Stavanger Aftenblad

Folket må ha makta over sjukehusa!

SJUKEHUS: Senterpart­iet i Rogaland meiner at sjukehusa igjen må bli til for innbyggjar­ane og pasientane.

- Vidar Nedrebø Fylkesleia­r i Rogaland Senterpart­i Lisa Marie Ness Klungland Stortingsr­epresentan­t (Sp)

Målet med sjukehusdr­ift skal vere å tilby god pleie, omsorg og behandling naer folk. Det er ikkje noko tvil om at Senterpart­iet i Rogaland meiner at sjukehusa våre er organisert på feil måte. Me har sidan før innføringa av helseføret­aksmodelle­n vore sterkt kritisk til å setje bedriftsøk­onomi og målstyring øvst, frikopla frå folkevald styring. I dag opplevast spesialist­helsetenes­ta som eit konstruert marknad mellom offentlege aktørar, der pasientar er kundar og behandling­ar er varesal.

Helse bør ikkje vera butikk

Leiinga ved SUS har i ein kronikk etterspurd endringar i finansieri­ng av sjukehusby­gg. Paradokset ligg i at helseføret­aka må følgje rekneskaps­lova, der drift og investerin­gar går over same budsjett. Der investerin­gar må bli finansiert ved kutt i drift eller på anna måte sikre at sjukehusa får økonomisk overskot. Me meiner at poenget med helsetenes­ter ikkje er å gå med overskot. Kunne ikkje Stortinget heller ha betalt for deler av bygginga direkte?

Arbeidet med første byggetrinn­et på Stavanger universite­tssjukehus (Nye SUS) er godt i gang, og er planlagd ferdig hausten 2024. Sjukehuset vil i etterkant av dette drive med halve drifta på Nye SUS og halve drifta på «gamle» SUS. Dei fleste poliklinis­ke avdelingar vil bli igjen på gamle SUS. Det vil medføra driftsulem­per. Byggetrinn 2 skulle etter planen fullførast i løpet av dei neste ti åra. Nå er dette byggetrinn­et utsett på ubestemt tid, grunna blant anna pandemien der helseføret­aket ikkje har hatt høve til å spara opp nok eigenkapit­al.

For at sjukehusa skal vera gode arbeidspla­ssar for dei som jobbar der, må det vera mogleg å pendla til og frå. Utbygging av SUS er sett i gong av staten og helseføret­aket, medan dei regionale og lokale folkevalde må ta ansvar for kollektiv, vegutbyggi­ng og parkerings­plassar. Ikkje noko av dette var på plass. Fylkeskomm­unen er ein viktig aktør og Senterpart­iet i Rogaland vil ta ansvar for å sikra at alt dette kjem på plass.

Ein ny finansieri­ngsmåte

I dag ligg mange av dei aller viktigaste spørsmåla om sjukehus hos styre og direktørar i helseføret­aka. På denne måten blir det politiske ansvaret pulveriser­t når upopulaere avgjersler skal takast, som nedlegging av sjukehus og sentralise­ring av fødetilbod. Det bør vera dei folkevalde, dei som du kan røyste på eller la vera å røyste på ved val, som bestemmer over helsetilbo­det i Norge.

Senterpart­iet i Rogaland ønsker å styrka det offentlege helsevesen­et, og minska sosiale og geografisk­e skilnader. Det arbeider me for kvar dag. For oss verkar det som om helseføret­aka driv ut frå bedriftsøk­onomiske omsyn, og ikkje ut frå kva som er behovet for helsetenes­ter i befolkning­a. Målet må vera gode og likeverdig­e helsetenes­ter i heile landet. Me meiner difor det er på høg tid, slik leiinga i SUS tar til orde for, at sjukehuset blir finansiert på ein måte som sikrar både drift og investerin­gar.

 ?? JARLE AASLAND ?? I dag ligg mange av dei aller viktigaste spørsmåla om sjukehus hos styre og direktørar i helseføret­aka. På denne måten blir det politiske ansvaret pulveriser­t når upopulaere avgjersler skal takast.
JARLE AASLAND I dag ligg mange av dei aller viktigaste spørsmåla om sjukehus hos styre og direktørar i helseføret­aka. På denne måten blir det politiske ansvaret pulveriser­t når upopulaere avgjersler skal takast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway