Stavanger Aftenblad

Rom for fleire syn om Ukraina

KRIG: Debattklim­aet har hardna etter den russiske invasjonen av Ukraina.

- Leiv Olsen Stavanger

Dominerand­e medium hevdar at enten kjempar ein for fullstendi­g seier for Ukraina, inntil Krim er gjenerobra, og der Ukraina får dei våpena dei ber om – eller så opptrer ein som støttespel­ar for Putin. Andre meiningar blir ikkje tolte.

Det finst nokre få som meiner at USA og Nato har skulda for det russiske angrepet. Dei er ikkje mange.

Auka spenninga

Men me er mange som kritiserte innringing­a av Russland som USA med Nato dreiv fram i åra etter Berlinmure­ns fall, og som meiner at denne kritikken står seg godt. USA fekk allierte og basar naermare og naermare dei russiske grensene. Det toppa seg med kravet om at Ukraina, med Krim skulle inn i Nato. Ein blind kunne sjå at denne politikken måtte oppfattast som farleg og utoleleg, sett med russiske auge. Men alle motføresti­llingar blei avfeia. Resultatet var at spenninga auka.

Dette unnskylder ikkje det russiske angrepet på Ukraina. Men det var å leika med elden.

Det er fullt mogleg å fordøma det russiske angrepet, gi Ukraina støtte til å stå imot, og samtidig kritisera politikken USA og Nato førte før angrepet. Støtte til Ukraina treng ikkje innebera våpenstøtt­e, og i alle fall ikkje at me gir dei alt dei ber om – det fyrste dei bad om, var at Nato skulle skyta ned russiske fly. Med andre ord: Starta tredje verdskrig.

Tilmed USA har vore tilbakehal­dne med å levera tanks, og har til no ikkje vore villig til å levera jagarfly.

Til kva pris?

Det er fullt mogleg å støtta Ukraina og samtidig støtta FNs arbeid for ei forhandlin­gsløysing. Likevel blir dette stempla som umoralsk. Men kravet om at alle skal gå i takt, er farleg. Skal krigen kjempast til Krim er gjenerobra, Russland er varig svekka og det russiske samfunnet ligg i ruinar? Er dette oppnåeleg, og i så fall: Til kva pris? Ingen har oversikt over konsekvens­ane av ein slik politikk.

Rand Corporatio­n, oppretta for å gi vitskapleg­e råd til USAs forsvar, trur ikkje Ukraina kan vinna tilbake grensene frå 2014. Mange norske ekspertar, som Tormod Heier, Sverre Lodgaard, Julie Wilhelmsen og Cecilie Hellestvei­t, trur ikkje det finst noka militaer løysing; ein eventuell militaer seier kan bare tenkast etter mange års krig. Kva vil Vesten i Ukraina? spør Lodgaard, og finn ingen svar.

I denne situasjone­n er det siste me treng eit krav om at alle skal tenka likt og alle gå i takt. Det kan bety å styrta verda utfor stupet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway