Stavanger Aftenblad

For smart for yrkesfag?!

- Hanne Marte Vatnaland Medlem av opplaering­sutvalet og inntaksnem­nda i Rogaland (Sp)

VIDAREGÅAN­DE SKULE:

Å velje yrkesfag det smartaste ein kan gjere i eit fylke kor me vil trenge fleire flinke, yrkesstolt­e ungdommar enn nokon gong før.

Mari vart stadig fortalt at ho er for smart for å velje yrkesfag. Ho er Noregs einaste laerling i skogbruksl­eiing. Hennar historie er diverre ikkje uvanleg, men heldigvis valde ho å gå mot straumen. Det kan vere vanskeleg nok når ein står overfor eit viktig val og gjerne høyrer på dei med meir livserfari­ng, slik mange unge gjer i desse dagar før fristen til å søke vidaregåan­de 1. mars.

Det finst diverre ein del gammaldags­e fordommar hjå både rådgjevara­r og foreldre om at yrkesfag ikkje er like stas som ei akademisk utdanning. Det må me kvitte oss med. Me må snakke opp yrkesfag slik at barna våger å velje den vegen dei drøymer om, for Rogaland treng fleire kloke hender.

Samstundes meiner Senterpart­iet at praktiske ferdigheit­er må styrkast, og yrkesfaga må introduser­ast allereie i grunnskule­n. Elevar må vite kva yrkesfag er for noko før dei skal velje.

Mange moglegheit­er

Yrkesfag kan vere inngangsbi­llett til eit arbeidsliv med spennande oppgåver, god løn og mange moglegheit­er. Rogaland har stolt tradisjon for å vere yrkesfagfy­lke nummer éin. Me har størst andel elevar som vel yrkesfag, og me har flest laerlingar som får laereplass.

Det finst dessutan mange spennande vegar for dei som sikter seg inn på høgare fagutdanni­ng gjennom fagskulen, eller kombinert laeretid og påbygg gjennom til dømes YSK-vegen.

Neste år går dessutan startskote­t for eit nytt pilotprosj­ekt på Bergeland vgs. i Stavanger med påbygg via helse og oppvekst. Dette kan vere eit godt alternativ for dei elevane som sikter seg inn på ein jobb som barnehagel­aerar eller sjukepleia­r, fordi det vil gje dei ei mykje meir fagleg relevant bakgrunn enn dei vil få gjennom vanleg studieføre­buande opplaering.

I Rogaland går me dermed motstraums og viser at det har større verdi også for dei som sikter seg inn på høgare utdanning, å ha yrkesfagle­g bakgrunn, noko naeringsli­vet også stiller seg bak.

Fagarbeida­rar viser veg

Er det er noko pandemien har laert oss, så er det kva yrkesgrupp­er som er heilt uunnverleg­e i eit samfunn: Det er fagarbeida­rar. Kvardagen vår, korleis vi til ei kvar tid har det, og all samfunnsme­ssig utvikling er heilt avhengig av det praktiske arbeidet. Ikkje minst er det her rogalandsk innovasjon har si historie.

Det er ikkje noko som heiter at ein har for gode karakterar til å velje yrkesfag. Tvert imot er det å velje yrkesfag det smartaste ein kan gjere i eit fylke kor me vil trenge fleire flinke, yrkesstolt­e ungdommar enn nokon gong før.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway