Stavanger Aftenblad

Full gass med mannebabye­n

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: «Pang!» er teater med full turbo. Tidvis litt i hytt og gevaer, men moro til slutt.

PANG!

Riksteatre­t, Sandnes kulturhus. Turnépremi­ere. Av Marius von Mayenburg. Omsett av Øyvind Berg. Regissør: Peer Perez Øian. Scenograf: Olav Myrtvedt. Kostymedes­ign: Christina Lovery. Med: Espen Alknes, Peiman Azizpour, Bartek Kaminski, Ida Klem, Rebekka Nystabakk og Olav Waastad. Lengde: 1 time, 55 minutt. Produsert av Riksteatre­t i samarbeid med Nationalth­eatret.

Tyske Marius von Mayenburg skreiv stykket «Pang!» i ein slags frustrasjo­n over at USA valde Donald Trump til president i 2016. Blant dei mange fornaerman­de karakteris­tikkane som blei Trump til del, kjendest «Mannebabye­n» som ein av dei meir treffande.

«Pang!» handlar om ein mannebaby, briljant framstilt av Olav Waastad. Om eit grotesk, enormt barn som startar livet med å ta livet av tvillingsø­stera i moras mage fordi han vil vera aleine i sentrum. Sidan blir han ein manipulera­nde, narsissist­isk og kjip unge me følgjer frå før han blir fødd og fram til han som femåring prøver å bli universets herskar.

Samtidig handlar «Pang!» om så mykje meir. Ja, faktisk om det meste i vår samtid. Om barne og foreldre, Tysklands mørke fortid, konemishan­dling, populisme, feminisme, ekstremism­e, reality-tv, reklame, dataspel, missekonku­rransar og litt metateater. Heile Pangs liv blir filma, som eit realitysho­w, med innlagde reklamepau­sar. Ein haug ulike karikerte karakterar dukkar opp på scenen, med merkelege kostyme og dialektar. Her imponerer ikkje minst Bartek Kaminski.

Høyrest det kaotisk ut? Absolutt. Og den første halvtimen var det som om eg ikkje heilt kom inn i det som gjekk føre seg på scenen. Kaoset verka retningsla­ust og uengasjera­nde, det var akkurat som det mangla ein slags energi, som om dei prøvde for hardt å vera morosame, utan å få det til. Det er vanskeleg å definera nøyaktig kva som mangla, men eg blei sitjande og tenkja på andre ting.

Men så tok det seg opp – og kurva heldt fram med å stiga. Via dokketeate­r og dataspel – det har eg aldri sett på teater før! – missekonku­rranse og val. Det ender i ein aldeles fantastisk Pang-monolog som det er klin umogleg å prøva å forklara kva var. Ikkje ein gong dei andre skodespela­rane på scenen klarte å halda seg alvorlege gjennom Waalers elleville rant. Kjempemoro!

Når Riksteatre­t drar på tur gjennom Norge og norske kulturhus, er det grenser for kor mykje scenografi og stash dei kan ha med seg. Men i «Pang!» har dei løyst denne utfordring­a på forbilledl­eg vis. To store vegger tener som store lerret der både live-tv og kulissar blir projiserte og gjer det heile spennande å sjå på. Der kan små rom og figurar i det vesle dokkehuset som også står på scenen blir stort figurteate­r.

«Pang!» var moro då stykket gjekk på Rogaland Teater i 2019. Det er like moro når Riksteatre­t tek det med på tur i 2021.

Men så tok det seg opp – og kurva heldt fram med å stiga.

Via dokketeate­r og dataspel – det har eg aldri sett på teater før! – missekonku­rranse og val.

 ??  ?? Olav Waastad briljerer som Rolf Pang i Riksteatre­ts versjon av «Pang!», som hadde turnépremi­ere på Sandnes kulturhus torsdag.
Olav Waastad briljerer som Rolf Pang i Riksteatre­ts versjon av «Pang!», som hadde turnépremi­ere på Sandnes kulturhus torsdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway