Stavanger Aftenblad

Spår 868.000 havvindjob­bar om 10 år

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

ARBEIDSLIV: Den unike vindkraftl­inja på Dalane videregåen­de stod i fare for å bli nedlagt. No har utdannings­tilbodet fått medvind.

I november melde Aftenblade­t/ E24 at landets einaste vindkraftl­inje på vidaregåan­de kjempa for å overleva. Linja er eit vg3-tilbod hos Dalane videregåen­de skole.

Låge søkartal og utfordring­ar med å skaffa laereplass­ar var bakgrunnen for at fylkeskomm­unen vurderte nedlegging. Då skuleåret starta, var det berre tre elevar på linja, som hadde plass til åtte.

Skulen sette i gang ei jakt på underskrif­ter frå bedrifter som kunne tenka seg laerlingar. No sit skulen med tolv signerte avtalar med blant anna Equinor og Vestas Norway.

Fylkesrådm­annen foreslo etter dette at tilbodet skal få overleva dersom det er nok søkarar. Den 1. mars går søknadsfri­sten ut.

Ventar 350.000 europeiske jobbar

868.000 jobbar på verdsbasis innan havvind i 2030. Det er talet Rystad Energy nyleg har rekna seg fram til. Dei har då inkludert indirekte arbeidspla­ssar, som for eksempel dei som produserer stål til turbinane. Rystad Energy er eit uavhengig analyse- og rådgjeving­sselskap.

I 2020 var talet 297.000 jobbar, så framtidspr­ognosen deira byr på ei dobling og vel så det. Innan 2025 spår dei at talet har stige til 589.000.

I Europa trur Rystad Energy at talet på havvind-jobbar vil stiga frå 110.000 i 2020 til 350.000 i 2030. Denne veksten kan bli saerleg merkbar dei komande fem åra.

Dei fleste av jobbane er involvert i utvikling og bygging, men etter kvart som åra går, vil det bli behov for stadig fleire som kan driva og halda ved like anlegga. I utsiktene for 2030 utgjer den siste gruppa 177.000 globalt. Det er slikt arbeid som er aktuelt for energioper­atørane med vitnemål frå Dalane videregåen­de.

Lovande søkartal

– Steg éin var å få laereplass­ar på plass. No er neste steg å få nok søkarar, seier Frank Emil Moen.

Han er leiar av Energy Innovation, som skal husa vindkraftl­inja i Egersund Energy Hub. Han er dessutan styreleiar i Espeland Energi som har inngått avtale om å ta imot laerlingar.

– Elevane vil koma tett på industrien, seier Moen, som også kan visa til at huben er involvert i forsking.

Den 24. februar kan rektor TorMagne Rotevatn fortelja at linja har 22 søkarar, og at ni av desse har vindkraft som fyrsteval. Rektoren kan likevel framleis ikkje vera hundre prosent sikker på tilbodet er redda.

– Men det er svaert sannsynleg då dette vil vera i tråd med dei politiske vedtaka som er gjort så langt.

Han viser til at framtida til linja vil bli endeleg bestemt under eit møte i inntaksnem­nda den 19. mars.

– Det er positivt å sjå at ungdommar og mange bedrifter ser at det er ein marknad som kjem. Det er viktig å bygga kompetanse i Norge, seier Moen, som også er kommunikas­jonsansvar­leg i Norwegian Offshore Wind Cluster.

Havvindkly­nga samlar over 250 bedrifter som ønsker seg ein fot innanfor naeringa.

Vil omskolera

Mens dei ser føre seg vekst innan havvind, trur Rystad Energy at olje- og gassnaerin­ga ikkje vil kunna koma tilbake til sysselsett­ingsnivået ein såg for nokon år sidan. Men dei reknar med at kompetanse­n frå olje- og gass vil vera verdifull å ha med seg som bagasje i havvindbra­nsjen.

Ved Egersund Energy Hub kan folk som allereie er i arbeidsliv­et ta kurs for å sertifiser­a seg for jobbar innan vindkraft. Moen fortel at dei også har planar om eit meir omfattande omskolerin­gstilbod.

– I rapporten til Rystad Energy er det innan installasj­on det er flest arbeidspla­ssar. Men det er likevel eit betydeleg tal som trengst til drift og vedlikehal­d, seier han.

Foreløpig er ingen norske havvindanl­egg i drift. Equinors Hywind Tampen er under bygging, og i år vil fleire aktørar levera inn søknadar for å få bygga ut dei to områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Hos Egerersund Energy Hub, der vindkraftl­inja skal flytta inn, har dei kurs for folk som vil jobba med vindkraft. Kim Andrè Bru og Christian Hermansen blei fotografer­te då dei deltok på eit kurs i haust.
JON INGEMUNDSE­N Hos Egerersund Energy Hub, der vindkraftl­inja skal flytta inn, har dei kurs for folk som vil jobba med vindkraft. Kim Andrè Bru og Christian Hermansen blei fotografer­te då dei deltok på eit kurs i haust.
 ??  ?? Frank Emil Moen jobbar for å sikra vindkraftn­aeringa norsk kompetanse.
Frank Emil Moen jobbar for å sikra vindkraftn­aeringa norsk kompetanse.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway