Stavanger Aftenblad

Trua er ei gåve

- Ellen Nordtun Sokneprest i Hillevåg menighet

DAGENS ORD: Galatarane 2,11–16. I dei første kristne kyrkjelyda­ne var det mange jødar som gjekk over til «den nye trua». Ei stor utfordring for dei nye kyrkjelyda­nde var derfor å trekkja dei naudsynte skiljelinj­ene mellom kristendom og jødedom. Mange predikanta­r reiste rundt og forkynte ei blanding av kristendom og jødedom. Dei som Paulus skriv til i dagens bibelord, budde i Galatia, som var namnet på det som i dag er det sentrale Tyrkia. Nokon hadde fortalt dei at å vera kristen, så haldt det ikkje å vera døypt og tru.

Paulus skriv krast i brevet til galatarane: Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdig­e ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjernin­gar. For ved lovgjernin­gar blir ikkje noko menneske rettferdig.

Dette var Paulus ord til kyrkjelyde­n i Galatia ca. år 50 etter Kristus. Men dette er også ord til oss i dag.

Å tru kan vera både enkelt og vanskeleg. Uansett er ikkje trua eit resultat av eigne gjerningar, men eit resultat av Den Heilage Ande sitt verk. Det er Ordet og Den Heilage Ande som kjem til oss og skapar trua.

Dette kjem også tydeleg fram i dåpsliturg­ien i Den norske kyrkja. Etter at barnet er døypt, legg presten handa på hovudet til barnet og seier «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg.». Det kan vel ikkje tydelegare seiast at trua ikkje er avhengig av den intellektu­elle utrustning­a til den som mottar den. Trua er ei gåve til oss.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway