Stavanger Aftenblad

Det store spriket

KOMMENTAR: Vi må stå saman om å ta «begrensend­e valg», meiner regjeringa­s utval om helseperso­nell. Det er lovleg seint å be om det nå.

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no LES OGSÅ:

Vi må leggja om. Litt over 15 prosent av heile arbeidssto­kken vår jobbar alt i helse og omsorg. Og alle sektorar treng folk. For framover blir det langt fleire eldre, men ikkje fleire i arbeidsfør alder. Talet på eldre over 80 år vil bli nesten tredobla innan 2060, frå 240.000 nå til nesten 720.000.

Vi har alt fleire legar og sjukepleia­rar per tusen innbyggjar­ar enn andre land i Europa. Hos oss har kvinnene gått ut i arbeidsliv­et, dei er ikkje heime og tar seg av dei gamle. Det er ikkje menn heller, dei er framleis i arbeidsliv­et. Vi har også spesialise­rt helsefolka våre veldig. Der du før møtte éin lege, møter du nå tre, med ulik, høg spesialkom­petanse. Vi kan ikkje godt henta fagfolk til helse og omsorg frå land som treng dei meir enn oss, og vi ser frå pandemien at vi må kunna klara oss sjølv, for dei andre reiser heim til sine når krisa rammar. Difor må det bli faerre tilsette per pasient i helsetenes­tene våre, seier regjeringa­s helseperso­nellkommis­jon, som la fram rapporten sin på torsdag.

Reint praktisk

Dei meiner helsefagar­beidarane må bli langt fleire og brukast meir og betre. Sjukepleia­rane må brukast akkurat der dei trengst, legane der dei trengst, og kor dei høgast utdanna spesialist­ane skal bruka kunnskapen sin, må vi kunna peika på med spissen på ein skalpell. Så vi ikkje vasar vekk kompetanse på noko nivå.

Vi kan ikkje ha mange små sjukehus, vi må heller forsterka sjukeheima­ne nokre stader, så ein lege eller to ekstra kan ta seg av litt fleire enn pasientane der. Vi må kunne bu i omsorgsbus­tader før vi er sengeliggj­ande, der nokon alltid har tilsyn og passar på, utan at det ennå treng å vera helseperso­nell. Kanskje ein god vaktmeiste­r. Og vi må flytta inn til kommunesen­teret så vi ikkje bruker opp helseperso­nell si tid på å sitja i bilen, og helsa deira på å jobba i kronglete hus med trapper og tronge bad. Alle fagfolk må kunna jobba både i «hus og hytte» – både på føden og på helsestasj­onen, både på medisinsk og på intensiven. Og kanskje bør ein også slutta med å splitta ansvaret mellom sjukehusa og kommunen, så ikkje pasienten blir skyvd mellom senger, eller flytta frå den eine til den andre og tilbake igjen.

Spriket

Jo, det finst vegar å gå og steinar å snu. Men viss vi skal klara dette, seier også helseperso­nellkommis­jonen, må vi stå saman om å ta slike val, val som avgrensar.

Med «vi» meiner dei alle som er i helse- og omsorgssek­toren. Dei meiner politikara­ne, som må slutta å by over kvarandre, og dei må i alle fall slutta å gi oss som kanskje blir pasientar fleire og fleire rettar, utan å sjekka nøye kor mange ekstra folk det kjem til å krevja hos dei som skal utføra jobben.

Og dei meiner alle som jobbar som legar, fastlegar, sjukepleia­rar, helsefagar­beidarar. Dei som står ved sjukesenge­r, hos sårbare pasientar, heime hos redde og demente gamle, eller med altfor mange psykisk sjuke barn på ventelista. Dei har altfor lenge kjent at det er dei som må strekkja seg over gapet mellom behov hos pasientane, og tid og ressursar dei rår over. Trykket menneskele­g og emosjonelt, ved å stå så naert sårbare menneske, og vera den som kjenner på spriket mellom kva dei treng, og kva du kan klara gi, gjer helseperso­nell sjuke, og kan få dei til å forlata posten sin i det offentlege, og gå.

Det finst ei djup tillitskri­se i helsevesen­et. Det er ikkje lett å stå saman om avgrensand­e val, når ein har mista tilliten til dei ein skal stå saman med. Og jo meir politikara­ne skyv ansvaret nedover, jo større blir den krisa.

Tapet

Både sjukehus og kommunar har skrudd opp alle kranar dei kunne under pandemien. For å gjera det dei skal: Gi nødvendig helsehjelp. Men for sjukehusa har det betydd at dei har tapt pengar, for systemet er sånn at det er planlagde operasjona­r dei tener pengar på. Dei må utsetjast, når koronapasi­entar fyller intensiven. Folka på sjukehusa har gitt alt dei har klart i nesten tre år. Og fordi dei har gjort det, må dei kutta, og springa fortare frå seng til seng.

I tillegg har ein to år på rad bomma – eller lagt seg altfor lågt – på forventa prisvekst i statsbudsj­ettet. Det som eigentleg ikkje ser så verst ut, er eigentleg tunge innsparing­ar. Dei innsparing­ane er det også folk lenger nede i systemet som må ta, anten det er i sjukehusa eller i kommunane. Og det er jo ikkje sånn at influensav­irus og hjarteinfa­rkt og anoreksi tar omsyn til prisvekste­n i samfunnet, og ventar med å ramma folk til det kjem betre tider.

Sånt kan det bli postkode-sprik av. Kor du bur, kan bety mest for kva helsehjelp du får. Eller om du har god nok jobb eller inntekt til å skaffa deg privat helseforsi­kring.

Toppen

Toppen av det offentlege helsevesen­et, som regjering, statsråd, departemen­t og Storting, må byggja nødvendig tillit nedover i rekkene. Viss ein skal ha håp om å klara denne omlegginga.

Då må det bli soleklart at det er dei på toppen som tar ansvaret, prisen og støyten for omlegginga. At dei lyttar, før dei handlar. Fagfolka må få meir tid med pasienten, meiningsfu­lle dagar, høgare lønn, betre turnus, Og ein ledig parkerings­plass å koma til på seine kveldar og altfor tidlege morgonar.

Kommunar og sjukehus må få nok pengar til å kunna gjennomfør­a skiftet, dei kan ikkje starta i minus, med utslitne folk.

Av alle ting kommisjone­n meiner skal til for å letta trykket i helse- og omsorgsten­estene, er dette det aller vanskelega­ste: Tillit nok til dei som styrer, frå dei som står ved pasienten.

Utan den går ikkje dette.

Det er jo ikkje sånn at influensav­irus og hjarteinfa­rkt og anoreksi tar omsyn til prisvekste­n.

 ?? JAVAD PARSA / NTB ?? Helse- og omsorgsmin­ister Ingvild Kjerkol (Ap) tok torsdag imot rapporten om korleis vi best kan letta trykket i helsetenes­tene våre
JAVAD PARSA / NTB Helse- og omsorgsmin­ister Ingvild Kjerkol (Ap) tok torsdag imot rapporten om korleis vi best kan letta trykket i helsetenes­tene våre
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway