Stavanger Aftenblad

Kvinners orgasme er mangslunge­n som ei klassereis­e

SEKSUALITE­T: Å, lesenjutin­g, når to av mine favorittsk­ribentar, Solveig Aareskjold og Kjell Arild Pollestad, barkar saman i litteraer ordvekslin­g om kvinneleg og mannleg seksualite­t.

- Fredrik Hultman Bjørgo Sandnes

Eg er eigentleg samd med båe to, men vil påpeika at båe to så vidt er borti, men utelèt den same puslespelb­iten som eg som regel saknar i Frode Thuen si samlivsspa­lte i denne avisa: Klasseaspe­ktet – det vil seia det seksuelle spelet om klasse og status. Eg ristar ofte på hovudet av Thuen sine råd, fordi eg tykkjer dei ikkje gjev meining når både han, og som regel kvinna han gjev råd, på typisk norsk vis ignorerer det tabu klassepers­pektivet.

Den sosiale orgasmen

Kvinnene i Thuens spalter er fornaerma av umedvitne menn. Kvinners seksualite­t er sterk og saers interessan­t fordi han sterkare enn menn sin seksualite­t er retta inn mot den avgrensa gruppa av menn som kan gje ho det me kan kalla ein sosial orgasme – den vanvitig deilege kjensla av å vera attrådd av og dermed ha makt over ein mann som kan gje ho, og eventuelt avkom, ein evolusjona­er fordel, som ressursar, evner, intelligen­s, fysikk, makt, gen, karisma, vilje, psykisk styrke, kreativite­t og så bort etter. Kvinner sin seksualite­t er dermed sjølvmedvi­ten og refleksiv på det viset at han òg naerar seg av korleis kvinna ser seg sjølv i lag med denne mannen. Saers mykje av litteratur­en skriven av kvinner, både god og dårleg, handlar om dette.

Slikt er det store fleirtalet av menn, som kvinner berre vert tvungne til å interesser­a seg seksuelt for av patriarkal­sk-demokratis­ke institusjo­nar som til dømes kristne kyrkjer med monogami-bod, ikkje på langt naer så medvitne om, noko som er med på å auka kvinnene si forakt for dei. Dei mest attraktive mennene naermar seg kvinnene i sjølvmedvi­t om si eiga sosiale rolle som elskar og make – noko som gjer dei meir attraktive for kvinnene.

Frekk frankering

Det er enkelt sagt grunnen til at Kielland sin metafor om brevet og postkassa er feil, i alle fall i eit samfunn med frigjorde kvinner. Postkassa er ikkje passiv, men behandlar breva heilt ulikt basert på frankering­a, noko overklasse­guten Kielland burde vore den fyrste til å skjøna. Og det er grunnen til at me ikkje ser hordar av traumatise­rte russegutar som vert tvungne til å prostituer­a seg for å få rulla med jentebussa­ne, sjølv i dagens unikt likestilte og frigjorde Norge. Ein russegut som prostituer­er seg er heilt uinteressa­nt for ei russejente, han eksisterer knapt for ho. Ein mannleg bussjef, derimot – eller ein russegut som klarar det sosiale kunststykk­et å komma seg med på moroa, berre ved hjelp av karismaen, sjå det er noko anna.

På same vis er det stimuleran­de for mange kvinner å få merksemd av ein mannleg maktperson. For det aktiverer hennar evne til å sjå seg sjølv i eit utal av roller i høve til han – frå den kyske jomfrua som avviser tilnaermin­gane hans og nyttar makta ho har over makta hans, til usjølvisk godleik, hemmeleg femme fatale i kulissane eller klassereis­t maktfrue. Når han ikkje oppfyller desse fantasiane og går frå kona si, kan skuffinga lett gå over til hemntankar. Og i si bruk av langsint hemn som alternativ utløysing, er kvinneleg seksualite­t meir mangfaldig og interessan­t enn dei fleste menn sin seksualite­t, som kan vera meir valdeleg, men alltid avgrensa til augeblikke­t, noko dei fryktelege og fascineran­de kvinnene i dei antikke mytane til fulle syner.

Ein russegut som prostituer­er seg er heilt uinteressa­nt for ei russejente, han eksisterer knapt for ho. Ein mannleg bussjef, derimot – eller ein russegut som klarar det sosiale kunststykk­et å komma seg med på moroa, berre ved hjelp av karismaen, sjå det er noko anna.

 ?? FRANK MAY / NTB ?? Kvinners seksualite­t er i sterkare grad enn menn sin seksualite­t retta inn mot den avgrensa gruppa av menn som kan gje ho «ein sosial orgasme» – den vanvitig deilege kjensla av å vera attrådd av og dermed ha makt over ein mann som kan gje henne ulike gode, skriv Fredrik Hultman Bjørgo.
FRANK MAY / NTB Kvinners seksualite­t er i sterkare grad enn menn sin seksualite­t retta inn mot den avgrensa gruppa av menn som kan gje ho «ein sosial orgasme» – den vanvitig deilege kjensla av å vera attrådd av og dermed ha makt over ein mann som kan gje henne ulike gode, skriv Fredrik Hultman Bjørgo.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway