Stavanger Aftenblad

Gondolbane i Svandalen? Nei, takk!

TURISME: Å byggja gondolbane i skitrekket i Svandalen vil føra til dei største naturinngr­ep i Saida sidan neddemming­a av Slettdalen og Berdalen på 1950talet.

- Tore Naess Øye Saudasjøen

Eg las nyleg i lokalavisa Ryfylke at kommunen vil satsa meir på klima og miljø, noko eg meiner er eit framifrå tiltak.

Varaordfør­aren ønsker seg debatt, mellom anna om gondolbane i Svandalen. Sidan eg er lokalkjent i området for gondolplan­ane, vil eg koma med nokre synspunkt, med utgangspun­kt i ei konsekvens­utgreiing for området. I høve utarbeidin­g av områdeplan­en for Svandalen med gondol og utviding av området til heilårsdes­tinasjon for turisme, vart det bestilt ei konsekvens­utgreiing for området. Denne blei laga sommaren 2022 av Rådgivende Biologer AS, og er utgjeven nå.

Rapporten er negativ

Rapporten konkludere­r med at den samla konsekvens­en for miljø og naturmangf­ald av ein gondol, er negativ. Det står mellom anna at området Botnane til Botnanuten vil få store miljøskada­r, det same gjeld Djuvsbotno­mrådet.

Oppdraget til biologane skulle berre handla om områdeplan­en for Svandalen og har ikkje gått utanom denne, men ei betydeleg auke av turisme i området vil sjølvsagt også påverka randsona i ei viss grad. Dette har også biologane nemnt i rapporten.

Regjeringa Støre har peika ut dei tre største miljøutfor­dringane i verda. Desse er klimaendri­ngar, tap av natur og forureinin­g. Proposisjo­nen der dette står blei godkjent i statsråd i haust, med kongen til stades.

Nokre veker seinare i desember 2022 samlast representa­ntar frå store delar av jordkloden seg i Montreal i Canada for å drøfta utkast til eit regelverk som kan hjelpa oss å ta betre vare på naturen og det biologiske mangfaldet, FN sitt naturtoppm­øte COP15.

Vil ein hoppa bukk over rapporten?

Deltakaran­e lukkast i ei viss grad med å foreslå regler for bruk av naturen for å bevara mest mogleg av naturen og det biologiske mangfaldet globalt. Førre gong ein prøvde på det same, tok det seks år å greia ut køyreregla­r som seinare har vore delvis praktisert. Denne gongen var vel utsendinga­ne meir samde om å starta straks, då tida fort går frå ein.

Spørsmålet er vel då om politikara­ne vil gå på akkord med konsekvens­analysen? Vil dei gå for bygging av gondol med den utvida infrastruk­tur som er planlagt med formål om heilårsdri­ft? Eller vil dei folkevalde heller halda fram med å støtta skitrekket med den infrastruk­tur slik den er i dag?

I føre var prinsippet, som er nedfelt i forureinin­gslova, naturmangf­aldlova, kulturminn­elova og svaldbardm­iljølova står det at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, skal ein ta gjere tiltak for å unngå slik skade, eller la vere å gjennomfør­e aktivitete­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway