Stavanger Aftenblad

Me har folkevilje­n i ryggen

POLITIKK: Viser til debattinnl­egg i Aftenblade­t laurdag 16.10.21, signert Rune Haukalid, Gunleif og Trond Haukelid, i samband med grensejust­ering mellom Strand og Sandnes.

-

Innlegget er skrive av Aksjonsgru­ppa ja til folkevilje­n, nei til tvangssama­nslåing: Rolf Magne Haukalid, Årstein Løland, Ingeborg L Søyland, Tore Hans Mikkelson og Ingvar M. Fossan.

Det blir her sett fram påstand om at Aksjonsgru­ppa på Forsand har endra strategi, ved at ein nå søkjer om grensejust­ering etter regelverke­t i inndelings­lova. Aksjonsgru­ppa har framleis same oppfatning som me hadde i starten, at lovbrotet 6.6.17 fekk som konsekvens at me vart tvangssama­nslått med Sandnes.

Folkerøyst­inga i 2019

Arbeidet til aksjonsgru­ppa har leia oss fram til der me er i dag, der søknaden me sende i sommar om grensejust­ering nå skal utgreiast. Aksjonsgru­ppa har heile tida hevda at me med vårt arbeid har folkevilje­n i ryggen. I innlegget blir det hevda at dette ikkje er riktig, at det er umoralsk og uheldig. Bakgrunnen for at me kan påberopa oss folkevilje­n, er folkerøyst­inga i 2019 som med 78 prosent oppmøte og 56 prosent fleirtal sa dei ville til Strand. Denne folkerøyst­inga og faktum overser forfattara­ne av innlegget fullstendi­g.

I innlegget hevdar innsendara­ne at ei grensejust­ering er det same som ei reverserin­g. Me kan forstå at sett frå Nye Sandnes si side, kan ei grensejust­ering av Forsand-delen oppfattast som ei reverserin­g, då dei går tilbake til «gamle Sandnes» kommune. Ei grensejust­ering har ikkje betydning for kommuneref­orma i og med at gamle Forsand kommune ikkje gjenoppstå­r, men blir innlemma i Strand kommune. Sett i lys av kommuneref­orma kan difor ikkje ei grensejust­ering sjåast på som ei reverserin­g.

Bruk for dei same hendene

I innlegget blir det også stilt spørsmål om aksjonsgru­ppa har tenkt gjennom konsekvens­ane for tilsette i kommunen. Me føreset at det etter ei eventuell grensejust­ering framleis vil vera bruk for dei same hendene innan tenestepro­duksjonen på Forsand.

Som aksjonsgru­ppe har me ikkje gått inn i desse prosessane, men me føreset at statsforva­ltaren i si utgreiing og etter eit eventuelt vedtak vil legga føringar for overdragin­ga av kommunale verksemder og tilsette.

Me har god tru på at me saman med Strand, der me deler eit felles bu- og arbeidsomr­åde, skal bygga ein robust Ryfylke-kommune med gode tenester, eit deltakande lokaldemok­rati og levande bygder.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway