Stavanger Aftenblad

Undertrykk­ing av tru i fem år

KRONIKK: Fem år med sprenging av kyrkjer, riving av krossar og fengsling av pastorar viser oss utviklinga av det kinesiske tyranniet.

- Johannes Morken Redaktør, Stefanusal­liansen

Den modige pastoren Wang Yi forstod tidleg kva Kina var i ferd med å bli under Xi Jinping. Wang Yi sa tydeleg ifrå og blei erklaert som fiende av Xi: Han sonar ein dom på ni år for «å ha oppmoda til undergravi­ng» av regimet.

Wang Yi leia kyrkja Early Rain i storbyen Chengdu, ei av fleire store, uregistrer­te kyrkjer som blei tolererte av dei to forgjengar­ane til Xi Jinping. Men Xi såg veksten som ein trussel. For fem år sidan tok han i bruk lovverk, bulldosara­r og dynamitt.

I januar 2018 blei den store kyrkja Golden Lampstand i Shanxi-provinsen jamna med jorda. Ein video av støvskyene gjekk verda over. Det var eit brutalt teikn. Den 1. februar 2018 stramma Xi Jinping til religionsl­ova. Utover året vart fleire av dei store, uregistrer­te kyrkjene stengde – dei ville ikkje innordna seg i den statsgodkj­ende kyrkja.

Protest

Etter at den store, uregistrer­te Zion-kyrkja i Beijing blei stengt i september 2018, visste nok Wang Yi at turen ville koma også til han. I ei preike i oktober sa pastoren at regimet hadde erklaert «krig mot sjela» – i Xinjiang-provinsen, der dei hovudsakle­g muslimske uigurane vert forfølgde, i Tibet og over heile Kina. Men pastoren la til at «fienden aldri vil kapitulera».

I eit manifest skulda han kommunistp­artiet for å gitt Xi status som ein romersk keisar eller egyptisk farao som Kina skulle tilbe. Ein slik ideologi lèt seg ikkje «sameina med kristen tru og […] tankefrido­m». Wang Yi godtok regimet, men fordømde forfølging­a av kyrkja. Han erklaerte sivil ulydnad.

Den 9. desember 2018 kom razziaen og arrestasjo­nane. Kyrkja i Chengdu blei stengt. Pastor Wang Yi har vore bura inne sidan. Kyrkjefolk­et møtest i mindre grupper – og opplever nye razziaer. Dei to siste åra er minst 24 pastorar og andre leiarar i uregistrer­te kyrkjer arresterte, minst 17 sit framleis internert. Dei er skulda for «svindel» fordi dei som «ulovlege» kyrkjer tek imot gåver frå folk i kyrkjelyde­n. Familiar er blitt fortalde at dei arresterte er eit «trugsmål mot den nasjonale tryggleike­n», skriv nettmagasi­net Bitter Winter.

Riv ned krossar

Også den godkjende, registrert­e Tre sjølvkyrkj­a er under veksande press. I 2017 starta ein kampanje for å gjera all religion kinesisk – «sinifiseri­ng». Tusenvis av krossar er rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Mange kyrkjer er tvinga til å henga opp portrett av Xi. Også Tre sjølv-kyrkjer er jamna med jorda. Forbodet mot at barn og unge under 18 går i kyrkja eller moskeen, vert handheva. Kyrkjene er blitt meir forsiktige, men mange prøver å driva barneog ungdomsarb­eid i andre lokale. Dei gir ikkje opp evangeliet og les framleis Bibelen i filler.

I desember 2021 leia Xi Jinping sjølv ein nasjonal konferanse om religiøse saker. Ifølgje Bitter Winter stilte Xi ni krav til religiøse leiarar – dei skal visa lojalitet til partiet, studera Karl Marx sine tekstar om religion og Kommunistp­artiet si laere. Kravet er at dei skal «samla kristne truande rundt Kinas kommunistp­arti». I motsett fall blir dei straffa. Krava skulle innførast straks.

I mars 2022 stramma Kina kraftig til på religiøs aktivitet på internett. Tre sjølvkyrkj­a fekk dessutan nye direktiv. Religiøse leiarar skal «elska partiet, elska landet og elska sosialisme­n». Kommunistp­artiet vil gjera alt som må til for å «styrkja den ideologisk­e og politiske rettleiing­a av religiøse sirklar» og «guida det religiøse samfunnet til å støtta leiarskape­n i Kinas kommunistp­arti og det sosialisti­ske systemet».

Kinesisk tyranni

Forfølging­a av religion under Xi er den verste sidan kulturrevo­lusjonen, som tok slutt i 1976. «Tibetanara­ne og uigurane har lenge vore sett på som ein nasjonal trussel på grunn av territoria­le spørsmål. Men eg trudde aldri kommunistp­artiet ville utpeika kristendom­men som nasjonal tryggingst­russel», seier Bob Fu i organisasj­onen China Aid. Han er intervjua av Kinaaktivi­sten Benedict Rogers i den ferske boka «The China Nexus». Xi Jinping jaktar full kontroll, men det er sjølvsagt ein illusjon, det har koronaviru­set vist. Xi er redd ideologi som han fryktar sakte vil undergrava Kommunistp­artiet og det sekulaere verdsbilet­et.

Partitoppa­ne i Beijing fekk panikk då dei oppdaga at mange partimedle­mmer hadde byrja å gå i kyrkjer. I 2019 lanserte Xi ein kampanje for å reinsa Kommunistp­artiet, skriv den tidlegare australske statsminis­teren Kevin Rudd i tidsskrift­et Foreign Affairs. Ifølgje eit offisielt dokument skulle alle medlemmer «få teoretisk laerdom og bli døypte i ideologi og politikk».

«Målet til Xi er å transforme­ra det kinesiske kommunistp­artiet til ei høgkyrkje for ei revitalise­rt, sekulaer tru», skriv Rudd.

Naive

Den modige pastoren Wang Yi sa noko liknande før han blei fengsla i desember 2018. Han la til: «Men krigen mot sjela kan Xi ikkje vinna.» Kyrkja overlever, slik den overlevde Maos tyranni. Vi skal like fullt stå opp for dei. Norske styresmakt­er og bedrifter har diverre vore naive i møte med Kina. Xi Jinping driv krig mot trua i sitt eige land og økonomisk krig mot resten av verda. Fridom frå tyranniet må vera viktigare enn frihandel.

Norske styresmakt­er og bedrifter har diverre vore naive i møte med Kina.

 ?? JASON LEE, REUTERS/NTB ?? Om religiøse leiarar i Kina ikkje ««elskar partiet, elskar landet og elskar sosialisme­n», kan kyrkjene og moskeane deira bli stengde eller jamna med jorda.
JASON LEE, REUTERS/NTB Om religiøse leiarar i Kina ikkje ««elskar partiet, elskar landet og elskar sosialisme­n», kan kyrkjene og moskeane deira bli stengde eller jamna med jorda.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway