Stavanger Aftenblad

«Flukt» er ein heilt spesiell dokumentar

FILM: Brennande aktuell – animert! – dokumentar om Taliban, flukt – og kjaerleik.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Når me møter Amin i filmen, bur han i Danmark. Vegen dit har vore lang og smertefull.

Men den sanne historia hans, er det ingen som kjenner – ikkje ein gong kjaerasten Kasper. Og det er altså ei historie full av dramatikk, håp, tilbakesla­g, familieban­d, jakta på ein heim – og kjaerleik.

«Flukt» er noko så sjeldant som ein animert dokumentar­film, ispedd ein del autentiske opptak frå Afghanista­n. Ein skulle kanskje tru at teikna karakterar ville gjera dei mindre «ekte», mindre truverdige, mindre «dokumentar­iske» enn «ekte», levande menneske.

Men pussig nok gjer ikkje teiknefilm­formatet at dokumentar­en virkar mindre truverdig eller autentisk. Litt som i «Searching for Sugar Man», der ein også miksa autentiske opptak med animasjon. «Searching for Sugar Man» vann Oscar for beste dokumentar i 2013. «Flukt» vann prisen for beste dokumentar­film då han hadde premiere på den prestisjet­unge Sundance-festivalen tidlegare i år.

Det blir brukt litt ulike animasjons­teknikkar gjennom filmen. Men hovudgrepe­t er ein ganske enkel strek, todimensjo­nale teikningar, «klassisk» teiknefilm, om du vil. Det som løftar uttrykket frå det som kunne vore ein teiknefilm for barn, er historia – og måten historia blir fortalt frå. Animasjona­ne baserer seg på intervjua filmskapar Jonas Poher Rasmussen gjer med Amir. Intervjua er tette, naere, personlege – og vanskelege. Me får med oss tvilen, stotringa, pausane, vendingane. Amirs måte å fortelja på er ganske nedpå – og tek stadig nye og overraskan­de vendingar.

«Flukt» er ein heilt spesiell dokumentar. Og definitivt verdt billetten.

Men pussig nok gjer ikkje teiknefilm­formatet at dokumentar­en virkar mindre truverdig eller autentisk.

 ?? ?? Slik ser 36 år gamle Amin ut som animert hovudperso­n i den brennaktue­lle danske dokumentar­filmen «Flukt».
Slik ser 36 år gamle Amin ut som animert hovudperso­n i den brennaktue­lle danske dokumentar­filmen «Flukt».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway