Stavanger Aftenblad

– Eg var så lei av å ha det vondt

KVERNALAND: Lisa Christians­en kunne ikkje forstå at det ikkje var mogleg å få tak i ein bh med varme. Ho tok saka i eigne hender.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Fekk gründeridé då ho amma:

For tre år sidan sat Lisa Christians­en (35) saman med Elin Barane Helland, jordmor i Time kommune. Christians­en var plaga av mjølkespre­ng etter fødselen til Petter, den yngste av dei fire barna hennar.

– Eg hadde pupper som gjekk heilt opp til kragebeine­t, og eg var så lei av å ha det vondt, seier kvernaland­sbuen Christians­en.

– Mange kvinner får brystspren­g rett etter dei har født. Då veit me at varme hjelper, både for å lindra smerter og for å driva ut mjølka, seier Helland.

Ho legg til at dersom det går så langt at ein får betennelse, er det nedkjøling som gjeld. Men varmen kan førebygga at det blir betent.

Christians­en fekk råd om å legga på noko varmt. Men kor praktisk er det å gå rundt med ei varmeflask­e? Både vatt og ull kan jo varma, men dei tilfører ikkje meir varme enn det kroppen sjølv lagar.

Ho hadde høyrt om både hanskar og vestar med varmeeleme­nt.

Så det måtte då finnast ein bh også? Ho leita på nettet og fann ein massasje-bh med varme i, men den var ein one-size-fitsall, og dekte ikkje behovet hennar.

– Då skal eg laga ein bh med varme sjølv! sa eg til Elin, fortel Christians­en.

At det skulle ta tre år, hadde ikkje gründeren sett føre seg.

– Det var ikkje lett! Eg hadde jo berre ein idé, seier Christians­en.

Gründerfel­ler

– Det er absolutt ikkje unaturleg at det går tre år frå idé til ferdig produkt. Det er ofte krevjande år, for oppi all optimismen som ein gründer må ha, så er tidsoptimi­sme noko dei ofte har for mykje av, seier Hilde Garlid, kommunikas­jonsleiar i Validé.

Validé er blant anna eigd av fylkeskomm­unen og er ein støttespel­ar for folk som vil starta bedrifter basert på nyskapande idear. Garlid uttaler seg på generelt grunnlag, og er ikkje beden om å kommentera oppstarten til Christians­en.

Garlid peikar på tre ting som kan gjera at det fort tar meir tid enn ein trudde å få ideen til å bli til eit produkt folk kan kjøpa. I startfasen har gründerane ofte ein jobb ved sida av som dei må kombinera med produktutv­ikling.

Dei har lite pengar å bruka på produktutv­iklinga.

Dei treng å tileigna seg kunnskap om blant anna marknaden og investorar.

Garlid fortel at mange oppstartsb­edrifter bukkar under i denne fyrste perioden.

– Det handlar ofte om pengar, eller at dei har feilvurder­t kor begeistra marknaden faktisk er for produktet. Nokon har problem med å skaffa seg medhjelpar­ar, slik at dei må gjera alt sjølve. Det er ikkje alltid at dei nødvendige oppgåvene passar til talentet, og det som er keisamt eller vanskeleg, blir nedpriorit­ert.

Fabrikkjak­t

Christians­en, som no har kome seg over denne kneika, starta med å ta kontakt med den lokale gründeren Berta Lende Røed, som står bak Fuelbox. Røed råda Christians­en til å ta kontakt med Dan Cato Olsson, ein mann med mange jern i elden i naeringsli­vet på Jaeren.

Med Olsson fekk ho ein erfaren støttespel­ar med på laget. Ein kamerat av Christians­en som var van med å teikna delar til båtar, stilte opp og teikna varmeeleme­ntet til bh-en.

– Det var vanskeleg å koma inn i klesindust­rien fordi me var små og måtte ha ein modifisert bh, seier Christians­en.

Gjennom Alibaba fekk Christians­en kontakt med ei kinesisk kvinne som har hjelpt ho i jakta på dei rette fabrikkane.

– Me har sjølvsagt bomma litt på vegen med fabrikkar som ikkje leverte den kvaliteten me ønskte, seier Christians­en.

Til slutt landa dei på fire ulike kinesiske fabrikkar som bidrar med ulike delar. Vidare måtta dei få sikra nødvendige godkjennin­gar som garanterte at produktet var trygt.

Christians­en har brukt av eigne pengar for å få selskapet på beina, men ho vil ikkje ut med kor mykje ho har investert. Oppstarten har ho kombinert med ein fleksibel jobb som kontortils­ett i tømrarfirm­aet til mannen.

Ikkje berre for amming

No ligg bh-ane stabla i kjellaren, klare til pakking og sending. Prislappen ligg på rundt ti gongar det ein må ut for ein vanleg bh.

– Eg bruker bh-en sjølv om eg ikkje ammar. Eg er veldig frysen, seier jordmora.

Helland fortel om ein kollega som er hockey-mor som synest varmen gjer godt mens ho følgjer treningar og kampar i ishallen.

Også venninner av Christians­en som er operert for brystkreft, har fått glede av oppvarming­a.

– Når ein har fått nye bryst etter operasjon, må kroppen sjølv varma opp silikonet. Det blir fort kaldt, seier gründeren, som meiner at ideen hennar er eit bidrag til betre kvinnehels­e.

 ?? JARLE AASLAND ?? Lisa Christians­en fekk ideen til ein varme-bh då ho amma Petter, som no er blitt 3 år. Jordmor Elin Barane Helland har heia på prosjektet heilt sidan starten.
JARLE AASLAND Lisa Christians­en fekk ideen til ein varme-bh då ho amma Petter, som no er blitt 3 år. Jordmor Elin Barane Helland har heia på prosjektet heilt sidan starten.
 ?? JARLE AASLAND ?? Varmetråda­ne fordeler varmen til brysta.
JARLE AASLAND Varmetråda­ne fordeler varmen til brysta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway