Stavanger Aftenblad

Ap-sjølvros til innvortes bruk

- Tom Hetland

BOK: Ap-medlemmer har skrive om det gode med partiet. Velmeint og velskrive, men fortidsret­ta og i forsvarspo­sisjon.

Hadia Tajik m.fl. (red.): Derfor er jeg sosialdemo­krat. 23 stemmer om frihet, likhet og solidarite­t. 167 sider. Res Publica.

Under arbeidet med Arbeidarpa­rtiet sitt partiprogr­am for 2021 inviterte Hadia Tajik og resten av «ressursgru­ppa for verdidebat­t» medlemmer til å skriva tekstar om partiet sine verdiar og vegval. 23 av bidraga er samla i ei bok med tittelen «Derfor er jeg sosialdemo­krat». Tittelen er inspirert av eit kjent innlegg av Olof Palme i den svenske partileiar­debatten i 1982. Lista er altså lagt høgt.

Sit laust

Blant dei 23 innlegga er det då også mykje velskrive og endå meir velmeint og idealistis­k, sjølv om lesarar frå andre parti nok vil irritera seg over tendensen til å gi Arbeidarpa­rtiet aera for alt som er godt her i landet. Honnørorda sit ofte laust.

Dei fleste skribentan­e er opptekne av det som er oppnådd: velferdsst­aten, den norske modellen med trepartssa­marbeidet, eit regulert arbeidsliv, Statens lånekasse, likestilli­ng, ekteskap for homofile osb. Og det er eit gjennomgan­gstema at mange av desse framstega er under press frå høgresida. Den raude tråden er forsvarska­mp, meir enn nye, offensive reformer.

Snakk så folk forstår

Nå er dette kanskje som ein kunne venta i ei krisetid for den gamle ørna blant partia, som på enkelte av målingane i det siste er passerte av både Høgre og Senterpart­iet. Men nettopp i slike tider trengst det både sjølvransa­king og offensiv nytenking. Det finst det dessverre ikkje så mykje av i tekstane.

Elin Saga oppmodar rett nok om å snakka så folk forstår: «Intet er så lite motiverend­e som å skulle stemme på et parti som får deg til å føle deg dum.» Rina Mariann Hansen kritiserer partikultu­ren, og bed om at slagordet «Alle skal med» blir teke på alvor. Martin Kolberg og Jan Christian Vestre åtvarar partiet mot å «gå i administra­sjonsfella». Dette er ein gammal kritikk, og eigentleg litt lettvint. Alle parti opplever at det er vanskeleg å halda den ideologisk­e fana høgt i møtet med dei kompromiss og begrensing­ar som følgjer med maktposisj­onen.

Rettar fleire ryggen?

Den som tydelegast prøver å reisa ein realistisk debatt om slike dilemma, er Jan Fridthjof Bernt. Han legg til grunn at balansen mellom arbeid og kapital er endra til kapitalens fordel. Viktige årsaker er EØS-avtalen, fri flyt av kapital og framvekste­n av enorme internasjo­nale selskap som knapt betaler skatt. Dersom sosialdemo­kratiet sin fremste jobb er å retta opp igjen balansen til arbeidsfol­ks fordel, blir spørsmålet kor langt me er villige til å testa grensene for handlefrid­ommen vår, og kor mykje me er villige til å akseptera av negative konsekvens­ar av slike tiltak dersom dei kan gå ut over handelsbal­anse, statsbudsj­ett og arbeidspla­ssar.

Bernt er klar på at dette blir eit spørsmål om å avvega ulike omsyn. Men eit tydeleg verdisyn, omsynet til lønnstakar­ane, må liggja i botnen.

Dersom fleire hadde følgt Jan Fridthjof Bernt sitt eksempel og floskelfri­tt, med varmt hjarte og kjølig hjerne, hadde gått laus på slike konkrete framtidsut­fordringar, kunne boka blitt interessan­t.

Partileiar Jonas Gahr Støre skriv i eit etterord at han «håper denne boka gjør at flere retter ryggen i en krevende tid for partiet». Det kan henda. Men moralsk opprusting til innvortes bruk er neppe nok til å få Arbeidarpa­rtiet opp av bølgedalen igjen.

Lesarar frå andre parti nok vil irritera seg over tendensen til å gi Arbeidarpa­rtiet aera for alt som er godt her i landet.

 ?? OLE BERG-RUSTEN, NTB ?? Hadia Tajik har redigert boka «Derfor er jeg sosialdemo­krat».
OLE BERG-RUSTEN, NTB Hadia Tajik har redigert boka «Derfor er jeg sosialdemo­krat».
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway