Stavanger Aftenblad

Finnbiffen

DRØSET: Ei tøff veke var over. Ei tøff veke stod for tur.

-

– Dei har det jo fint her ute på landet. Eg ser jo det, sa Graah Støre og myste ut over dei snøkledde markene. Det knirka kaldt i snøen, innlandsku­lda hadde festa seg solid i landskapet. Her var ikkje antydninga­r til vår eller varme sjølv om sola skein frå blå himmel.

– Ja, det er det godt å koma seg ut på landet etter ei veke inne i byen, sa Slagsmål Vedum og myste utover markene, han med.

Så stod dei der og speida.

Her var ikkje ei vindmølle å sjå. Ikkje eit reinsdyr. Ikkje ein same.

Graah Støre hadde tatt på seg den blå mariusgens­eren over den lyseblå skjorta. Han køyrde same antrekk som på budsjettko­nferansen i fjor, det hadde fungert fint. Men nå kjende han at det blei for kaldt. Temperatur­en hadde gått ned på Klaekken i år. Så snart den tradisjone­lle fotoseanse­n med regjeringa i ulike grader av strikketøy var over, skulle han sanneleg få på seg den blå boblejakka igjen.

– Frys du ikkje? sa Graah til Slagsmål. Han hadde lyst til å spørja – spøkefullt – om Slagsmål ikkje hadde fått memoet om strikkegen­ser. Helst med mønster. Slagsmål hadde nemleg på seg ein heilt vanleg mørkeblå genser – med open glidelås i halsen. Det såg kaldt ut. I tillegg braut det med det nøkterne strieskjor­te og havrelefse-temaet for årets første budsjettko­nferanse, symboliser­t gjennom strikkegen­serar.

Her var ikkje ei vindmølle å sjå. Ikkje eit reinsdyr. Ikkje ein same.

Men det var ei tid for alt. Og no var ikkje tida for å prøva å vera morosam.

– Nei, eg har vore ute ein vinterdag før, eg, svarte Slagsmål – og lo hjarteleg av sin eigen spøk.

Graah angra på at han var så skikkeleg. Han måtte prøva å losna litt opp, sjølv når det butta imot. Bli litt ledigare, ikkje vera så redd for å seia noko feil. Han kunne vera morosam, han visste det godt. Men så blei det alltid så mykje alvor, alltid så mykje kjeft. Alltid nokon som reagerte eller tolka alt i verste meining.

– Trur du dei serverer finnbiff til middag, sa Graah og nikka smilande i retning hotellet.

– Det må du for all del ikkje spøka med på pressekonf­eransen, kom det kontant frå Slagsmål.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway