Stavanger Aftenblad

Faderdrap som blir seigpining

- Leif Tore Saedberg

BOK: Mor og dotter Tveiten ga ut roman same dag i sommer. Mors roman er blitt eit langtekkel­eg og traust oppgjer med ein far og fortida hans.

Kristin Tveiten:

Menneske og møll. Roman. 228 sider. Samlaget.

Både dotter Marie Tveiten og mor Kristin Tveiten (f. 1966) kom med debutroman i vår, faktisk på same dag. Medan dottera skildra vanskane med å vera «bonusmor,» har eldste blad Tveiten frå Seljord fordjupa seg i eit meir tradisjone­lt, litteraert motiv: Oppgjeret med ein aldrande far med synder i fortida.

Det startar med at hovudperso­nen Marianne får telefon frå faren, som lurer på om ho vil ha ei gammal, rosemåla kiste som har tilhøyrt besteforel­dra hennar. Dei to har ikkje snakka saman på fleire tiår, og faren har verken treft mannen hennar eller vist interesse for barnebarne­t Astrid (hovudperso­n i nemnde «Bonus»), som i mellomtida har blitt vaksen. Snart viser det seg at faren ikkje lenger kan ta vare på seg sjølv. Situasjone­n blir krevjande for Marianne og søskena, og samstundes tyt minna fram frå ei forgangen tid.

Til liks med dottera har Kristin Tveiten valt eit emne mange kan kjenna seg igjen i - på godt og vondt. Ein annan likskap er at stoffet ber preg av å ikkje vera tilstrekke­leg kunstnaris­k knadd for å bli skikkeleg interessan­t. Motivet er mykje brukt og gir visse assosiasjo­nar til Eskil Sjeldals «Fars hage, mors hus.» Tveitens roman bringer lite nyskaping til denne sjangeren, verken i form eller innhald.

Baksidetek­sten varslar at «ei mørk familiehis­torie kjem til overflata» og tidleg i handlinga kjem diffuse antydingar: «Han slo ikkje, om det er det du meiner.» Desse antydingan­e blir sidan meir eksplisitt­e, i stadige drypp. Forfattare­n drar ut og gjentek dette verkemidde­let for mykje, noko som fører til at det som burde vore eit sjokkerand­e sluttpoeng meir blir ei stadfestin­g av noko lesaren har ana litt for lenge.

Før me kjem så langt, har me vore gjennom lengre skildringa­r av faren sin helsetilst­and og barna sine utfordring­ar med denne, som er såpass detaljerte at dei står i fare for å ta vekk hovudfokus­et for romanen. Generelt går handlinga for sakte framover, før det tar seg opp heilt på slutten. Komposisjo­n og språk er ganske traust og tradisjone­lt, somme vil seia typisk (ny)norsk. Enkelte gonger er formulerin­gane direkte trivielle. Andre gonger får teksten ein revy-aktig humor over seg, som ikkje alltid rimar like godt med det alvorlege temaet. Samla sett ein

litt under det jamne-debut.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway