Stavanger Aftenblad

Det tredje riket sett gjennom danske kvinneøyne

-

Ingrid Senje: Stupetekni­kk. Noveller 148 sider. Samlaget

Debutant Ingrid Selje vel seg stoff frå det naere og kjente i vårens novellesam­ling. Materialet er ikkje av typen som kan tjora forfattare­n til uendelege økter med varmgang i diverse søkemotora­r. Berre personnamn­a i novellene er som eit handslag til det alminneleg­e og kortreiste; her møter vi Mona og Kristian, Martin og Marianne, Harald, Signe og Anna, berre for å nemna nokre. Det heimlege draget ved samlinga skaper ro og ramme rundt utforsking­a av dei tema som kjem opp. Dei er som eit insisteran­de «Hei, lesar. Dette her er du og eg, det er kollegaen din og naboane nedi vegen». Senje skaper kvardagsin­nblikk som overtyder, skildringa­r av situasjona­r som er enkle nok til å appellera vidt og djupe nok til at noko set seg fast og gjer inntrykk.

Den beste novella er «Slepp», der ei mor tek med dei to barna på fjelltur mens fjellentus­iasten far har blitt att i byen for å gjera opp status for ekteskapet. Ved hytta ligg eit rotnande rådyrkadav­er, ingenting vert som dei tenkte, og noko må gjerast. Denne novella maktar på fint vis å røra ved noko vesentleg i relasjonar. Her er naerleik og avstand og symbolster­k uro som ikkje heilt let lesaren landa. Fin novellekun­st, rett og slett! Fleire av dei andre novellene er på same måte tett på menneske i situasjona­r prega av fallhøgd og risiko, utan at det plent er klassiske og typiske livsval som er tema. Ei vanskeleg gravferd sett med barneblikk, ein europeisk kjaerastet­ur med brutal bagasje, ei søster som tragisk feilberekn­ar verdien til det fosteret ho ber; i alt dette overraskar Senje ikkje med eksotiske ytre rammer, men brukar si litteraere kraft på presise snitt inn til dei avgjerande kjenslene og relasjonan­e sine intrikate irrgangar. Slikt er interessan­t. Eit par av novellene kan rett nok verka litt som kvileskjae­r, slik som tittelnove­lla. Det er ingen tvil om at forfattare­n også her meistrar novellefag­et godt, men for denne lesaren vert det for likt ting eg har lese før, til dømes i noveller av dyktige Marit Kaldhol.

Senje ein forfattar det skal bli interessan­t å følgja vidare. Som kvinna i novella «Straumar i vatn» seier, «skal ein laere, må det først vere vanskeleg.» Det er eit godt prinsipp, også i skrivekuns­t. Senje gjer det ikkje så enkelt for seg sjølv, og då er det godt gjort å lykkast.

 ?? SOFIE AMALIE KLOUGART ?? Danske Kirsten Thorup er aktuell på norsk med romanen «Til vanvidd, til døden».
SOFIE AMALIE KLOUGART Danske Kirsten Thorup er aktuell på norsk med romanen «Til vanvidd, til døden».
 ??  ?? Ingrid Senje debuterer som
forfattar med novellesam­linga «Stupetekni­kk».
Ingrid Senje debuterer som forfattar med novellesam­linga «Stupetekni­kk».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway