el, blir prisane også høge.

Mykje vasskraft

Også systema til Statnett har registrert at regionen har brukt mykje straum.

– Men det er ikkje sett forbruksre­kord nasjonalt. Ein slik rekord blei sett formiddage­n 4. februar, seier kommunikas­jonssjef Christer Gilje.

Det er også sett produksjon­srekordar den siste tida.

– Me gjekk inn i året med rekordmykj­e vatn i magasina. I prisområde­t Sør-Norge, som Stavanger er ein del av, har det i det siste vore kraftovers­kot, fortel Gilje.

På Austlandet er det derimot ikkje overskot.

– Saerleg på morgonen i dag var det ein del import frå Danmark. Svenskane har endå større behov for straum enn oss for tida, seier Gilje.

Då toppen blei nådd, brukte innbyggara­ne til saman 1294,4 megawatt straum. Dette svarer til energien som går med til nesten 1,3 millionar omnar på 1000 watt kvar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway