Stavanger Aftenblad

Fransk for vaksne

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Catherine Deneuve og Juliette Binoche i komplisert mor-dotter-forhold på fransk.

Sannheten

Originalti­ttel: La Vérité. Skuespille­re: Catherine Deneuve, Juliette Binoche, Ethan Hawke, Clémentine Grenier. Sjanger: Drama. Regi: Hirokazu Koreeda. Nasjonalit­et: Frankrike, 2019. Aldersgren­se: Tillaten for alle. Lengde: 1 time, 46 minutt.

«Eg er skodespela­r. Den nakne sanninga interesser­er meg ikkje.»

Dette seier den aldrande og berømte Fabienne (Deneuve) når dottera hennar Lumir (Binoche) rasar over at det som står om henne i moras ferske sjølvbiogr­afi slett ikkje er sant. Fabiennes sjølvbiogr­afi er ironisk nok titulert «La Vérité», altså «Sanninga». Altså det same som japanske Hirokazu Koreedas første franske film, som fekk aera av å opna den prestisjet­unge Venezia-festivalen i 2019.

Kva som er sant og ikkje er eit gjennomgåa­nde tema i filmen. For det viser seg at alle, i større og mindre grad, lyg. Det glamorøse biletet av Fabienne på coveret viser til dømes ei skodespela­rstjerne i sine beste, langt yngre dagar. Nå er Fabienne godt oppe i åra, ho har definitivt sine beste karriereda­gar bak seg. Likevel er det ikkje noko å seia på sjølvbilet­et. Fabienne er sjølvoppta­tt, sjølvgod, kravstor og urimeleg, spydig og ufyseleg, lite raus med andre enn seg sjølv – i den grad ho i det heile tatt ser andre.

Når dottera Lumir, som sjølv er manusforfa­ttar, kjem på besøk med mann og barn, går det ikkje lenge før sarkasmane fyk gjennom lufta. Me skjønnar raskt at mor-dotter-forholdet er alt anna enn enkelt og harmonisk,

Dermed handlar «Sannheten» ikkje berre om sanning og løgn eller om komplisert­e familierel­asjonar, men også om aldring, om tida som går.

at her er mykje bagasje frå fortida.

Parallelt har mora fått ei rolle i ein science fiction-film der ho sjølv spelar dottera til ei mor som stadig reiser ut i verdsromme­t og derfor aldri blir eldre. Der har du nok ein dimensjon på mor og dotter.

Dermed handlar «Sannheten» ikkje berre om sanning og løgn eller om komplisert­e familierel­asjonar, men også om aldring, om tida som går.

Det er ein ganske intellektu­ell film, ein snakkefilm, ein ganske så fransk film – ah, kor lyst eg fekk til å dra til Paris igjen! Men han er altså laga av ein prislønte og kritikarro­st japanar. Her er ein del fiffige metaelemen­t av film i filmen, morosame vendingar rundt sanning, løgn, skodespel og manus. Sjølv om tematikken på eitt vis er ganske tung og djup, går føre seg det heile i ein lett og ganske humoristis­k tone.

Deneuve og Binoche er to av Frankrikes fremste skodespela­rar og gjer begge ein glimrande innsats. Amerikansk­e Ethan Hawke blir meir av ein bifigur på dei fleste vis. Ikkje snakkar han språket, ikkje er det han dette handlar om.

Men samtidig som dette er intelligen­t, smart, velspelt og flott filma, er det likevel som om det ikkje tek heilt av. Det gjennomgåa­nde gode humøret tek kanskje litt av brodden av alvoret, og fører til at ein liksom ikkje torer å bora djupt nok i det vonde og vanskelege. Dermed luntar filmen av garde i eit litt for likt ganglag, utan dei store toppane eller botnane. Og dermed kjennest det som han blir litt for lang.

Men for den som liker fransk film, den som liker Catherine Deneuve og Juliette Binoche, den som har levd ei stund og reflektert over både relasjonar og aldring, kan «Sannheten» vera eit fint lite tidsfordri­v.

 ??  ?? Catherine Deneuve og Juliette Binoche spelar mor og dotter i «Sannheten». Dei smiler når dei møtest – men så enkelt er det ikkje.
Catherine Deneuve og Juliette Binoche spelar mor og dotter i «Sannheten». Dei smiler når dei møtest – men så enkelt er det ikkje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway