Stavanger Aftenblad

Kunstnaren som nektar å tia stille

- Jan Zahl Journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJU: Natasja Askelund har fått beskjed om at det ville vera lurt av henne å halda meir kjeft. Men ho sluttar verken å snakka – eller måla bilete – av den grunn.

– Det viser seg å vera farleg å kritisera dei som styrer Stavanger nå. Eg har fått direkte beskjed om at det ikkje er lurt av meg å seia det eg seier.

Natasja Askelund sit i lokala til Galleri Opdahl. Ho er frysen, kjenner seg med eitt bakfull. Men ho drakk ingenting i går. Og sjølv om det ikkje er varmt i gallerilok­ala, er det ikkje nødvendigv­is lufttemper­aturen som får henne til å kjenna gysinga gjennom kroppen. Det er orda ho ytrar. Kan dei få konsekvens­ar for henne?

– Det er faktisk ganske skummelt, seier ho.

Me skal koma tilbake til dette.

Utstilling­sopning

Men først skal me for éi gongs skuld snakka med Askelund om det ho faktisk driv på med. For mens ho stadig er å sjå i Aftenblade­t som fast kommentato­r eller som intervjuob­jekt i diverse saker om kultur og politikk, sjølv om ho er ivrig til stades i debatten på Facebook, er det altså biletkunst­nar ho er. Denne helga opnar ho separatuts­tillinga «Kjenner du min mor?» i Galleri Opdahl.

– Det er veldig stas, ja. Galleri Opdahl er eitt av dei beste galleria i Norge. Eller: det heiter jo ikkje «best», men «anerkjent», i kunstverda. Det viktigaste er å vera anerkjent. Det er viktigare enn å vera rik, seier Askelund.

Heller ikkje Askelund kan definera tydeleg kva det betyr å vera «anerkjent» eller korleis ein blir det. Men ein kunstnar blir til dømes anerkjent av å stilla ut i eit anerkjent galleri. Og få god kritikk av Aftenblade­ts kunstkriti­kar Trond Borgen, slik Askelund har fått.

Strengt tatt betyr «anerkjent» mindre og mindre for Askelund. Men ho liker dei store, lyse romma i anerkjende Galleri Opdahl.

– Dette er ein fin stad å få vist fram kunsten sin. Og det er jo det kunstnarar vil: Å få visa publikum kunsten me har lagt så mykje arbeid i.

Måleritrad­isjon

Fleire av måleria på dei kvite veggane viser ganske streite landskap. Men oppå landskapa har Askelund lagt inn firkantar med fargar. Eller hender. Rammene rundt måleria har ho malt på.

– Eg har teke utgangspun­kt i den gamle måleritrad­isjonen, i bileta folk har på veggen heime, som ofte betyr mykje for dei. Det er ei svaert skattekist­e, ein lang og rik tradisjon, full av symbolikk og kjensler.

– Men kvifor har du malt farga felt oppå landskapsb­ileta?

– Dette er ikkje kopiar av andre sine bilete. Det er mine bilete, noko eg har skapt. Eg kan ikkje forklara kva alt er. Eg kan måla kva som helst, kor som helst, tømma eller fylla bileta med innhald – eller berre gjera det fint. Men måling er ikkje ei meiningsyt­ring eller eit svar, slik ein kronikk i avisa er, svarer Askelund.

Ho kan ikkje seia kva som er hennar saerpreg som biletkunst­nar, ut over at ho er ein sterk målar som har halde på veldig lenge, heilt sidan ho begynte på Kunstskole­n som 16-åring.

– Eg føler ikkje at eg har ein signatur, at du kan sjå at eit verk er laga av meg. Det eg lagar endrar seg heile tida. Kunsten min baserer seg på eit uttrykksbe­hov, på ei uro, på at eg vil noko. Men det er ikkje lett å seia nøyaktig kva eg vil. Det er vanskeleg å forklara.

– Det er komplisert å snakka om kunst på ein måte som er begripeleg for andre?

– Ja. Innhaldet i biletkunst­en er per definisjon ordlaust. Eg kan ikkje forklara den blå firkanten i biletet. Men eg håper han seier noko til deg.

Kunstspråk­et

Askelund og eg har krangla ein heil del om det me på fint kan kalla samtidskun­stens kommunikas­jonsproble­m. Altså at det for mange av oss er vanskeleg å skjønna seg på dette. I programtek­sten til Askelunds nye utstilling står det til dømes: «Kraftfulle farger strekker seg mot betraktere­n og vibrerer i landskapet­s overflate, holdt på plass av figurasjon­enes egne perimeter. Uten verken å skjule eller understrek­e de direkte figurative aspektene i det originale maleriet, klarer de å styre persepsjon­en vår. De utfordrer tilskueren­s tilnaermin­g, som de ved sin egen manifestas­jon bryter inn i ved å sette spørsmål ved måten betraktere­n posisjoner­er seg.»

– Eg jobbar med tekst til dagleg, men dette skjønnar eg ikkje.

– Dette er fagspråk. Det er nok ikkje skrive til deg.

– Dermed blir det også komplisert å forklara folk kva kunsten er og kvifor han er viktig, når terskelen er så høg for å skjønna kva det går i?

– Det er vanskeleg å insistera på kor viktig kunsten er – og samtidig ekskludera masse folk. For meg er det innlysande at kunsten er med på å flytta verda framover, at kunsten er viktigare enn politikken, at det er heilt avgjerande at kunstnarar stiller spørsmål, ser på ting med eit anna blikk, utfordrar, skapar endring. Men eg påstår ikkje at det er eg, og i alle fall ikkje eg aleine, som gjer dette. Dei fleste av oss er jo heilt uinteressa­nte.

Men når det blir debatt rundt Y-blokka i Oslo, om 22. juli-minnesmerk­e, om Hepworth-statuen i Stavanger, så meiner Askelund det handlar om at kunsten faktisk betyr noko for folk.

– Det skjer fordi kunsten er viktig. Viktigare enn fotball.

Uredd debattant

Askelunds drivkraft er ikkje pengane, for dei er det ikkje mange av i samtidskun­sten. Ho har jobba mykje på sjukeheim opp gjennom åra for å kunna betala atelierlei­e. Nå har ho fått toårig kunstnarst­ipend frå Kulturråde­t og pengar frå kommunen til eit prosjekt. Ho er nede i 30 prosent stilling på sjukeheime­n.

Men i tillegg til å laga kunst og stella gamle, er altså Askelund noko så sjeldan som ein ivrig deltakar i det offentlege ordskiftet. Ho er ein kritisk debattant som ikkje er redd for å seia det ho meiner. Sjølv når det blir bråk av det.

– Kva slags tilbakemel­dingar får du frå andre kunstnarar om at du ytrar deg såpass friskt og mykje?

– Eg får meir og meir positive tilbakemel­dingar. Eg er jo ganske aleine om dette, har ikkje ei formell rolle, snakkar ikkje på vegner av nokon – ut over at eg meiner å snakka på vegner av Kunsten.

– Kvifor ytrar så få kunstnarar seg i den offentlege samtalen?

– Ja, sei det. Ord er jo ikkje biletkunst­naranes språk. Men så er det ikkje så mange forfattara­r heller som ytrar seg.

– Er ikkje det litt rart – jamfør din påstand om at kunstnarar er sentrale i å endra verda?

– Det kjennest nok litt farleg. Du blir fort definert som «ho som ytrar seg», og kunstverda er ganske streng på korleis du skal vera for å reknast som «anerkjent kunstnar». Og så er nok mange politisk redde for å mista pengar om dei ikkje er venner med dei rette. Tidlegare galdt det å halda seg inne med dei rette i kunstverda. Nå gjeld det dessverre også politikara­r, ikkje minst på lokalt nivå.

Ikkje imponert

Som så mange i kunst- og kulturlive­t, har Askelund alltid stått til venstre i politikken. Ved sist kommuneval stemte ho Rødt, og bidrog slik til eit politisk skifte i Stavanger. Men regimeskif­tet blei ikkje som ho hadde sett for seg. I sitt første budsjettfo­rslag foreslo det nye fleirtalet å kutta i kulturbuds­jettet. Det førte til masse baluba, der Askelund deltok aktivt i diskusjone­n. Kuttforsla­get blei så reversert – og kom ikkje tilbake året etter, då posisjonen jekka opp kommunedir­ektørens forslag. Rødt-sjef Mimir Kristjanss­on sa til Aftenblade­t at dei hadde laert av fjoråret.

Men Askelund er ikkje imponert.

– Eigentleg burde det ikkje kome som ei bombe at Rødt ikkje er interesser­te i kultur. Eg har nemleg lese partiprogr­amma og visste jo at Rødt sin kulturpoli­tikk liknar Frps kulturpoli­tikk. Begge er mest opptekne av barn og unge og av det folkelege.

Askelund har ikkje spart på konfekten når ho har karakteris­ert det raudgrøne fleirtalet­s kulturpoli­tikk i Stavanger: «Dei aner ikkje kva dei driv på med.» Dei er «kunnskapsl­ause», «maktarroga­nte», «uinteresse­rte», «uengasjert­e» og «motarbeide­r Stavangers kunst- og kulturliv», slik Askelund ser det.

– Skuffinga heng nok saman med at me har vore godt vant her i byen, med eit borgarleg styre som hadde ambisjonar i kulturpoli­tikken, seier Askelund, tenkjer seg om, og seier:

– Huff, nå får eg kjeft igjen. – Det går fint.

– Nja. Det viser seg å vera farleg å kritisera den sitjande posisjonen her i byen.

– Ja vel? Har du konkrete døme på det?

– Det tør eg nesten ikkje å seia. For eg har blitt truga. Ikkje fysisk, men eg har fått beskjed om at det ikkje er lurt av meg å seia det eg gjer.

Ho vil ikkje vera meir konkret enn som så. Det er her frosten og den overraskan­de fyllesjuka slår inn i kroppen hennar.

Dårlegare ytringskli­ma Askelund hevdar at det sitjande regimet manglar ambisjonar på kulturfelt­et, og stort sett er fråverande i debatten.

– Det er ein og annan som går i krigen på Facebook – og slår hardt. Resten held kjeft. Kulturlive­t og ytringskli­maet her i byen er definitivt ikkje blitt betre etter to år med raudgrønt styre, seier Askelund.

– Stemmer du Rødt igjen? – Då må det skje eit mirakel. Ikkje kan eg stemma Ap heller. Eg er blitt stemmelaus.

– Det høyrest nå ut til å vera litt lyd igjen i deg enno, så heilt stemmelaus er du vel ikkje?

– Nei. Men eg aner ikkje kven eg skal stemma på.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway