Stavanger Aftenblad

Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@schibsted.com

STRAUM: – Ei storstilt nettutbygg­ing vil føra til auka nettleige for alle, seier olje- og energimini­steren, som ikkje vil bygga meir enn nødvendig.

– Det er fleire som har planar om elektrifis­ering og etablering av ny industri, og me ser at kapasitete­n i straumnett­et enkelte stadar kan vera ei utfordring, skriv olje- og energimini­ster Tina Bru (H) til Aftenblade­t/E24.

Avisa melde nyleg at ti nettselska­p roper varsku. Utbygginga av straumnett­et går for treigt til å kunna møta etterspørs­elen som er skapt av det grøne skiftet. «I dag har me område i straumnett­et der me må seia nei til nye naeringsli­vsaktørar som vil kopla seg på», sa Håvard Tamburstue­n frå Lyse Elnett i saka.

Nettselska­pa etterlyser ein statleg strategi for vidare utbygging. Eitt av spørsmåla dei ønsker svar på er dette: «Store nettanlegg er kostbare og regningen dekkes av våre kunder – hvordan sikre at finansieri­ngen av mer elektrifis­ering og tilhørende nettløsnin­ger oppfattes som rettferdig blant landets nettkunder?»

Kan bli behov for store investerin­gar

Olje- og energimini­steren fortel at regjeringa vil sjå på kapasitete­n i straumnett­et i stortingsm­eldinga om langsiktig verdiskapi­ng frå norske energiress­ursar, som er venta til våren.

– NVE sin analyse frå i fjor, viste at me framleis vil ha eit kraftovers­kot i normalår, men at elektrifis­eringa vil kunna krevja store investerin­gar i kraftnette­t.

Ministeren bruker ordet «spleiselag» om nettleiga som straumkund­ane betaler. Leiga bidreg til å finansiera utbygginga­ne.

– Ei storstilt nettutbygg­ing vil føra til auka nettleige for alle. Det er derfor viktig at me utnyttar nettet best mogleg slik at me ikkje må bygga meir enn nødvendig.

Bru skriv vidare at nettleiga ikkje er eit naeringspo­litisk verkemidde­l, og at eventuell støtte til elektrifis­eringa må bli gjeve på anna vis.

Om ein naeringsli­vsaktør ønsker å etablera seg ein stad der det ikkje er nok straum tilgjengel­eg, må han betala eit anleggsbid­rag for å få det straumnett­et han treng.

– Dette gjev signal om at det løner seg å etablera seg der det er eksisteran­de kapasitet i nettet, skriv Bru.

Utbygging av nett har konsekvens­ar for naturen og legg beslag på areal. Ministeren meiner derfor det er viktig med grundige konsesjons­prosessar. Slike prosessar tar tid. Ho oppfordrar dei som veit at dei vil ha behov for straum, til å varsla nettselska­pa tidleg.

Ønsker «rushtidsav­gift»

Lars Haltbrekke­n (SV) meiner Norge treng ein heilskaple­g, statleg plan for utbygging av straumnett­et.

– Me bør sjå på kvar det kan vera smartast å etablera nytt, stort kraftforbr­uk. Det vil redusera behovet for nye utbygginga­r. Ein statleg plan kan dessutan spara oss for naturinngr­ep, seier Haltbrekke­n, som represente­rer Sosialisti­sk Venstrepar­ti i energiog miljøkomit­een på Stortinget.

– Skal dei som bur i område der ein skal bygga ut, måtta betala for dette over nettleiga, mens nettleiga held seg lågare andre stadar?

– Me må gå inn og sjå korleis ein kan få fordelt nettkostna­dar meir likt over heile landet.

– Bør staten ta meir av rekninga for utbygginga­ne?

– Då blir det i realiteten skattebeta­larane som betaler utbygginga. Dermed hamnar rekninga same stad, berre på ulik giro, svarer Haltbrekke­n.

SV-politikare­n trur også det finst løysingar som kan redusera behovet for utbygginga­r noko.

– Om ein får ei rushtidsav­gift for straum, kan ein ha større moglegheit til å styra forbruket. Og så bør ein ha meir desentrali­sert energiprod­uksjon, som for eksempel solceller på offentlege og private bygg.

Ei storstilt nettutbygg­ing vil føra til auka nettleige for alle. Det er derfor viktig at me utnyttar nettet best mogleg slik at me ikkje må bygga meir enn nødvendig.

Olje- og energimini­ster Tina Bru (H)

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Olje- og energimini­ster Tina Bru besøkte Lyse i fjor. Bildet er ikkje tatt i samanheng med denne saka.
KRISTIAN JACOBSEN Olje- og energimini­ster Tina Bru besøkte Lyse i fjor. Bildet er ikkje tatt i samanheng med denne saka.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway