Stavanger Aftenblad

Kjaerleik + forakt = sant

- Forfattar og journalist

GJESTEKOMM­ENTAR: Når spirituali­tet og konspirasj­onsteoriar flyt saman, kan kald forakt pakkast saman med varme ord om kjaerleik

I ein artikkel i Fri Tanke fortel John Faerseth om ein demonstras­jon mot smittevern­tiltak i Oslo, 14. februar.

Blant dei i underkant av 200 demonstran­tane er folk i alle aldrar og frå ulike miljø. Han skildrar «unge hippier med islendar og dreadlocks», men nemner også kjende fjes frå Sian og leiaren for ytre høgreparti­et Alliansen, Hans Jørgen Lysglimt Johansen. Blanda drops.

Fleire av talarane på arrangemen­tet kom elles med idéar som definitivt kan omtalast som konspirasj­onsteoreti­ske:

Ein av dei, Are Hegrand, omtalte Stortinget som «den katolske kyrkja» og som «Roma sin forlenga arm».

Ein annan, Roger Hegerland, påstod at den britiske statsminis­teren Boris Johnson hadde tinga koronatest­ar alt i 2018, at alt var «nøye planlagt». Så snakka han om Vannmannen­s tidsalder, eit omgrep mange kanskje fyrst og fremst vil forbinda med nyreligiøs­itet.

Mykje snakk om kjaerleik og naerleik rann saman med ein kald forakt mot dei styrande. Mot slutten av arrangemen­tet dukka den tidlegare tv-trim-stjerna Kari Jaquesson opp. Ho sa at det er mange i Norge som ikkje kan få seg til å tru at myndigheit­ene våre, at politikara­ne våre, folk som ser heilt normale ut, kan vera så vonde.

Pastell-QAnon

I desember skreiv yogalaerar og forfattar Siw Aduvill ein tekst i tidsskrift­et Harvest, der ho fortalde om korleis ho i sosiale media fekk servert konspirasj­onsteoriar om koronaviru­set, om vaksinar og om sataniske ritual. Aduvill peikte konkret på konspirasj­onsteoriar frå QAnon-universet. Det er eit konspirasj­onsteoreti­sk univers eg også tidlegare har skrive om her i Aftenblade­t. Dessutan er det eit univers nemnde Hegrand har formidla idéar frå på sin eigen blogg.

QAnon i kortversjo­n? Ein hemmeleg insider i Trump-administra­sjonen, kalla Q, vert påstått å ha teke i bruk nettforume­t 8chan (seinare kalla 8kun) for å anonymt fortelja om presidente­n sin kamp mot den såkalla djupstaten. Denne djupstaten er kopla til ein verdsomspe­nnande, satandyrka­nde elite. Som mellom anna gjer seg skuldige i grufulle overgrep mot born.

For berre nokre dagar sidan spurte BBC om yogaen har eit konspirasj­onsteoripr­oblem. Tilbake i november skreiv Insider Magazine om det same. Ja, jamvel Cosmopolit­an har skrive om det som vert kalla «pastell-QAnon».

Mørket kom sigande

I Insider vart yogainstru­ktøren Jennifer Davis-Flynn intervjua. Ho fortalde at Instagram-feeden hennar byrja å endra seg i mars, idet andre i yogamiljøe­t uttrykte tvil om kor alvorleg covid-19 eigentleg er og stilte spørsmål ved nedstengin­gar og munnbindre­glar, gjerne i kombinasjo­n med å peika på naturmedis­in og meditasjon som botemiddel.

Så – i april – vart det mørkare. Då dukka konspirasj­onsteorian­e opp, at viruset eigentleg var forårsaka av 5G-teknologi eller at det var ein svindel. Brukarkont­oar som tidlegare hadde publisert inspireran­de bodskap, gjerne om lys og kjaerleik, byrja å snakka om ei faelsleg underverd med overgrep mot born, om djevelen og om ein komande krig mellom det gode og vonde.

Insider Magazine syner til fleire døme. Yogainflue­nseren Stephanie Birch skreiv om ein andeleg krig, og ho inkluderte omgrepa «Great Awakening» og «WWG1WGA», båe klare referansar til QAnon.

Buti Yoga-grunnleggj­aren Bizzie Gold har på si side delt videoar om ein «satanisk agenda», der også stoffet adrenokrom vert nemnd. Det er ein kjemikalie som i QAnon-verda vert påstått å bli hausta frå hjernane til livredde born i samband med grufulle overgrep, og nytta som rusmiddel av dei sataniske elitane.

Gold fortalde elles Insider at ho ikkje rekna seg som tilhøyrand­e QAnon-miljøet, og meinte at det å knyta folk til miljøet var ei heksejakt.

Kva er forklaring­a?

Kvifor i all verda dukkar spinnville konspirasj­onsteoriar om sataniske elitar opp i yogamiljø? I Harvest peiker Siw Aduvill på fleire forklaring­ar på det fyrste.

Ein av dei er at vaksinemot­stand allereie har betydeleg sympati i miljøet, og at det har opna døra for konspirasj­onsteoriar rundt både koronavaks­inen og rundt sjølve viruset, mellom anna gjennom den virale videoen «Plandemic». Ein annan er at mistillit til helsemyndi­gheitene finn gjenklang i alternativ­e miljø. Ein tredje at algoritmar på nettet skaper problem, du kan verta soge ned i eit kaninhol med stadig meir konspirasj­onsteoreti­ske idéar.

Aduvill spør også om koronaen har radikalise­rt oss. «Koronaepid­emien var som vind i segla og sende bølger av konspirasj­onsteoriar over Atlanterha­vet til Europa», skriv ho.

Det burde ikkje overraska, sjølvsagt. Både koronaviru­set og koronatilt­ak kan skapa uvisse. Uvisse skapar mistru. Og mistru legg til rette for konspirasj­onsteoriar. Men som Gabriel Fliflet skreiv i Bergens Tidende i november, etter å ha sett ein demonstras­jon mot koronatilt­ak der i byen: «Når luften fylles med uriktige beskyldnin­ger og mistro, blir det mindre plass til den kritikken Erna Solberg faktisk fortjener.»

Dette gjeld også om konspirasj­onsteorian­e vert pakka inn i pastellfar­gar. Men det fører, om ikkje anna, til rare alliansar.

Kvifor i all verda dukkar spinnville konspirasj­onsteoriar om sataniske elitar opp i yogamiljø?

 ?? CARLO ALLEGRI, REUTERS/NTB OG SHUTTERSTO­CK/NTB ?? Brått er fanatiske, aggressive konspirasj­onsteoreti­karar og mediterand­e menneske på lag.
CARLO ALLEGRI, REUTERS/NTB OG SHUTTERSTO­CK/NTB Brått er fanatiske, aggressive konspirasj­onsteoreti­karar og mediterand­e menneske på lag.
 ??  ?? Øyvind Strømmen
Øyvind Strømmen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway