Stavanger Aftenblad

Det vanskelege oppgjeret

- Statsvitar og dr. polit., Universite­tet i Stavanger

GJESTEKOMM­ENTAR:

Det kom aldri eit oppgjer med tankegodse­t bak 22. juli, meiner AUF. Men å få til eit slikt oppgjer er lettare sagt enn gjort.

Når vi no naermar oss 10-årsmarkeri­nga for 22. juli, oppstår eit nytt høve til å diskutere ømtolege tema på ein opnare måte. Det er synd at jussprofes­sor Ole Gjems-Onstad i sin famøse kronikk i Aftenblade­t 6. mai køyrde dei viktige tema han tok opp i grøfta med det eg oppfattar som ein kynisk og lite tillitverd­ig stil.

Vanskelege spørsmål AUF har stilt om debatten om 22. juli er for viktige til å hamne i skuggen som følgje av slike feiltrinn. Dei bør frå-koplast GjemsOnsta­d og viast merksemd.

AUF ønskjer i sin kritikk å kople saman høgrepopul­istisk tenking og høgreekstr­emisme, og dei vil ha nedsett ein offentleg ekstremism­ekommisjon. Sjølv er eg usikker på kor lurt dette er.

Oppgjeret som aldri kom

I «Arbeidarpa­rtiet og 22. juli», den nye boka til historikar­en Hallvard Notaker, identifise­rer Notaker to måtar å gripe an 22. juli politisk:

Den eine måten var den som samla nasjonen, med rosetoga og vekt på samhald. Alle med demokratis­k sinnelag vart inkluderte; motsetning­a var mellom dei demokratis­k innstilte og dei som truga demokratie­t.

Problemet var at då vart det vanskeleg å ta eit breiare oppgjer med konspirato­risk eller halvrasist­isk retorikk som mange meinte var jordsmonn for høgreekstr­emismen.

Denne andre politiske strategien, der koplinga mellom høgrepopul­isme og høgreekstr­emisme var det sentrale, var likevel meir risikabel. Den ville fort kunne utarte til urimelege åtak på til dømes Framstegsp­artiet.

Notaker slår fast at Arbeidarpa­rtiet valde den varsame strategien – statsminis­ter Stoltenber­g stagga partisekre­taer Raymond Johansen, som ville ha eit tøffare oppgjer. Valkampen i 2011 vart ein valkamp på gummisolar, konstatere­r Notaker. Det varsla oppgjeret var det ingen som høyrde.

Å gje slepp på berøringsa­ngsten

Mot denne bakgrunnen har det vore ei kjensle i AUF og deler av Arbeidarpa­rtiet at debatten om 22. juli har vore mangelfull, og at ein har gått for langt i ikkje å ville støyte nokon. Oppgjeret kom aldri på grunn av berøringsa­ngst. Men no bør det komme, er haldninga.

Då boka «Aldri tie, aldri glemme» om 22. juli nyleg vart lansert, uttrykte AUFleiar Astrid Hoem seg slik: «Vi i AUF ønsker sammen med arbeiderbe­vegelsen å gjøre vårt for at vi endelig skal bli kvitt den kollektive berøringsa­ngsten. Vi håper boka derfor inviterer til en bred debatt om tankegodse­t og det politiske oppgjøret etter 22. juli.»

Fleire av bidraga i «Aldri tie, aldri glemme» signaliser­er at oppgjeret med høgreekstr­emismen også må omfatte debattklim­aet og ein tøffare tone mot innvandrin­gsfiendtle­ge ytringar. I boka skriv Ina Libak, AUF-leiar frå

2018 til 2020, dette: «Det finnes ikke en perfekt tid for å ha vanskelige offentlige samtaler om hvordan hatefulle ord og konspirasj­onsteorier kan føre til vold og drap hvis de blir stående uimotsagt.»

Ho nemner konkrete tiltak for å stogge muslimhat, og at offentleg pengestøtt­e til den islamkriti­ske organisasj­onen Human Rights Service bør opphøyre.

AUF fortener å få ein debatt. Men dei har naturlegvi­s ikkje einerett på svara.

Er ein kommisjon så lurt?

Etter framlegg frå AUF og Akershus

Ap vedtok Ap sitt landsmøte i april at dei ønskjer at det vert sett ned ein ekstremism­ekommisjon som skal granske årsaker til at ekstremism­e og radikalise­ring oppstår.

Eg meiner at ein slik kommisjon ikkje nødvendigv­is er ein god idé.

For det første er det alt etablert store forskingsp­rogram om ekstremism­e. C-REX – Senter for ekstremism­eforsking (UiO), har ei rekke forskingst­ema som handlar om å finne ut kvifor ekstremism­e og radikalise­ring oppstår og kva som er god førebyggin­g. Spørsmålet er om det ikkje er betre å styrke den eksisteran­de forskinga snarare enn å setje ned ein kommisjon.

Dersom det var ei spesifikk hending som skulle kartleggas­t, ville ein kommisjon kunne vere eigna. Men det er noko anna å finne fasitsvare­t på kvifor nokon blir terrorista­r. Somme spørsmål er så komplekse og samansette at det er vanskeleg å finne endelege svar på dei, jamvel om forsking stadig gir nye innsikter.

Det er også lettare sagt enn gjort å skulle ta eit oppgjer med tankegodse­t bak 22. juli. For kva er det? Dei klare overtrampa er ein ting. Men kva som er illegitime ytringar, er likevel ikkje opplagt. Det må jo vere lov å vere kraftfullt imot innvandrin­gspolitikk­en utan å verte assosiert med høgreekstr­emisme.

Å sikre den gode samtalen

Det oppgjeret som AUF ser for seg, har to sider. Det eine er det kontinuerl­ege og viktige oppgjeret med hat, rasisme og konspirasj­onsteoriar. Men i tillegg gjer 10-årsmarkeri­nga av 22. juli det naturleg med ein overordna politisk debatt. Den bør hevast over partistrid­en.

Når politikara­r ikkje må forsvare partistand­punkt, men kan reflektere opent, er det slåande kor innsiktsfu­lle dei kan vere. Kanskje kan ein møteserie organisert av partia sjølve, saman med medieinsti­tusjonar, etter valkampen gje oss dei kloke, felles samtalane alvoret i denne saka krev.

AUF fortener å få ein debatt. Men dei har naturlegvi­s ikkje einerett på svara.

 ?? TERJE PEDERSEN, NTB ?? Kransen som Ap-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Astrid Hoem 1. mai i år la ned ved minnesmerk­et for 22. juli i regjerings­kvartalet.
TERJE PEDERSEN, NTB Kransen som Ap-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Astrid Hoem 1. mai i år la ned ved minnesmerk­et for 22. juli i regjerings­kvartalet.
 ??  ?? Svein Erik Tuastad
Svein Erik Tuastad

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway