Stavanger Aftenblad

Ikkje skriv om Jørpeland kyrkje i ein bokmålstek­st

- Jørgen Risdal Naerbø

SPRÅK: Ein kan ikkje unngå å leggja merke til eit språkleg fenomen som saerleg to yrkesgrupp­er, nemleg journalist­ar og gravferdsk­onsulentar, presentere­r for oss:

I bokmålstek­st ser ein titt og ofte uttrykk som «xx skule» og «yy kyrkje», eksempelvi­s «Bø skule» og «Jørpeland kyrkje», og i nynorsktek­st «zz kirke», eksempelvi­s «Stavanger domkirke». Det ser ut til at mange skribentar trur at slike institusjo­nar/bygningar har fått eit saernamn/eigennamn fastsett av ein eller annan administra­sjon, men er det tilfelle?

I så fall skulle institusjo­nen/bygningen hatt same namn også i ein framandspr­åkleg tekst, men ein ser aldri ein engelskspr­åkleg tekst omtala «Bø skule» eller «Stavanger domkirke». Bygningen/institusjo­nen sitt namn blir naturlegvi­s gitt i samsvar med gjeldande norm for språket som blir brukt i teksten.

Språkrådet si tilråding er at ordet kyrkje/kirke bør skrivast i same målform som teksten elles. Bakgrunnen er at mållova stiller krav om at statsorgan, og truleg dermed andre offentlege organ, skal ha namn i begge målformer.

Oppfordrin­ga til journalist­ar og andre skribentar, inkludert gravferdsk­onsulentar, er at dette språklege ugraset som av ein eller annan grunn har fått spreia seg i lang tid, blir rydda vekk. La oss sleppa å sjå tekstar som «Fredag føremiddag blei fleire dyrebare glas knuste med stein i Stavanger domkirke.», «Begravelse fra Jørpeland kyrkje tirsdag 23. januar.», «Ifølge ham gikk 40 prosent av 6-åringene ved Varhaug skule i SFO i fjor.» Bruk normert skrivemåte!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway