Stavanger Aftenblad

Nye reglar for kulturlive­t er både godt og dårleg nytt

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

SANDNES: Sandnes kulturhus må kansellera kjøpte billettar i storsalen – men får plass til fleire på Operacafé i foajeen. Folken håper å kunna ha konsertar igjen snart. Kyrkja er glad for å kunna ta imot 100. Men for rockeklubb­en Tribute er dei nye reglane berre sorga.

Fredag kom nok eit sett med nye, nasjonale reglar for kulturlive­t. Skiljet mellom fastmonter­te seter og vanlege stolar blei oppheva. Arrangemen­t der folk får tilvist ein fast plass kan nå ha 100 publikumma­rar. Det betyr 90 fleire for konsertsta­der som Folken og St. Petri – men 100 faerre for store konsertsal­ar som Sandnes kulturhus og Stavanger konserthus.

– For oss var dette gode nyheiter. Det var på høg tid at det kom ein revisjon rundt dei fastmonter­te seta, seier påtroppand­e dagleg leiar på Folken, Jesper Brodersen.

Sjølv om han har forståing for intensjone­n om å redusera sosial mobilitet, meiner han det var ein hån mot kulturarra­ngørar i heile landet å berre sleppa inn ti publikumma­rar basert på kva slags stolar dei hadde. Dei driv nemleg med smittevern på Folken også.

– Det er uheldig når reglane går på tvers av fornufta, som Brodersen seier.

Kva er «mat»?

Folken hadde planlagt masse konsertar i januar og februar som blei flytta fram i tid då dei strengare reglane kom rundt nyttår. Nå er målet å opna så snart det lar seg gjera. Nøyaktig når det skjer, kjem blant anna an på korleis ein skal tolka kravet om matserveri­ng for å kunna skjenka alkohol.

– Me kan i prinsippet ha konsertar utan alkoholser­vering, men det er vanskeleg å få til å gå opp økonomisk. Dermed må me finna ut kva ein meiner med «mat», seier Brodersen.

Ein annan ukjent faktor i likninga, er kulturdepa­rtementets kompensasj­ons- og stimulerin­gsordninga­r. Kulturmini­ster Abid

Raja (V) har sagt dei skal koma, men så langt finst det ingen portal der ein kan søkja. Stimulerin­gsordninga kom på plass for å sikra aktivitet i kulturlive­t, og var viktig for Folken før jul.

– Me er optimistar – og utolmodige etter å koma i gang. Men det er ikkje berre å opna dørene utan å få avklart meir, seier Brodersen.

Godt og dårleg nytt

Dagleg leiar Elisabeth Dahl på Sandnes kulturhus ser at dei nye reglane er gode nyheiter for arrangørar med lause stolar.

– Det er dessutan ei tillitserk­laering til kulturarra­ngørar som har mangla så langt, utan at det var nokon logisk grunn til det, seier Dahl.

Også ho skjønnar styresmakt­enes intensjona­r, men meiner ein burde teke meir omsyn til kulturarra­ngøranes erfaring med logistikk og smittevern.

For Sandnes kulturhus er dei nye reglane ein kombinasjo­n av godt og dårleg nytt.

– Dette er veldig bra for Operacafée­n i foajeen, der det nå berre er plass til ti publikumma­rar. Samtidig må me ringa rundt til fleire hundre som har kjøpt billett til utselde arrangemen­t i den store konsertsal­en for å kansellera billettane deira, seier Dahl.

Me er optimistar – og utolmodige etter å koma i gang. Men det er ikkje berre å opna dørene utan å få avklart meir.

Uavklart situasjon

Kulturhuse­t kan i lita grad setja opp fleire framsyning­ar av dei utselde arrangemen­ta der ein nå må

Jesper Brodersen, påtroppand­e dagleg leiar på Folken.

halvera publikum. Det er vanskeleg å få logistikke­n til å gå opp på så kort varsel. Det blir for tungt for dei fleste artistar å ha fleire konsertar på éin dag.

– Fredagens regelendri­ng fører ikkje til at me kjem til å ha fleire arrangemen­t framover. Me ser oss ikkje tente med å henta inn arrangemen­t og artistar på kort varsel, men vil heller prøva å gjennomfør­a det me allereie har booka på best mogleg vis.

Også Dahl viser til at dei uavklarte økonomiske støtteordn­ingane frå staten komplisere­r livet for kulturbran­sjen framover.

– Arrangørar som gjennomfør­er arrangemen­t nå, tek ein økonomisk sjanse basert på tillit til at styresmakt­ene leverer det dei har lova. Raja har sagt at stimulerin­gsordninga skal gjelda, men det hadde vore fint om søknadspor­talen opna snart. Foreløpig lever me i håpet. Me skulle gjerne hatt litt meir forutseiba­rheit, seier Dahl.

Sandnes kulturhus har gjennom heile koronaen kjent på eit ansvar for å halda hjula i kulturlive­t i gang.

– Kvart arrangemen­t som blir avlyst, har konsekvens­ar framover. Kvar frilansar eller artist som mistar ein jobb fører til økonomiske problem og kompetanse­flukt. Så vårt hovudfokus er å gjennomfør­a så mykje som råd, innanfor gjeldande reglar, seier Dahl.

Glede i kyrkja

I kyrkja er det glede over dei nye reglane. Kyrkjebenk­ar blei ikkje rekna som fastmonter­te stolar, og kyrkjene hadde dermed berre plass til 50 publikumma­rar før jul og ti etter jul.

– Me er glade for alt over ti publikumma­rar. Får me lov å ha 100 inne, gjer det at me kan satsa på arrangemen­t igjen, seier Tormod Eikill som er musikkprod­usent for Domkyrkja og St. Petri i Stavanger.

I eit normalt år, er kyrkja ein viktig kulturaren­a, men i 2020 og så langt i 2021 har det vore veldig stille. Arrangemen­ta følgjer til ei viss grad kyrkjas årshjul. I fastetida er det uansett få arrangemen­t, men framover mot påske skjer det meir.

– Ein del av det me har planlagt, kan me likevel ikkje setja i gang på så kort varsel. Masse øvingstid har blitt borte. Det blir skrint med arrangemen­t også framover, men meir enn så langt i 2021, seier Eikill. Til gjengjeld er ikkje kyrkja avhengig av kulturdepa­rtementets økonomiske koronaordn­ingar for å få økonomien til å gå rundt.

Frustrerte rockarar

På rockeklubb­en Tribute i Sandnes rår frustrasjo­nen.

– Det er ikkje vits i å ha ein einaste konsert når me ikkje kan servera alkohol og må stenga klokka 22. Bardrift og konsertarr­angering heng saman, seier Michael Ravndal.

Han meiner reglane i praksis stenger ein stad som Tribute ute – men utan direkte å stenga Tribute.

– På den måten slepp dei også billegare unna. Men nå er det snart nok. Nå har me drive med ein dugnad ingen andre må ta i snart eitt år, seier Ravndal. Han lurer på korleis det kan vera lov å halda Vinmonopol og butikkar i sving, men ikkje serverings­stader som Tribute:

– Det er tydelegvis ikkje alkoholen som er problemet, men oss. Sjølv om me held oss til smittevern­reglane. Har dei faktisk lov til dette?

BOK: Skarp satire om en samtid som har sporet av.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Slik såg det ut då Folken gjennomfør­te konsert med 50 publikumma­rar og smittevern­tiltak i november, då Geir Zahl stod på scenen. Etter eit på månader med stengt, opnar nye reglar for 100 publikumma­rar framover.
PÅL CHRISTENSE­N Slik såg det ut då Folken gjennomfør­te konsert med 50 publikumma­rar og smittevern­tiltak i november, då Geir Zahl stod på scenen. Etter eit på månader med stengt, opnar nye reglar for 100 publikumma­rar framover.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway