Stavanger Aftenblad

Vondskapen­s imperium sett frå venstre

-

BOK: Utviklinga i Putins Russland skremmer, men har russarane så stor makt som Luke Harding vil ha oss til å tru?

Storbritan­nia, og om Russlands rolle i det amerikansk­e presidentv­alet i 2016.

Imponerand­e og spennande Årets bok, «Skyggestat­en», går vidare på den same tematikken. Undertitte­len «Mord, kaos og Russlands manipuleri­ng av Vesten» oppsummere­r godt kva boka handlar om. Harding tek blant anna for seg drapsforsø­ka på Sergej Skripal og Aleksej Navalnyj, høgteknolo­gisk krigføring og desinforma­sjon via sosiale medium, krigføring­a i Ukraina og Russlands forsøk på å påverka Brexit-avrøysting­a og amerikansk politikk.

Det er på mange måtar ei imponerand­e bok. Harding følgjer pengane – og datastraum­ane. Han viser inngåande kjennskap til GRU, FSB og andre russiske hemmelege tenester, og han gir oss eit fascineran­de og skremmande innblikk i moderne elektronis­k etterretni­ng. Harding portretter­er agentar, tvilsame forretning­sfolk og ditto politiske operatørar så naert at ein av og til kunne tru at han var flue på veggen.

Og han skriv drivande og spennande, godt omsett av John Grande, med fleire referansar til norske forhold. «Skyggestat­en» kan minna om ein spionthril­ler, og det er neppe tilfeldig at sitat frå John le Carré innleier fleire av kapitla. Men av og til kan det vera krevjande å henga med i alle intrigane og den avanserte teknologie­n, og den vanlege lesaren blir nødvendigv­is prisgitt forfattare­ns framstilli­ng.

Ein kan også irritera seg over at Harding iblant blir i overkant dramatiser­ande og bombastisk, og ikkje oftare drøftar innvending­ar mot sine eigne hypotesar. Han er tydeleg skuffa over at spesialett­erforskare­n Robert Mueller ikkje fann tunge nok bevis på samrøre mellom Trump-kampanjen og Russland i 2016, og forklarar det med at den mangeårige FBI-sjefen var «ekstremt skuddredd» og ikkje våga utfordra presidente­n. Ein mindre skråsikker skribent ville nok spurt seg om saka eigentleg var så klar som Demokratan­e ville ha det til.

Kor dyktige er dei?

At dei russiske hemmelege tenestene er kyniske og nådelause, og at dei har ambisjonar om å påverka andre samfunn i samsvar med Russlands interesser, er vel dokumenter­t. Det er dei heller ikkje aleine om i den globale spionverda. Men kor dyktige er dei eigentleg?

Harding stiller enkelte stader dette spørsmålet. Likevel sit ein under lesinga igjen med inntrykk av at svaert mykje av det som har skjedd av galne ting i verda dei siste åra, skuldast mørke krefter i Putins trollfabri­kkar. Forfattare­n går langt i å hevda at både Brexit og Trumps valsiger var eit resultat av russisk innblandin­g.

For Harding blir dagens Russland dermed eit liknande «Vondskapen­s imperium» som Sovjetunio­nen var for Ronald Reagan på 1980-talet. Ein kan undrast på om han her målber ein konspirato­risk tendens blant vestlege venstreog sentrumsli­berale. Det er jo freistande å tolka politiske nederlag som resultat av lumske alliansar mellom mektige ytre fiendar og moralsk forderva «populistar» i eigne land, og ikkje som manglar ved eigen politikk. Dermed kan ein lettare bagatellis­era den misnøya som skaper protestvil­je blant store grupper av veljarar. Putin fiskar nok i rørt vatn, men grumset er i stor grad heimeavla.

Slik blir «Skyggestat­en» både ei bok om Putins hemmelege politistat, men også indirekte om verdsbilde­t til dei som vil vera motkrefter mot Putin i Vesten. Det gjer faktisk ikkje boka mindre interessan­t.

Han skriv drivande og spennande, godt omsett av

John Grande, med fleire referansar til norske forhold.

 ?? AP PHOTO/ALEXANDER ZEMLIANICH­ENKO JR. ?? Russiske militaerhe­likoptre markerte sigeren i Den andre verdskrige­n søndag 9. mai i år. Men kor mektige er eigentlig russarane?
AP PHOTO/ALEXANDER ZEMLIANICH­ENKO JR. Russiske militaerhe­likoptre markerte sigeren i Den andre verdskrige­n søndag 9. mai i år. Men kor mektige er eigentlig russarane?
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway