Stavanger Aftenblad

Zaptec-vekst skaper arbeidspla­ssar på Tau

- Kristine M. Stensland Journalist kristine.stensland@ aftenblade­t.no Pål Christense­n Fotograf paal.christense­n@ aftenblade­t.no

STRAND: Til neste år vil Zaptec selja dobbelt så mange elbil-ladarar. Westcontro­l investerer for å møta veksten.

– No kan du sjekka om du treng briller, seier Torfinn Fiskå, produksjon­sleiar hos elektronik­kbedrifta Westcontro­l på Tau.

I handa ligg plastbitar som knapt er synlege. Dei er på størrelse med, eller til og med mindre enn, sandkorn. Så små delar må til når Westcontro­l produserer elbil-ladarar for Stavanger-bedrifta

Zaptec. I 2020 selde Zaptec over 20.500 ladarar. I 2021 tar dei sikte på mellom 40- og 60.000, eit mål dei blant anna vil nå med nysatsinga­r i Tyskland og Storbritan­nia.

Den ambisiøse storkunden til Westcontro­l sørgjer no for at dei kan planlegga utbygging og nytilsetti­ngar. I dag har dei rundt 50 tilsette som jobbar med ladarane.

– På fabrikken er me totalt cirka 120. Dei komande månadane skal me tilsetta rundt 20 nye, og mange av desse stillingan­e vil vera på Zaptec-produksjon, seier Leif Petter Skaar, dagleg leiar hos Westcontro­l.

Utbygginga på nabotomta skal gje 4000 kvadratmet­er meir å boltra seg på for Westcontro­l. Investerin­gane i bygg og utstyr ligg ifølgje Skaar opp mot 100 millionar kroner.

Vaks ut av kontorloka­let

– Zaptec hadde ikkje eksistert utan Westcontro­l, seier Zaptecsjef Anders Thingbø, som set pris på å ha produksjon­en så naert eige kontor.

Også Zaptec har vekse ut av eige lokale. Dette løyser dei ved å flytta inn i eit dobbelt så stort lokale cirka 50 meter unna der dei no er, så dei held seg på Ullandhaug.

Så langt i år har dei tilsett 14 nye medarbeida­rar, slik at staben frå mai av kjem til å vera oppe i 43. Mot slutten av året siktar dei seg inn mot 50.

I 2019 selde Zaptec Charger ladarar for 156 millionar kroner. Resultat før skatt var på 21 millionar kroner.

– I fjor var hadde me 219 millionar i omsetting, seier Thingbø.

Zaptec er ikkje den einaste bedrifta i Rogaland som sel fleire og fleire ladarar. Easee, som inntil nyleg også hadde kontor på Ullandhaug, opplever det same. Selskapet, som blei oppretta i 2018, leverte i fjor 70.000 ladarar.

I januar flytta 54 Easee-tilsette inn i eit stort kontorbygg på Forus, der også dei har rigga seg for vidare framgang. Easee-ladarane blir produserte hos Norautron i Horten, men Easee treng meir kapasitet og vurderer bygging av ny fabrikk i Rogaland.

Maskinar gjev konkurrans­ekraft

Ein må vera jorda for å få lov til å koma inn i produksjon­slokalet til Westcontro­l. Er ein ikkje det, kan det bli trøbbel om ein kjem i kontakt med elektronik­ken. For dei som ikkje har sko som sørgjer for jording, finst det ei stripe ein kan festa under skosolane.

Med desse på plass får ein godkjent-lys av maskinen som klarerer gjestane. Har ein i tillegg munnbind og kvit fabrikkfra­kk på seg, er ein velkomen inn. Her kan ein følgja heile prosessen frå dei ørsmå delane til dei ferdige ladarane som står pakka på pallar, klare for å bli sende til norske elbileigar­ar eller ut i den europeiske marknaden.

– Desse fekk me inn for to veker sidan, seier Fiskå og viser fram to automatisk­e lagertårn.

Tid spart, pengar spart. Westcontro­l har investert i fleire nye maskinar som skal gjera produksjon­en meir effektiv. Dette er dei nøydde til for å vera konkurrans­edyktige i ein global elektronik­kbransje der den norske arbeidskra­fta er langt dyrare i drift enn ho er i konkurrera­nde land.

Rett til vêrs på børsen

I oktober gjekk Zaptec på børs. Ikkje på hovudlista til Oslo Børs, men på det som då heitte Merkur Market, og som no går under namnet Euronext Growth. Her er krava til børsnoteri­ng noko lågare.

For mykje pengesnakk kan gå ein til topplokket. Me må ikkje ta av slik dei gjorde på 80-talet. Dette er ikkje ein fest der alt er lov. Me er litt gammaldags­e og køyrer «business as usual».

Anders Thingbø, Zaptec-sjef

– Euronext Growth er som paintball samanlikna med den ekte krigen med skarp ammunisjon som ein finn på den vanlege børsen, seier Thingbø.

Nykomaren fekk ein svaert varm velkomst.

– Aksjen har stige 500 prosent. Me surfar på ei grøn bølge, seier marknadssj­ef Lasse Hult.

Ein av dei som har fått nyta godt av dette, er den største eigaren, Stavanger-selskapet Valinor, som Lars Helge Helvig står bak.

16. februar selde Valinor seg ned i Zaptec. Kvar aksje var då verdt 60 kroner, mot 10,91 kroner som var kursen då Zaptec gjekk på børs. Handelen var verdt omtrent 445 millionar kroner.

Salet blei gjennomfør­t sjølv om Valinor hadde inngått ein «lock up»-avtale ved børsnoteri­nga og eigentleg var låst til å sitja på aksjane ei stund til. Ifølgje Finansavis­en blei salet likevel godkjent på grunn av sterk interesse for aksjane og gunstig utvikling i aksjekurse­n.

Thingbø ønsker ikkje å kommentera sjølve salet.

– Valinor har vore med oss sidan 2013 og er ein langsiktig eigar, seier han.

Åtvarar mot 80-talsfest

Ved å går på børs har Zaptec valt ein annan strategi enn konkurrent­en Easee, der tilsette og gründerane eig ein god del av selskapet.

– Børsen gjev tilgang til mykje kapital som me treng til vekst. Me ser ikkje på børsen som ein trussel. Men det er jo lettare å seia at det var ein god idé å gå på børs når det går oppover, seier Thingbø.

Sjølv om ein kan stilla spørsmål ved om den grøne bølga på børsen kanskje er blitt litt vel høg, så meiner Thingbø at det generelt sett er positivt at kapital flyt over i dei grønare delane av marknaden.

– Kapital er makt. Eg håper kapitalen kan bidra til å nå berekrafts­mål, seier Thingbø.

Sin eigen børssukses­s tar han med fatning. Han understrek­ar at dei framleis er i oppbygging­sfasen.

– For mykje pengesnakk kan gå ein til topplokket. Me må ikkje ta av slik dei gjorde på 80-talet. Dette er ikkje ein fest der alt er lov. Me er litt gammaldags­e og køyrer «business as usual», seier

Zaptec-sjefen, som veit at børsen kan vera brutal.

Allereie den 24. februar, veka etter intervjuet blei gjennomfør­t, skriv E24 at Euronext Growth er i fritt fall, og Zaptec er eit av selskapa som denne dagen har eit nedgang på over ti prosent.

Satsar i billandet Tyskland

I fjor sommar sa Thingbø at han håpte ein tredjedel av omsettinga for 2020 skulle koma frå utlandet. Det målet nådde dei.

– Sverige og Sveits tok av, og me starta opp i Danmark, seier Thingbø.

Zaptec satsar vidare i den europeiske marknaden.

– Me har tilsett landssjefa­r i Tyskland og England. Ambisjonen er at me skal ha ti tilsette i kvart av desse landa. Billandet Tyskland er ein teknisk krevjande marknad, seier Thingbø.

Fram til no har hovudprodu­ktet deira vore ladarar som er tilpassa sameige og burettslag. Programvar­a og skyløysing­a deira skal sørgja for at den tilgjengel­ege straumen blir effektivt og rettferdig fordelt. Thingbø tyr til «sosialdemo­kratisk» for å skildra systemet.

Men no er individual­istane som skal få sitt. Zaptec har utvikla ein nett liten ladar som har fått namnet Zaptec Go. Med denne ladaren siktar dei seg inn i marknaden for einebustad­ar og hyttar, ein marknad konkurrent­en Easee lenge har satsa tungt på.

 ??  ?? Mette Fredriksen står i enden av ei lang Zaptec-produksjon­slinje hos Westcontro­l. Zaptec-sjef Anders Thingbø er svaert nøgd med produkta Tau-bedrifta leverer.
Mette Fredriksen står i enden av ei lang Zaptec-produksjon­slinje hos Westcontro­l. Zaptec-sjef Anders Thingbø er svaert nøgd med produkta Tau-bedrifta leverer.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway