Stavanger Aftenblad

Ønska «overproduk­sjon» i landbruket?

MJØLK: Dårlege nyheiter møter norske bønder ved inngangen til det nye året.

- Stig A. Helgesen Leder, Rogaland Bonde- og Småbrukarl­ag

Mjølkeprod­usentane får redusert forholdsta­let på kvoten si, det vil sei at dei må redusera produksjon­en med 5 prosent i forhold til det dei har kvote på. Samtidig er det meldt redusert pris og auka omsetnings­avgift, slik at ein ender opp med om lag 10 øre pr. liter mindre betalt.

Det meldast også nå om at det er overskot av storfekjøt, og at ein er i ferd med å bygga opp store lager av dette. Dette skal altså skuldast at norske bønder produserer for mykje mjølk og kjøt.

Tilgangen på råstoff frå landbruket inn til matvareind­ustrien vil variera etter årstid og sesong. Dette har me i Noreg bygd opp eit system for å handtera. Bøndene vert trekt ein sum pr. kg eller liter levert vare som seinare kan brukast til å betala for fryselagri­ng og anna. På denne måten betaler norske bønder for at forbrukara­ne skal ha jamn tilgang gjennom heile året, av dei fleste varene. Dette systemet vert kalla marknadsre­guleringso­rdninga.

Bøndene tar kostnadene

Det er altså bøndene sjølv som må betala kostnadene ved eventuell overproduk­sjon. Både gjennom innbetalin­gar av omsetnings­avgift, men også ved at prisane på produkta går ned. For bøndene er overproduk­sjon kanskje det mest destruktiv­e som kan skje for økonomien.

Er det slik at norske bønder akkurat no produserer meir enn det me klarer å konsumera i Norge? Svaret er nei. Både for mjølkeprod­ukt og storfekjøt er importen større enn den overskotsp­roduksjone­n norske bønder no må ta kostnaden for.

Det ligg svaert naert å mistenka at det finst sterke krefter både i verdikjeda for mat og i det politiske miljøet som faktisk ønsker denne konstruert­e og fiktive overproduk­sjonssitua­sjonen. Fordi dette gir dei ekstra argument for å pressa prisane til bonden enda lenger ned.

Effektivt tollvern

Norsk Bonde- og Småbrukarl­ag har vedtatt at me skal arbeida for produksjon­sregulerin­gar i alle produksjon­ar slik at me i størst mogleg grad kan levera dei matvarene norske forbrukara­r treng. På den måten kan me auka sjølvbergi­ngsgraden og styrka matberedsk­apen. Men, føresetnad­en for at produksjon­sregulerin­g skal fungera, er eit effektivt tollvern!

Det er Stortinget som avgjer kva tollvern me skal ha. Og dersom regjeringa ønsker å nå sine eigne målsetning­ar for norsk landbruk, må dei begynna med å styrka tollvernet. Eller er regjeringa også blant dei som er tilfreds med situasjone­n?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway