Stavanger Aftenblad

«Suldal» var både isbrytar og rutebåt

GAMLE DAGER: Termometer­et viste eit par plussgrade­r og dermed var også humøret stigande på Nesflaten i øvre enden av Suldalsvat­net. Var den verste vinteren over? Kunne mannskapet på dampbåten «Suldal» endeleg pusta ut etter ein tøff isvinter. Ikkje godt å

- Jone Laugaland

Den trufaste damparen hadde gått dag og natt for å halda råka oppe. Aftenblade­t hadde sjølvsagt også fått melding om isvanskane og sende sin eigen fotografer­ande journalist, Johan Lundbø til Suldal. Reportasje­n hans sto på fyrstesida i avisa mandag 28. februar 1938, for 85 år sidan i dag.

– Ansiktene på bryggen på Nesflaten var helst fjåge da «Suldal» med skipper Josef Fisketjøns sikre hånd på rattet la inntil, står det i avisa.

Natt og dag

Den 53 år gamle rutebåten hadde ingen overflod korkje av tyngde eller maskinkraf­t til å kjempa mot isen. Viss dei låg roleg ein av desse vinterdaga­ne, ville det vera trygt å gå på den nye isen over råka neste morgon, fortalde Fisketjøn.

Dersom dampbåten måtte gi opp i isen, ville innbyggjar­ane langs vatnet vera isolert. Det ville vera uhyggeleg å tenkja på at folk kunne komma til å liggja heime og døy fordi vatnet var uframkomme­leg og «distriktsl­aegen» ikkje kunne komma fram. Derfor krevde doktoren at «Suldal» måtte gå dag og natt og halda åpen råk.

Det var på høg tid å byggja veg langs vatnet, konkludert­e journalist Lundbø i sin reportasje i 1938. 40 år seinare var vegen ein realitet.

Digitalise­rt

Alle bilda frå journalist og fotograf Johan Lundbø sine mange år i Aftenblade­t vil nå bli tilgjengel­ege for alle som måtte vera interesser­te. Dei er nå digitalise­rte og overlevert til Byarkivet i Stavanger. Tidlegare fotograf i Aftenblade­t, Egil Eriksson, fekk i si tid overlevert filmane av Johan Lundbø som frykta at dette fotomateri­ale skulle komma vekk etter hans tid. Lundbø døydde i 1991, 85 år gammal.

I fjor fekk Egil Eriksson kontakt med Terje Bråtveit på Sand. Bråtveit er svaert interesser­t i lokalhisto­rie og medlem i Suldal sogelag. Han disponerer godt utstyrt til å digitalise­re gammal svart-kvitt film.

 ?? JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T ?? Godt med folk på bryggja på Nesflaten.
JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T Godt med folk på bryggja på Nesflaten.
 ?? JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T ?? Kaptein Josef Fisketjøn i styrehuset.
JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T Kaptein Josef Fisketjøn i styrehuset.
 ?? JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T ?? «Suldal» på veg inn til bryggja på Nesflaten.
JOHAN LUNDBØ/AFTENBLADE­T «Suldal» på veg inn til bryggja på Nesflaten.
 ?? ?? Aftenblade­t for 85 år sidan.
Aftenblade­t for 85 år sidan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway